Tunellarbeidaranes beskyttar
På utsida av ein tunell står ein statue av ei dame. Ho skal passe ekstra godt på dei som jobbar der.

Den katolske presten sin kvite arbeidshjelm står litt i kontrast til den svarte, fotside kappen, den kvite skjorta og det raude bandet han har over skuldra. På alteret ved sida av han står ei trestatue av ei dame med eit tårn bak seg. Den heilage Barbara blei ifølge legenda stengd inne i eit tårn av sin eigen far då ho blei kristen. No er ho tunnelarbeidaranes beskyttar og skal passe på dei som jobbar i tunellen i Slettebrekka på Askøy.
Erik Andreas Holth tar av seg hjelmen og tar på ein svart Ein firkanta, stiv hatt som brukast i den katolske kyrkje. Svart biretta er det prester og diakoner som bruker., og reknar med han er beskytta ovanfrå.
Tunellseremoni
I tunellen står arbeidarar frå tsjekkiske Metrostav Norge med kollegaer frå Bertelsen & Garpestad, Askøy kommune og Vestland fylkeskommune for å vere med på den spesielle seremonien.
Ein ny veg med tunell mellom Slettebrekklia og Hetlevik skal gjere ferda tryggare for askøyværingane. Prosjektet skal vere ferdig til hausten 2027. Men først skal 300 000 kubikk med masser bli sprengt vekk. Steinen blir melloma anna gjenbrukt i prosjektet og sparar dermed miljøet for dei mange turarne som lastebilane måtte tatt.

Sjølv om arbeidet er godt i gang, er seremonien viktig.
— Eg ber den heilage Barbara om å verne om dykk som arbeider med dette prosjektet. Vi skal velsigne statuen og plassere ho i inngangen til tunellen etter velsigninga. Ho vil minne alle som passerer om å be ein bønn og be om velsigning, seier Erik.
Kven var Barbara?
Dersom ho var matyr, her strides dei lærde, blei den heilage Barbara (Santa Barbara) fødd på 200-talet i Nikomedia, i dagens Izmit i Tyrkia. Ifølge den katolske kyrkje leid ho martyrdøden i 306 etter å blitt forfølgt for sin tru.
Her er den katolske kyrkjas versjon av kva som skjedde med Barbara:
Barbaras far sperra ho inne for å halde ho vekke frå dei kristne. Då ho fortalde faren at ho var blitt døypt forsøkte faren å drepe ho, men ifølgje legenda opna golvet seg og ho var redda.
Faren angav dottera til provinens prefekt, og Barbara blei piska. Såra hennar blei lega då Kristus openbarte seg for ho. Så blei ho piska med blykuler, brent med faklar, fekk brysta skåra av, og ho måtte springe naken gjennom byen. Då kom ein engel og lega såra hennar og svøpte ho i ein kvit kjortel.
Ho blei så dømd til døden ved halshogging. Faren hennar tok ho med opp på eit fjell der han hogg hovudet av ho. Det skal ha skjedd den 4. desember i år 306.
Faren døyde av lynnedslag på veg ned frå fjellet.
Kjelde: Den katolske kyrkja
Beskytter dei med farlege jobbar
Fordi faren heldt Barbara innesperra i eit tårn blir ho assosiert med byggeverksemd, og i forlenginga av det, tunellarbeid.
— Santa Barbara er viktig for gruve- og tunnelarbeidarar som deira beskyttar. Vår tradisjon stammer frå middelalderen i Tyskland. Vi håpar den heilage Barbara vil beskytte oss når vi arbeider her, seier produksjonsdirektør i Metrostav Norge, Jiri Rut.
For Jiri og kollegaene hans er denne seremonien ein naturleg del av tunellarbeidet.
— Ho er også beskyttar for alle med farlege jobbar.

Ny tunell
Den nye tunellen, som no er ekstra godt beskytta, har ei lengde på 580 meter.
— Det mest kritiske delen av tunellarbeidet blir når vi kjem ut på Hetlevik-sida, der kjem vi veldig på tett på bustadene. Vi forventar gjennomslag på den sida av tunellen tidleg neste år, fortel Jiri.
Seremonien blei avslutta med ei salve til ære for den heilage Barbara, og feira med kake, brus, kaffi og kake etterpå.
Her kan du lese meir om vegprosjektet
