Vestland fylkeskommune lyser ut 150 000 kr i nytt nynorskstipend

Stipendet skal delast ut årleg og for første gong i år. 

foto av bok oppslegen på eit bord ved eit vindauge
VIL LØFTE FRAM NYNORSKEN: Bakgrunnen for nynorskstipendet var tildeling av Nobels litteraturpris til Jon Fosse i 2023. Som heimfylket til ein nobelprisvinnar ønsker Vestland fylkeskommune å heidre Fosse i form av eit stipend som skal løfte fram nynorsken. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Nynorskstipendet skal synleggjere nynorsk både som språk og kulturberar. Det skal gje merksemd til ein kunstnar og formidlar som nyttar nynorsk i virket sitt. 

Heidrar nobelprisvinnaren frå fylket 

– Bakgrunnen for nynorskstipendet var tildeling av Nobels litteraturpris til Jon Fosse i 2023. Som heimfylket til ein nobelprisvinnar ønskte vi å heidre Fosse, og vi ønskjer å gjere dette i form av eit stipend, som skal løfte fram nynorsken, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering. 

Nynorskstipendet blir lyst ut nasjonalt, men den som får det, må ha tilknyting til Vestland gjennom virket sitt. Det kan vere forfattarar, dramatikarar og formidlarar av nynorsk litteratur og forfattarskap i tekst og på scene. 

Skal ta nasjonalt ansvar for nynorsk 

Vestland er fylket med flest nynorskbrukarar og har eit særleg ansvar for å fremje det nynorske språket.  

– Nynorsk er under press. Som det største nynorskfylket og det leiande kulturfylket, skal Vestland ta eit nasjonalt ansvar for å styrkje nynorsk som både som kvardagsspråk og kunstspråk. Nynorskstipendet er ein del av denne politikken, og eg håpar på mange og gode nominasjonar, seier Nødseth.  

Både privatpersonar og lokale, regionale og nasjonale aktørar kan nominere kandidatar til nynorskstipendet. Det er også høve til å nominere seg sjølv.  

 Les meir og nominer nokon til nynorskstipendet