Vil sikre søkarar skuleplass i vgs – opprettar nye klassar

No oppretter Vestland fylkeskommune inntil 18 nye klassar i vidaregåande skule til skulestart. Klassane sette på pause etter første inntak blir heller ikkje lagde ned. Bakgrunnen for den kraftige elevtalsauken er mellom anna ny lov som gir ungdomsrett.

Bilde frå klasserom på yrkesfag på Førde vidaregåande skule. Ein lærar kledd i svarte arbeidsklede med kvitt hår og vernebriller står i forkant av bildet og instruerer ein kvinneleg elev i blått arbeidstøy og vernebriller og lyst hår i flette ved ein metall-dreiebenk. Dei to har lys i ansiktet og vi ser metallet gå rundt i dreiebenken. Ein mannleg elev står ved ein dreiebenk i bakgrunnen. Dreiebenken er blå og eit skap i bakgrunnen er blått. Jenta ser konsentrert på metallet som blir dreia.
NYE KLASSAR: Vestland får omlag 200 fleire søkarar til vidaregåande opplæring 2025/2026 enn venta, og mange søker yrkesfag. No skal alle med ungdomsrett få tilbod om skuleplass. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Hovudutval for opplæring og kompetanse handsama saka om endring i tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring i ekstraordinært møte 17. juli.

Kraftig auke

Etter søknadsfristen 1. mars har Vestland fylke fått om lag 580 nye søkarar med rett til vidaregåande opplæring, kjent som ungdomsrett. Dette er 200 fleire samanlikna med førsteinntak til skuleåret 2024/2025.  Årsakene er samansette, men ny opplæringslov frå 2024 gir større søknad. Den seier at alle under 24 år har rett på skuleplass om dei ikkje har fullført vidaregåande skule. Søkarar i opplæring på avsluttande kurs som ikkje fekk vitnemål, har no framleis ungdomsrett.

– Vi har ein stor auke i søkarar som får ungdomsrett etter ny opplæringslov. Å sikre skuleplass til alle ungdommar med rett er ei viktig investering for framtida til Vestland. No handlar vi raskt med god innsats frå fleire vidaregåande skular i fylket for å få plass til alle, seier Åsmund Berthelsen, leiar i hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland.

Opp mot 18 nye klassar i august

Behovet for nye skuleplassar er størst i inntaktsområdet Stor-Bergen. Om lag 500 av dei 580 søkarane etter 1. mars har sitt førsteønske i inntaksområdet her. 200 av søkarane med innvilga rett er søkarar til vg1, der om lag 130 har Stor-Bergen som førsteval. Utviklinga der fleire søker yrkesfagleg utdanning og færre søker studieførebuande utdanningsprogram held fram. Administrasjonen fekk med vedtaket fullmakt til å tilpasse strukturen i Stor-Bergen.

Ingen klassar blir sette på pause

Oppstart av vidaregåande klassar med låge søkartal blir vurdert kvart år når tilbodsstrukturen blir planlagd. Til skuleåret 2025/26 såg ein låge søkartal til fleire tilbod. Elevane fekk beskjed om at avgjersla om igangsetting var satt på pause fram til hovudutvalet sitt møte i dag. Utvalet gjekk inn for å starte desse klassane, såframt at ikkje søkjartalet er under to.

Skole

Vgs. nivå

 

Programområde

Antall klasser

Sogndal vidaregåande skule

2

 

Datateknologi og elektronikk

1

Årdal vidaregåande skule

3

 

Automatiseringsfaget

1

Måløy vidaregåande skule

2

 

Helsearbeiderfag

1

Austrheim vidaregåande skule

2

 

Tømrer

1

Austrheim vidaregåande skule

2

 

Kjøretøy

1

Sotra vidaregåande skule

2

 

Kokk- og servitørfag

1

Flora vidaregåande skule

2

 

Rørlegger

1

Høyanger vidaregåande skule

2

 

Elenergi og ekom

1

Flora vidaregåande skule

2

 

Salg og reiseliv

1

Førde vidaregåande skule

3

 

Landbruk

0,5

Høyanger vidaregåande skule

3

 

Realfag

0,5

Høyanger vidaregåande skule

3

 

Språk, samfunnsfag og økonomi

0,5

Fitjar vidaregåande skule

2

 

Kokk- og servitørfag

1

Bømlo vidaregåande skule

2

 

Industriteknologi

1

 

– Vi veit at å fullføre vidaregåande opplæring har stor verknad både for menneske og samfunn, for inkludering og deltaking i arbeidsliv, for folkehelse og for å få rett kompetanse til næringslivet. Vi ser at å sette tilbod og klassar "på pause" kan skape uro lokalt, og vidarefører no alle tilboda, seier Berthelsen.

Hovudutval for opplæring og kompetanse vedtok òg at i  vurderinga av behov for oppretting av nye klassar må ein ta omsyn til at elevane skal ha ein akseptabel reiseveg til skulen, og at ein i det lengste unngår behov for å måtte flytte på hybel.

Det skal gjennomførast eit prøveopptak der både første-, andre-, og tredjepreferanse til elevane blir vurdert før endelig inntaksvedtak vert sendt ut, men det blir ikkje gitt tilbod dersom det er ein eller to elevar i klassen. Inntaket i 2025 blir evaluert for at elevtalsgrunnlaget for 2026/2027 vert mest mogleg realistisk. 

Ber om økonomisk kompensasjon

– Vi jobbar hardt for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, og lovendringa er positiv. Vi ber no fylkesordføraren gå i dialog med dei andre fylka og Kommunenes sentralforbund om økonomisk kompensasjon og betringar som følge av lovendringane og den store auken i elevtal, seier Berthelsen.

Aktuelle vidaregåande skular førebur seg no på å auke kapasiteten på yrkesfag, der invendige bygningsmessige tilpassingar kan bli naudsynte. Når det gjeld behovet innan studieførebuande utdanningsprogram og påbygging til generell studiekompetanse finst det allereie noko kapasitet i skulane til å utvide tilbodet.

Nye tilbod blir berre oppretta der det er behov som følgje av søkarar som no står utan tilbod. Utvidinga blir finansiert med fondsmidlar.