Tre nye år for Grøn region Vestland

Prosjektet Grøn region Vestland er det viktigaste grepet Vestland fylkeskommune har tatt for å leggje til rette for grøn omstilling av næringslivet i Vestland. Fylkestinget har no vedteke eit nytt treårig prosjekt.

foto av landskap med øyer og bru
BIOHUB MÅLØY: Måløy er ein av Noreg sine største fiskerihamner, og den maritime næringa her er langt framme når det kjem til innovative nybygg og elektrifisering av skip. I tillegg har byen eit sterkt miljø for marin og maritim utdanning og forsking. (Foto: Grøn region Vestland)

– Grøn region Vestland har sikra oss ei felles retning og er motoren vår for grøn omstilling i næringslivet. Det er det aller viktigaste. Prosjektet er eit sterkt nettverk av hubbar og eit kunnskapsgrunnlag som legg eit solid grunnlag for vidare satsing i 2026, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– Dette er ei suksesshistorie, og oppskrifta er partnarskap, både lokalt, og i heile fylket. I den komande perioden vil prosjektet konkretisere seg enno sterkare gjennom nyetableringar, utvidingar og oppskaleringar, det er jo sjølve målet, uttalar Askeland.

Vedtaket om vidareføring vart gjort på fylkestinget 10. desember, med oppstart 1. januar 2026.

Prosjekt for grøn omstilling

Grøn region Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge som skal bidra til grøn omstilling av industrien i Vestland, skape nye, framtidsretta arbeidsplassar og auke eksporten. Prosjektet skal støtte, oppmuntre og hjelpe industrien i Vestland fylke til å nå viktige mål for den grøne omstillinga med lågare CO2-utslepp, auka fastlandseksport og fleire grøne jobbar. I dag tel Grøn Region Vestland 19 hubbar og over 300 grøne prosjekt.

– Vekst er ikkje å forbruka meir, men å forvalta betre. Eit godt døme på dette er opninga av biogassanlegget på Voss denne veka. Her skal matavfallet frå BIR-området bli til ny energi og ny næring for landbruk og matproduksjon. Vi har pilot på blått hydrogen, og får snart i gang produksjon på resirkulering av vindturbinar, for å nemna nokre få tiltak. Eg ser fram til det vidare arbeidet saman med Grøn region Vestland, seier Askeland.

Grøn region Vestland er blitt godt kjend sidan starten i 2021, også utanfor fylkesgrensene. Nyleg vann Vestland fylkeskommune ein nasjonal klimapris for satsinga

Endra geopolitikk krev justeringar

Den overordna ambisjonen for det nye treårige prosjektet er å auke konkurransekrafta nasjonalt og internasjonalt for næringslivet i Vestland gjennom innovasjon, reduksjon av utslepp, sirkulære løysingar og utvikling av utsleppsfri teknologi.

På grunn av geopolitiske endringar og nasjonal politikk på dette feltet har det vore nødvendig å justere konseptet frå 2026. Prosjektet skal og støtte opp om arbeidet med å setje vestlandske bedrifter i posisjon til å ta del i forsvarsrelaterte anskaffingar og investeringar. Det skal gjerast ved å kople relevante miljø og løfte fram korleis sirkulære løysingar og ressursforvaltning også er viktige element i eit breiare tryggleiks- og beredskapsperspektiv. Effektiv bruk av ressursar, kontroll over innsatsfaktorar og kortreiste verdikjeder er sentrale føresetnader for både berekraft og forsyningstryggleik.

Hubbane skal framleis fungere som motorar i prosjektet.

Skal løyse dette

Dei behova prosjekt Vestlandsporteføljen skal bidra til å løyse er:

  1. Vidareutvikle eksisterande hubbar og etablere nye hubbar kring store utsleppspunkta som gjenstår og viktige industrielle knytepunkt som er under utvikling og/eller omstilling.
  2. Identifisere og handtere barrierar for å realisere ambisjonane (tilgang på kraft og nettkapasitet, kompetanse, kapital og eigna areal og infrastruktur)
  3. Synleggjere hubbane regionalt, nasjonalt og internasjonalt som lokomotiv for dekarbonisering, sirkulære løysingar og utsleppsfrie teknologiar

Du kan lese meir om dei ulike satsingane i den politiske saka: PS 118/2025 Vestlandsporteføljen - Konkretisering og finansiering av nytt treårig prosjekt under Grøn region Vestland