Styrt avvikling av trolleybussane
Fylkestinget vedtok å avvikle trolleybusstilbodet innan busskontrakten for Bergen sentrum går ut i 2030.
Fylkestinget ba i møtet 1. oktober fylkesdirektøren jobbe med ei styrt avvikling der det tas omsyn til tryggleik, brukarar, klima og økonomi. Bakgrunnen for vedtaket er at trolleybuss-infrastrukturen i Bergen vil krevje vesentlege investeringar dei neste åra for at fylkeskommunen skal kunne halde fram med stabil og trygg drift av tilbodet.
–Vurderingane som er gjort i saka, viser at den beste løysinga no er ein planlagt overgang til batteribussar. Dette er både meir økonomisk og framtidsretta. På denne måten sikrar vi høg kvalitet på kollektivtransporten samtidig som den blir meir fleksibel og påliteleg for dei reisande, seier fylkesordførar Jon Askeland.
–Ein tilleggseffekt er at det vert eit ryddigare gatebilete og betre forhold på fortau med meir når innstallasjonar for straumkablane vert fjerna, seier han.
Framveksten av batteribussteknologi det siste tiåret har gitt eit reelt alternativ til trolleybussen når det gjeld nullutsleppsløysingar for bussar. Den teknologiske utviklinga gjer at batteribuss no blir vurdert som meir driftssikker enn trolleybussen.
Stort etterslep på vedlikehald
Trolleybuss-infrastrukturen mellom Bergen sentrum og Birkelundstoppen har eit stort etterslep på vedlikehald. Mastene og straumdelane som får trolleybussane til å gå må byttast ut for at drifta skal vere stabil. Ifølgje estimat frå Bybanen AS vil det koste om lag 200 millionar kroner for å utbetre vedlikehaldsetterslepet og forlenge levetida på infrastrukturen med 50 år.
Styrt avvikling
Fylkestinget ber om at fylkesdirektøren kjem med eit forslag til gjennomføring av styrt avvikling av trolleybusstilbodet i samband med framlegging av budsjett for 2026.
For meir detaljar om saka og vurderingane bak vedtaket, kan du lese i saksframlegget.