Vil ta 39 år å sikra alle tunellar

Blir ikkje ferdig i tide, ber om utsett frist for tunelloppgradering.

Smal veg som fører inn i ein tunell. Eit blått skilt med kvit skrift står utanfor tunellen der det står Høydalstunnelen lengde 530 meter. Rundt tunellen er det skog. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune
OPPGRADERING: Høydalstunnelen i Alver kommune er ein av 42 tuneller som treng oppgradering. No ber fylkeskommunen om utsett frist. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

I Vestland fylkeskommune skal 85 tunnelar oppgraderast etter tunnelsikkerheitsforskrifta. 43 tunellar er ferdig utbetra, medan 42 står att (sjå lista lenger ned i saken). Kostnaden for dei attståande tunellane er rekna til over 5 milliardar kroner. 

Fylkeskommunen fekk i 2025 139,1 millionar kroner til arbeidet. Med same ramme kvart år vil det ta minst 39 år å fullføre arbeidet.

— Den reelle kostnadene er truleg ein god del høgare enn dei 5 milliardane. Det er heller ikkje mogleg å bli ferdig innan 2040 sjølv med utsett frist, dersom ikkje finansieringa aukar, seier direktør i Vestland fylkeskommune, Dina Lefdal.

Omfattande og kostnadskrevjande

Vestland fylkeskommune støttar Vegdirektoratet sitt forslag om å utsette fristen for å oppgradere fylkesvegtunnelar etter tunnelsikkerheitsforskrifta til 1. januar 2040.

Arbeidet med tunelloppgradering har vist seg å vere meir omfattande og kostnadskrevjande enn føresett, mellom anna på grunn av krav til trafikkavvikling, samordning med anna vedlikehald og auka krav til tryggleik og risikoanalyse.

— Om vi skulle få auka rammer er det viktig at dei ikkje går ut over andre nødvendige tiltak, som skredsikring og vedlikehald på fylkesvegane, seier Lefdal.

Vestland fylkeskommune har 274 tunellar på fylkesvegnettet, i tillegg kjem riks- og europavegtunellar, som gjer at fylket har flest tunnelar i Noreg.

Liste over tunellar som treng oppgradering 

Kommune Tunell (-tunellen) Lengde Trafikkmengde
Bjørnafjorden, fv. 48 Kråkeskar 529 1900
Bjørnafjorden, fv. 48 Moshovda 1423 1900
Ullensvaang og Kvinnherad, fv. 49 Folgefonn 11150 1400
Samnanger, fv. 49 Fossenbratte 665 2500
Aurland, fv. 50 Vassbygd (pågår) 1058 550
Aurland, fv. 50  Haga 690 300
Aurland, fv. 50  Lange 2 1350 300
Aurland, fv. 50 Stondal 2240 300
Aurland, fv. 50  Berdal 4270 300
Aurland, fv. 50  Nesbø 2510 300
Aurland,fv. 50  Botna 904 300
Årdal, fv. 53 Finnsås 2412 1000
Årdal, fv. 53 Steiggje 1150 2400
Årdal, fv. 53 Kolnos 658 1000
Årdal, fv. 53 Timreskred 1011 1000
Alver. fv. 57 Espeland 809 6300
Kvinnherad, fv. 500  Fureberg 738  900 
Bergen, fv. 540  Løvstakken  2043 11300
Kvinnherad, fv. 549  Stussvikstova 1217  500 
Ullensvang, fv. 550  Eitrheim 1687  1000 
Ullensvang, fv. 550  Jona 870  550 
Ullensvang, fv. 550  Aga 624  700
Bergen, fv. 562 Olsvik 1075 20500 
Askøy, fv. 562   Stongafjell  696 14900 
Osterøy, fv. 566  Tirås (pågår) 2017  4600 
Osterøy, fv. 567  Lonevåg 964  1700 
Modalen, fv. 567  Mostraumen 750  300 
Modalen, fv. 569  Modal 3500  350 
Vaksdal, fv. 569  Eikjeto 638  400 
Vaksdal, fv. 569  Høgaberg 633   400
Vaksdal, fv. 569  Hesjedals 687   400
Modalen, fv. 569  Fugleberg 2100  300 
Alver, fv. 569  Høydals 530  300 
Modalen, fv. 569  Slottsporten 950  300 
Gulen, fv. 602  Instefjord 538 400
Gulen, fv. 602 Hauglands 838 400
Kinn og Bremanger, fv. 614 Magnhildskar 2897 700
Bremanger, fv. 614 Ise 1740 300
Gloppen, fv. 615 Eikenes 1010 400
Gloppen, fv. 615 Fløga 1408 400
Kinn, fv. 617 Skåra 664 2100
Vik, fv. 5602 Feios 772 400
Årdal, fv. 5633 Seimsdals (ferdig) 1515 1000
Bremanger, fv. 5710 Sande 632 750