100 millionar til nyskaping og innovasjon i Vestland

Hovudutval for næring har fordelt midlar til Siva og Innovasjon Norge Vestland for 2026. – Dette handlar om meir enn pengar, det handlar om å skape aktivitet og nye moglegheiter i heile Vestland, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.

foto av sogndal sentrum
SYSSELSETTING OG NYSKAPING: Målet med midlane er å mobilisere verksemder til innovasjon og bidra til verdiskaping, sysselsetjing og nyskaping i regionane. Illustrasjonsfoto: Sogndal, med Stedjebrua over Dalaelva. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Størstedelen av midlane, 99 230 000 kroner, er løyvd til Vestland fylkeskommune over statsbudsjettet.

– Vi brukar verkemidla målretta for å utløyse innovasjon, nye bedrifter og fleire arbeidsplassar, også i distrikta, der marknaden åleine ikkje får det til. Slik bidreg vi til større verdiskaping og sterkare lokalsamfunn over heile fylket, seier Handegard.

For 2026 skal midlane òg bidra til å styrkje verksemdene si grøne konkurransekraft.

– Med auka satsing på grøn konkurransekraft gir vi distriktsverksemder betre moglegheiter til å utvikle nye, miljøvenlege løysingar, seier Handegard.

Forsvar og beredskap

Då oppdragsbrevet til Innovasjon Norge Vestland vart handsama i hovudutval for næring onsdag denne veka, vedtok politikarane eit tillegg om at Vestlandet si viktige rolle i oppbygging av forsvar og beredskap må innarbeidast i oppdragsbrevet.

Siva: næringshagar og inkubatorar som byggjer kapasitet lokalt

Løyvinga til Siva (Selskapet for industrivekst) er på 34 200 000 kroner i 2026. Siva gjennomfører næringshage- og inkubasjonsprogram på oppdrag frå fylkeskommunane. Næringshagar og inkubatorar er viktige miljø som hjelper bedrifter med kompetanse, nettverk, utvikling og kommersialisering. I Vestland blir midlane fordelte på fleire lokale og regionale innovasjonsmiljø i heile fylket.

Midlane vert fordelte slik:

  • Aksello: 2 300 000 kr
  • Atheno: 4 800 000 kr
  • Industriutvikling Vest: 4 200 000 kr
  • Kunnskapsparken Vestland: 4 200 000 kr
  • VIS: 7 000 000 kr
  • Startuplab avdeling Vestland: 3 100 000 kr
  • Hardanger og Voss Næringshage: 3 600 000 kr
  • Klar Bedrift: 2 900 000 kr
  • Mogleg (tidl. Stryn næringshage): 2 900 000 kr

Innovasjon Norge: mest til bedriftene i distrikta

Løyvinga til Innovasjon Norge Vestland på 67 381 000 kroner i 2026 blir brukt til både nettverk og tenester som hjelper bedrifter frå tidlegfase til vekst. Den største delen går til bedriftsretta låne- og tilskotsordningar i distrikta. 

 

For meir informasjon, sjå følgjande saker i hovudutval for næring 11. februar 2026:

PS 1/2026 Middel til innovasjon og verdiskaping i distrikta: Fordeling mellom Innovasjon Norge Vestland og Siva

PS 2/2026: Oppdragsbrev Siva

PS/2 2026 Oppdragsbrev Innovasjon Norge Vestland 2026