Vedtok eit stramt, ansvarleg og framtidsretta fylkesbudsjett

– Kjerneoppgåvene til fylkeskommunen har dermed prioritet, og vi må i møte med trongare økonomi stramme inn livreima, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkestinget samla i Vestlandssalen på Vestlandshuset.
FYLKESTINGET: Budsjettet var blant sakene på dag ein av desembermøtet i fylkestinget. Fylkestingspolitikarane er samla på Vestlandshuset i Bergen 9. og 10. desember. (Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune)

Fylkestinget vedtok budsjett for 2026 og økonomiplan 2026–2029 under møtet 9. desember. Budsjettet samsvarer i stor grad med budsjettforslaget fleirtalet i fylkesutvalet hadde lagt fram for fylkestinget, men med enkelte justeringar. 

Skal levere gode tenester 

Nokre av kjerneoppgåvene til fylkeskommunen er vidaregåande opplæring, tannhelse, kollektivtrafikk og fylkesvegar. Det samla fylkesbudsjettet for 2026 er på rundt 18 milliardar kroner. Av dette set fylkestinget av 12,5 mrd. kr til drift og 4,7 mrd. kr til investeringar.  

– Vi har no vedteke eit stramt, ansvarleg og framtidsretta budsjett. Vi prioriterer dei viktigaste oppgåvene våre og skal konsentrere oss om å levere gode tenester til innbyggjarane våre. Det er dei vi er til for, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

På fylkesvegsida er dei største investeringane i 2026 byvekstavtalen i Bergen, rassikring av fv. 609 Heilevang i Sunnfjord, Førdepakken, Bømlopakken og Askøypakken, og Alversundbrua. I sektoren opplæring og kompetanse er det lagt inn investeringar for over 826 mill. kr i 2026. Her er dei største prosjekta Langhaugen vgs., Stord vgs., Slåtthaug vgs. og Kvam vgs. 

Skjermar ungdomsbilletten 

I budsjettet for 2026 aukar prisane i kollektivtrafikken med om lag 4 prosent i gjennomsnitt. Men fleirtalet i fylkestinget skjermar ungdomsbilletten. Samstundes ber fylkestinget fylkesdirektøren om å søkje departementet om tilskot til midlertidig reduksjon av periodebillettar. 

– Det er viktig for oss å sikre gode og pålitelege reiser i bygd og by, både langs fylkesvegnettet og i kollektivtrafikken. Vi har også som mål å få ned tal reiser med privatbil. Difor ber vi departementet om tilskot til å halde nede prisen på periodebilletten, som eit insentiv for å folk til å reise mest mogleg kollektivt, seier Askeland. 

Set i gang omstillingsprosjekt 

Fylkestinget ber fylkesdirektøren setje i gang eit omstillingsprogram i 2026. Målet er ei innsparing på 40 millionar kroner i 2026 og minst 100 millionar i løpet av økonomiplanperioden, som er til og med 2029. 

Omstillingsprogrammet skal 

  • gjennomgå område- og avdelingsstruktur, oppgåver og organisering 
  • vurdere tilbods- og standardnivå for tenester 
  • vurdere korleis innkjøps- og kontraktsstrategiar kan redusere kostnader 
  • inkludere andre relevante forhold 

Fylkesdirektøren skal leggje fram mandat for omstillingsprogrammet for politisk behandling i mars 2026. 

– Med dette arbeidet skal vi sikre ei trygg og ryddig omstilling for Vestland fylkeskommune. Vi må rigge oss for tidene som kjem. Difor er det viktig at vi ser om vi kan organisere tenestene våre annleis eller på andre måtar drive meir effektivt, seier fylkesordføraren. 

Endeleg budsjett og økonomiplan blir lagt ut på nettsida til fylkeskommunen så snart det er klart.