Opne skular for barn og unge – fylkestinget løyver inntil 7 millionar

Fylkestinget har vedteke å styrke ordninga med opne vidaregåande skular i Vestland. Målet er å gi fleire barn og unge tilgang til gratis lokale for fritidsaktivitetar.

Bilete av Førde vidaregåande skule innandørs
OPEN SKULE: Skulelokalane i Vestland skal brukast til både undervising og fritidsaktivitetar for barn og unge (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune).

Fylkestinget løyver inntil 7 millionar kronar i 2025 til opne skular og gratis utlån av lokale til frivillige lag og organisasjonar. Det vedtok fylkestinget 17. juni.

Dette er ei vidareføring av vedtaket frå desember i fjor, då fylkestinget bestemte å innføre ordninga gradvis frå 1. januar 2025

– Å opne skulane for frivillig aktivitet er eit viktig grep for å gi barn og unge betre tilgang til trygge og gode møteplassar. Det styrkjer fellesskapet og bidreg til at fleire får ein meiningsfull fritid, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Gratis for barn og unge

Fylkestinget understrekar at det framleis skal vere gratis å låne lokale for aktivitetar der barn og unge under 20 år er i fleirtal. Alle vidaregåande skular skal i snitt halde ope 12 timar i veka for frivillig bruk.

– Når skulane står tomme store delar av ettermiddagen og kvelden, er det både klokt og ansvarleg å opne dei for aktivitet. Det gir meir utbytte av lokala vi allereie har, og skapar verdiar for lokalsamfunna, seier fylkesordføraren.

Dialog med frivilligheita

Fylkesdirektøren får i oppdrag å gå i dialog med relevante organisasjonar innan kultur, idrett og frivilligheit for å sjå om det er mogleg å finne kostnadssparande løysingar for blant anna tilsynsvakter. 

Samtidig understrekar fylkestinget at dette arbeidet ikkje må vere til hinder for at skulane sjølve finn gode og pragmatiske løysingar lokalt.