Vil få 15 000 fleire i jobb – Vestland tar grep mot utanforskap

Vestland fylkeskommune, Nav, NHO, LO og KS går saman om å få fleire i Vestland ut i jobb. Samarbeidsprosjektet «Inkludering i Vest» skal løfte fram og dele tiltak som verkar.

foto av personar som står i ei trapp
SAMLA TIL KICKOFF: Styringsgruppa til Inkludering i Vest saman med arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng. Frå venstre: Marit Mellingen, direktør i Distriktssenteret, Atle Rasmussen, regionleiar LO Vestland, arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng, Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør Nav Vestland, fylkesordførar Jon Askeland, Helene Frihammer, regiondirektør NHO, Jon Harald Kaspersen, konserndirektør Helse og samfunn, NORCE, Frode Kyrkjebø, dagleg leiar for KS Vestland, fylkesvaraordførar Stian Davies og Bård Sandal, direktør næring plan og innovasjon, Vestland fylkeskommune. Per Morten Ekerhovd, direktør kultur og folkehelse og Bjørn Lyngedal, direktør opplæring og kompetanse, Vestland fylkeskommune er og i styringsgruppa, men var ikkje til stades då biletet vart teke. (Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune)

– For å møte behovet for arbeidskraft i åra framover treng vi alle i jobb – både i by og i distrikt. Utanforskap er ei av dei største samfunnsutfordringane, både for enkeltmenneske og for Vestland som fylke. Med dette prosjektet vil vi samle kreftene og finne løysingar som varer. Vi skal gjere meir av det som verkar, samarbeide tettare og dele dei gode løysingane, seier fylkesordførar Jon Askeland om satsinga. 

«Inkludering i Vest» tek utgangspunkt i eit nasjonalt utfordringsbilete med demografiske endringar, og det at fleire og fleire står utanfor arbeidslivet. Det overordna målet er å auke sysselsetjinga blant grupper som ikkje deltek i arbeidslivet, og å førebyggje utanforskap.  

foto av person på scene som held innlegg
MANGE KAN OG VIL JOBBE: – 100 000 unge under 30 år står utanfor utdanning, aktivitet eller jobb. Mange av dei både kan og vil jobbe. Det er vår felles jobb å ta dei ressursane i bruk, og det er nettopp det de gjer, ved å samle kreftene her i Vest, sa arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng under kickoff for Inkludering i Vest. (Foto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommune)

– Vår største formue er folka våre 

Prosjektet vart offisielt lansert på Vestlandshuset i dag, med arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng og sentrale aktørar innan arbeidsinkludering til stades. Her vart det presentert både statistikk over utviklinga i utanforskap og ei kartlegging av aktørar og ulike tiltak i fylket.

Sjå kickoff for Inkludering i Vest 3. november 2025 i opptak 

– Vår største formue er folka våre, og arbeidskrafta vår. Vi har grunn til å vere litt bekymra, for vi står foran nokre store utfordringar. Vi manglar folk og arbeidskraft i mange sektorar. Vi blir færre i yrkesaktiv alder, og fleire eldre. Det er eit paradoks at når vi skrik etter arbeidskraft, står 630 000 utanfor utdanning, aktivitet eller jobb. 100 000 av dei er unge under 30 år. Mange av dei både kan og vil jobbe. Det er vår felles jobb å ta dei ressursane i bruk, og det er nettopp det de gjer her, å samle kreftene som kjem til å gi resultat, sa arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng i sin opningstale.

Skal jobbe meir kunnskapsbasert 

Prosjektet blir drive i tett samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Nav, NHO, LO og KS, og vil også knytast til regjeringa sitt samfunnsoppdrag Ingen barn og unge utanfor

Hovudmålet er å identifisere og løfte fram lovande praksisar frå heile fylket. Forskingsinstituttet NORCE skal dokumentere og evaluere tiltak, slik at dei beste praksisane kan bli del av varig drift og bli tekne i bruk i større delar av fylket. 

– Vi veit mykje om kva som verkar, og vår forventning til prosjektet er at det skal bidra til at vi jobbar meir kunnskapsbasert i heile Vestland. Spesielt innanfor området flyktningar og innvandrarar ser vi at kommunane jobbar svært ulikt – her ligg det mykje skjult kompetanse som vi må få fram. Det gjer det også blant unge, og arbeidslivet i Vestland har ikkje råd til å miste ein einaste ungdom, seier Bjarte Hysing Olsen, fylkesdirektør i NAV Vestland.

Til foto frå kick-off i Vestlandshuset 3. november

Viktig satsing for næringslivet i Vestland

– Over 60 prosent av verksemdene i Vestland slit med å få tak i nok tilsette med rett kompetanse. For næringslivet er det avgjerande at vi klarar å inkludere fleire i arbeidslivet. Det at vi no har ei oversikt over tiltak som verkar, og styrkjer desse, gjer at næringsliv og kommunar saman kan ta grep for å redusere utanforskap. Dette vil gi fleire enkeltpersonar ein sjanse i arbeidslivet, i tillegg til å styrkje næringslivet i regionen, seier Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland. 

  • Hovudmålet med prosjektet er å få fleire ut i jobb og å førebyggje utanforskap.
  • Prosjektet skal løfte fram gode tiltak som verkar, slik at fleire kan ta dei i bruk.  
  • Målet er 15 000 fleire sysselsette i fylket dei neste fem åra, frå dei målgruppene (20-64 år) som i dag har låg yrkesdeltaking.   
  • Omfattar ungdom utanfor arbeid og utdanning, personar med funksjonsnedsetjing, arbeidsledige med låg utdanning, eldre som står i fare for å falle ut av arbeidslivet, og personar med flyktningbakgrunn.
  • Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Nav, NHO, LO og KS.
  • Forskingsinstituttet NORCE skal bidra til å dokumentere og evaluere tiltak, slik at dei beste praksisane kan bli del av varig drift.