Fv. 5246 Slettebrekka - Hetlevik
Ny fylkesveg på 2500 meter i dagen vil strekke seg frå Slettebrekklia i sør til Hetlevik i nord, og vil gå gjennom variert vegetasjon og landskap før vegen går i ein 600 meter tunell til Hetlevik. Det kjem to nye rundkøyringar, ein i Haugadalen og ein i Hetlevik. Ny fylkesveg vil avlaste dagens veg og auke trafikktryggleiken for alle trafikantgruppe, og særskilt for skuleelever i området. Det vil bli sprengt ut omlag 300.000 kubikk med lause massar.
Fakta
Fase: Byggefase
Veg: Fv. 5246
Område: Askøy
Kostnad: 495 millionar kronar
Signering av kontrakt med entreprenør
August 2024
Start på prosjektering og bygging
Hausten/vinteren 2024
Informasjonsmøte
Det kjem meir informasjon om dette.
Opning av ny fylkesveg
Sommar/haust 2027