Satsar på leselyst og leseglede for ungdom
Fylkesutvalet vedtok 25. november leselystsatsinga Ungdom les! Hovudmålgruppa er ungdomar på vidaregåande skular i fylket.
– Lesekompetanse, leseglede og evna til å fordjupe seg i ei bok går ned. Det kan på sikt gå utover evna til å tenkje kritisk og til å avdekka desinformasjon, som igjen kan gjere oss meir utsette for manipulering og uønskt påverknad. Det kan i ytste konsekvens vere ein fare for demokratiet, og demokratiet skal vi passe godt på, slår fylkesordførar Jon Askeland fast.
Fylkestinget gjorde tidlegare i år eit vedtak om å greie ut eit litteraturformidlingsprosjekt i Vestland. Det var bakgrunnen for vedtaket denne veka, der fylkesutvalet vedtok ei fireårig leselystsatsing i fire punkt.
Viktig å nå alle
Statistikk frå Statistisk sentralbyrå frå 2024 syner at unge mellom 16 og 24 er dei som sjeldnast les bøker. Mange i denne aldersgruppa er elevar på dei vidaregåande skulane til fylkeskommunen.
– Vi vel difor å satse på ungdom. Målet er både å førebu elevane betre på høgare utdanning og aukande krav i både yrkesfagutdanning og arbeidslivet. Ei utfordring her er å nå alle, og ikkje berre dei som les frå før. Felles leseopplevingar vere eit fint tiltak, som «Katten Leser» på Katedralskulen i Bergen, der alle elevar på første trinn les same bok, seier Askeland.
Regjeringa lanserte i 2024 den nasjonale leselyststrategien Sammen om lesing. Målgruppa er aldersgruppa 0–19 år, men har få tiltak for den eldste aldersgruppa.
Skulebiblioteka sentrale
Leselystsatsinga skal skje gjennom felles leselystprosjekt i regi av skulebiblioteka i dei vidaregåande skulane, auka litteraturproduksjon i DKS i den vidaregåande skulen, auka midlar til innkjøp av litteratur og kompetanseheving av tilsette.
– Satsinga skal vidare bidra til berekraftig samhandling mellom skule- og folkebibliotek. For fylkeskommunen sin del skal vi styrke dei vidaregåande skulebiblioteka gjennom nettverk, samarbeid og kompetanseløft. Skulebiblioteka er viktige for å fremje leselyst og litteraturformidling for unge i heile fylket, seier fylkesordføraren.
Fire tiltak
Leselyststrategien har fire konkrete tiltak:
- Årleg, felles leselystprosjekt med ny og variert litteratur
- Styrking av tilbod til litteraturproduksjon i Den kulturelle skulesekken til vidaregåande skular
- Kompetanseheving på litteraturformidling
- Forsterka nettverksarbeid for å styrke fagmiljøa
Les meir utfyllande om både leselystsatsinga og dei konkrete tiltaka i den politiske saka PS 309/2025 Ungdom les! Leselystsatsing i Vestland.