Vil auke leselysta blant barn i heile fylket
Vestland fylkeskommune fordeler 885 000 kroner til alle kommunane i fylket for å styrke samarbeidet mellom barnehagar og bibliotek. Målet er å gi dei yngste betre tilgang på litteratur.

Saka oppsummert
Vestland fylkeskommune fordeler 885 000 kroner til alle kommunane i fylket for å styrke samarbeidet mellom barnehagar og bibliotek. Målet er å auke leselyst og lesekompetanse hos barn i barnehagealder.
Midlane kjem frå Nasjonalbiblioteket, og dei minste kommunane får eit ekstra løft med minstebeløp finansiert av fylkeskommunen. Kommunane bestemmer sjølve korleis dei vil bruke midlane, så lenge dei fremjar samarbeid og leseglede.
Oppsummeringa er laga av KI-tenesta ChatGPT. Innhaldet er kvalitetssikra av kommunikasjonsseksjonen før publisering.
Pengane skal bidra til å auke leselyst og lesekompetanse blant barn i barnehagealder. Dei blir fordelte etter folketal, men dei minste kommunane får eit ekstra løft for å sikre at alle får nytte av ordninga.
– Undersøkingar syner at barn og unge les mindre og dårlegare. Det er ei utvikling vi må prøve å motverke og å snu. Felles leseopplevingar eller høgtlesing er også gode utgangspunkt for felles leik, som igjen fremjar fellesskap og inkludering. Det treng vi i ei tid der barna våre ikkje nødvendigvis ser barne-tv på NRK, men kan velje og vrake mellom veldig mange tilbod, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutvalet for kultur, idrett og inkludering.
Viktig at alle får ta del
Kommunane avgjer sjølve korleis dei vil bruke leselystmidlane, så lenge tiltaket styrker samarbeidet mellom folkebibliotek og barnehage. Før utbetaling må kommunane stadfeste at dei tek imot tilskotet, og kort forklare kva pengane skal brukast til.
Vestland fylkeskommune har fått 885 000 kr i leselystmidlar frå Nasjonalbiblioteket. For å sikre at alle kommunar får eit reelt utbyte av ordninga, får dei ni minste kommunane – Eidfjord, Ulvik, Modalen, Fedje, Masfjorden, Solund, Hyllestad, Lærdal og Aurland –justert opp tilskotet til eit minstebeløp på 3000 kroner. Det blir finansiert med eigne midlar frå fylkeskommunen.
– Det er viktig for oss at alle kommunane får ta del i denne viktige satsinga. Eit godt samarbeid mellom barnehage og bibliotek kan ha stor effekt på leselysta og lesekompetansen hjå barn, seier Nødseth.
Del av nasjonal leselyststrategi
Satsinga er del av den nasjonale strategien Sammen om lesing 2024–2030 og støttar opp om regionale mål for gode oppvekstvilkår, deltaking og livslang læring.
– Mange kommunar er allereie i gang med tiltak for å styrke leselyst hos dei yngste. Vi håpar desse midlane vil bidra til varig samarbeid mellom barnehage og bibliotek, seier hovudutvalsleiaren.
Fylkeskommunen tilbyr også fagleg støtte og rettleiing, blant anna gjennom kompetanseheving, møteverksemd og hjelp til samarbeidsavtaler.