Samarbeider med høgskulen om Den kulturelle skulesekken
– Det er avgjerande med eit tett samarbeid mellom kultur- og skulesektoren om vi skal nå måla med Den kulturelle skulesekken (DKS) og integrere ordninga djupt i skulen, seier Charlotte Espeland, leiar for fageining kulturproduksjon i Vestland fylkeskommune.

DKS er ei nasjonal ordning, som skal gje alle skuleelevar i landet høve til å oppleve profesjonell kunst og kultur i skulen. Skulen er såleis eit stikkord. Det er bakgrunnen for at Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Kulturtanken no samarbeider om å få DKS inn i grunnskulelærarutdanninga.
– Vi i Vestland fylkeskommune er svært positive til at vi no får til eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Kulturtanken. Det at vi set DKS på agendaen i grunnskulelærarutdanninga, trur vi kjem elevar og dei framtidige lærarane til gode, seier Espeland.
Framsyning for førsteårsstudentar
Startskotet for samarbeidet gjekk tidlegare i haust. Førsteårsstudentar i Bergen fekk sjå ei DKS-framsyning og deltok etterpå i ein samtale og spørsmålsrunde. Framsyninga var «To hundre og sekstini dagar» med forfattar og musikar Roald Kaldestad og musikar Roy Ole Førland. Kaldestad er ein svært erfaren DKS-utøvarar, som har turnert rundt på skular sidan 2000.
– Det er jo desse studentane som skal ut i skulen om nokre år, så det er veldig matnyttig for dei å sjå kva som fungerer, og kva dei kan gjere for å ta imot ei framsyning på skulen. Då veit dei litt kva det går i, og kva DKS er for noko. Det var gode spørsmål og ein fin prat, fortel Kaldestad på kulturtanken.no.

Planlegg fleire framsyningar
Framsyninga for førsteårsstudentar markerte startskotet for samarbeidet mellom Vestland fylkeskommune og Høgskulen på Vestlandet om DKS. Planen vidare er at også andreårsstudentar skal få oppleve ei framsyning i samband med emnet «Læraren og eleven i mangfaldige læringsmiljø». Der er mangfald, inkludering og tilpassa opplæring er sentral tematikk, og høgskulen har dialog med fylkeskommunen om å få ei framsyning rundt dette temaet.
– Studentane får ikkje berre snakke om praktisk-estetiske læringsprosessar, dei får erfare det på kroppen. Dei får eit litt anna blikk, med tanke på danning og overordna del av læreplanen, og at dei får erfare at skulen og lærarrolla er så mykje meir enn det dei kanskje hadde tenkt på førehand, seier høgskulelektor Anita Torsvik.
Om skulesekken og Kulturtanken
Kulturtilbodet i DKS skal vere av høg kvalitet, og vise heile breidda av de seks kulturuttrykka i ordninga: film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst.
Kulturtanken er ein statleg fagetat for kunst og kultur til barn og unge. Kulturtanken varetek det nasjonale ansvaret for DKS. Kulturtanken er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet, som i arbeidet med DKS samarbeider med Kunnskapsdepartementet.