Vestland fylkeskommune vann Årets lokale klimatiltak 2025
Vestland fylkeskommune gjekk heilt til topps då prisen Årets lokale klimatiltak 2025 blei delt ut på Zero-konferansen torsdag 27. november.
Fylkeskommunen vann prisen for satsinga Grøn region Vestland – eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge som skal løfte grøn omstilling, skape nye, framtidsretta arbeidsplassar i fylket og auke eksporten.
– Dette er ei stor anerkjenning for det framoverlente klimaarbeidet fylket har bygd opp gjennom dei siste fem åra! Eg deler raust prisen med alle i Vestland som har gått frå ord til handling, og utforska moglegheitene som ligg i å løysa klimakrisa, uttalar fylkesordførar Jon Askeland.
– Dette er berre starten
Han seier vidare at suksessoppskrifta med Grøn region Vestland er partnerskap, både lokalt, og i heile fylket.
– På denne måten har langt fleire eigarskap til å bidra med konkrete klimatiltak, framfor om me jobbar kvar for oss og peikar på kva andre burde gjera. Derfor viser partnerskapen Grøn region Vestland kva som er mogleg når næringsliv, forsking og offentleg sektor samarbeider mot same mål – og resultata det gir. Vi har ein felles retning i Vestland, eit sterkt nettverk av hubbar og eit kunnskapsgrunnlag som legg eit solid grunnlag for vidare satsing i 2026. Takk for prisen, det inspirerer oss vidare, dette er berre starten, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Stas å bli lagt merke til
Sigrid Brattabø Handegard, politisk leiar for hovudutval for næring, tok imot prisen på vegner av fylkeskommunen under prisutdelinga på The Hub i Oslo. Samstundes følgde prosjektteamet, eigarane og fleire av dei sentrale partnarane seremonien direkte frå Vestlandshuset i Bergen.
– Det er stas at arbeidet fylkeskommunen gjer saman med næringslivet og virkemiddelapparatet for ei grøn framtid vert lagt merke til. Vestland skal også framover vera verdiskapingsfylke nr 1. Då må me samarbeida meir, velja grøne løysingar og auke verdiskapinga, seier Handegard etter å ha mottatt prisen i Oslo.
Peikar vegen vidare for heile landet
Prisen er eit samarbeid mellom Miljøstiftelsen ZERO, KS og Kommunalbanken, og er ein nasjonal utmerking til kommunar og fylkeskommunar som leverer konkrete, skalerbare klimatiltak. Vestland tok sigeren i sterk konkurranse med fleire andre nominerte frå heile landet.
Vestland fylkeskommune vann i kategorien storbyar og fylkeskommunar, medan Rendalen kommune vann blant små og mellomstore kommunar.
– Prosjekta vi løftar fram i dag har stor overføringsverdi. Dei gir læring og inspirasjon, og viser tydeleg korleis kommunar kan bidra til utsleppskutt for både innbyggjarar og næringsliv. Dette er tiltak som ikkje bare gjer ein forskjell lokalt, men som peikar vegen vidare for heile landet, sa ZERO-leiar Stig Schjølset under utdelinga.
Du kan lese meir om prisane på Miljøstiftelsen Zeros sine nettsider