Otternes vart freda med utsikt mot verdsarven og i strålande sol
– Glede, endeleg og takk. Det er tre ord som rammar inn mykje av det eg kjenner på i dag, sa fylkesordførar Jon Askeland under fredingsmarkeringa på Otternes i Aurland 15. mai.

Saka oppsummert
Otternes klyngetun i Aurland er no offisielt freda av Riksantikvaren. Under ei markering 15. mai uttrykte fylkesordførar Jon Askeland stor glede over vedtaket, og understreka at freding handlar om å ta vare på viktige kulturminne for framtida. Otternes er eit unikt og godt bevart døme på vestlandsk klyngetun, der dei eldste bygningane er frå 1700-talet. Alle bygningane, frukthagane og innmarka rundt tunet er no freda.
Oppsummeringa er laga av KI-tenesta ChatGPT. Innhaldet er kvalitetssikra av kommunikasjonsseksjonen før publisering.
Eit klyngjetun er ei tettbygd samling av gardsbruk, som tidlegare var vanleg på Vestlandet.| Otternes ligg i bakkane over E16 mellom Aurland og Flåm. Dei eldste av dei til saman 26 bygningane er frå 1700-talet, og no har Riksantikvaren vedteke å frede alle bygningane, frukthagane og innmarka rundt tunet.

– Mange trur freding handlar om fortida. Men freding handlar om framtid, om at vi for all framtid skal ta med noko vidare. Otternestunet er ein stad med viktig kulturhistorie, også i ein nasjonal samanheng. Dette er eit unikt døme på klyngjetuna på Vestlandet, som fortener å bli teke vare på, sa assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll, som deltok på markeringa.

Kunnskapsrikt fredingsforslag
Gamle dokument og brev syner at det var antikvarisk interesse allereie for 100 år sidan, og i 1975 var spørsmålet om freding oppe til vurdering. Både Skeidsvoll og fylkesordføraren takka alle eldsjeler, kommunen, eigarar og tidlegare eigarar for at Otternes er i så god stand som det er i dag.
– Og eg må takka for eit utruleg kunnskapsrikt fredingsforslag frå fylkeskommunen. Det burde ha vore ramma inn, slo Skeidsvoll fast før han erklærte Otternes for freda.

I tillegg til fredingsdiplom overrekte Skeidsvoll ein fredingsplakett til Jon E. Tamnes, styreleiar i Stiftinga Otternes bygdetun. Fredingsplaketten vil bli hengd opp på eit av husa i tunet slik at statusen som freda er synleg for alle besøkande til tunet.

Tidsvitne for det kollektive minnet
Formålet med fredinga er å sikre og bevare Otternes, som eit kulturhistorisk og bygningshistorisk viktig døme på desse klyngjetuna.
– Freding er eit anna for tidsvitne for den kollektive hukommelsen vår. Fredinga har ei forplikting til å fortelje komande generasjonar om kvar dei kjem frå. Slik kulturminne krev jamt og godt samarbeid. Så det viktigaste med dagen i dag er at fredingsmerket bind oss saman i eit forpliktande samarbeid i framtida, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Vitnemål om levd liv
Fylkesordføraren takka for og rosa det gode samarbeidet mellom fylkeskommunen og Aurland kommune og kalla kommunen eit førebilete for mange andre. Ordførar Kjell Bøe Bergum deltok også på markeringa. Han la vekt på at Otternes er noko meir enn den nasjonalromantiske idyllen tunet synte seg fram som denne maidagen.
– Otternes er ikkje berre eit vakkert tun med ei storslått utsikt. Det er eit vitnemål om levd liv. Her ser vi spor etter slit, samhand og livskraft, sa Bergum.

Skal setje i stand Thomasløa
Stiftinga Otternes bygdetun har så langt restaurert åtte hus på tunet, og har fleire som ventar. Det neste samarbeidsprosjektet mellom stiftinga, Aurland kommune, fylkeskommunen og andre er istandsetjinga av Thomasløa på enden av tunet i retning Flåm. Styreleiar i stiftinga, Jon E. Tamnes, var også oppteken av lagspelet som har gjort at fredinga endeleg er på plass.
– Etter 100 år lukkast det endeleg! No reknar vi med å ha mykje arbeid med Thomasløa dei neste 4–5 åra. Det blir eit viktig løft for klygetunet, sa Tamnes.

Historia om tunet
Det budde folk på Otternes heilt fram til 1990-talet. På fredingsmarkeringa deltok både Sigurd og Ingvar Vikesland, som har slekt frå Otternes og hugsa tunet frå då det var folk og dyr i hus og fjøs der. Ingvar som sjølv er frå Vikesland, ein gard over Otternes, fortalde om historia til tunet, både om ting han har lese og ting han har opplevd.

– Då eg vaks opp budde det 16 menneske her, og det var omgangsskule på tunet. Høgare oppe på tunet har det vore ein liten hage til kvart bruk, og dei eldste trea trur eg oldefaren min planta rundt 1870. Eg vil gje ros til dei som har fått augo opp for tunet og gardane her. Det er verkeleg ei perle i Aurland, og det er ein umogleg ting for private å halde ved like Otternes aleine, sa Vikesland,

Otternes er no eitt av fem freda klyngetun i Vestland. Dei andre er Osmundnes i Nordfjord, Havrå på Osterøy, Mølster på Voss og Aga i Hardanger.