Nye klimakrav for fylkesvegdrift i Nordhordland

Utsleppsfrie køyretøy og redusert bruk av vegsalt er nokre av krava i den nye driftskontrakten for Nordhordland, som gjekk til Mesta for perioden 2025–2030.

Mann og kvinne sit ved bord med papir framfor seg.
KLIMAKRAV: Rudi Rossland, prosjektsjef i Mesta, og Dina Lefdal, direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, signerte driftskontrakten for fylkesvegane i Nordhordland. (Foto: Mariann Kråkenes Jørgensen/Vestland fylkeskommune)

Rudi Rossland, prosjektsjef, Mesta, og Dina Lefdal, direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, signerte kontrakten 21. mai, etter ein anbodsprosess med forhandlingar.

Utsleppstala skal ned

Oppdraget omfattar drifts- og vedlikeholdsoppgåver på fylkesvegar og fylkesgang- og sykkelvegar i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Gulen og Høyanger.

Kontrakten gjeld frå 1. september 2025 til 31. august 2030 og omfattar 752 km fylkesveg. Det er Mesta som har kontrakten i dag. 

– Vi skal fortsatt ha god drift av fylkesvegane i Nordhordland og Sogn, og eg gler meg til å sjå korleis driftsoppgåvene skal løysast med dei nye klimakrava, seier Dina Lefdal.

– Vi skal til dømes ta i bruk nullutsleppskøyretøy med bruk av mellom anna biogass i den nye kontrakten for å få ned utsleppstala.

Mange ulike klimatiltak

Oppgåver som kantklipp, brøytestikk og reinhald skal utførast 100 prosent utsleppsfritt frå 1. september 2026. Krava til snøbrøyting er at denne skal gjerast 55 prosent utsleppsfri totalt sett i perioden.

– Vi skal nytte ny teknologi, som gjer at vi kan redusere forbruket av vegsalt, utan reduksjon i kvaliteten på vintervedlikehaldet. Dette gjer vi med å salte der det er behov, og ikkje nødvendigvis heile strekningar, seier Lefdal.  

Mesta skal også ha tiltak for å ivareta biologisk mangfald langs fylkesvegane og i nærliggande vassdrag, både for elvemuslingar og fisk.

Nokre utsleppsfrie køyretøy blir fasa inn før 2026, men det første driftsåret skal brukast for å få på plass nytt materiell og infrastruktur.