Korleis møte ungdom med eit vanskeleg forhold til mat og kropp?
AVLYST: Tysdag 10. juni kl. 13.30-15.00 inviterer ROS (Rådgiving om spiseforstyrringar) til webinar med tema ungdom og spiseforstyrringar.
Føredragshaldar er diverre sjuk og webinaret er avlyst. Det vil bli satt opp på eit anna tidspunkt.
Mange ungdommar strevar med mat, kropp og sjølvbilde. Det kan vere vanskeleg å vite kva ein skal gjere når ein er uroa for ein elev eller læring. I dette føredraget får du fagleg påfyll og konkrete råd om korleis du kan møte ungdom som har det vanskeleg.
Desse tema blir tekne opp
- Kva spiseforstyrringar er og korleis det kan sjå ut hos ulike personar.
- Kva teikn du kan vere merksam på, og når du bør bli uroa.
- Korleis ta opp tematikken med ungdom du er bekymra for.
- Korleis snakke om mat, kropp og trening med ungdom på ein god måte.
- Korleis kople på meir hjelp når det er behov for det.
Føredragshalder er psykolog Sunniva Mollandsøy frå ROS.
For kven?
Invitasjonen går til alle tilsette i vidaregåande opplæring i Vestland, særleg dei som jobbar tett på elevar og lærlingar. Dei ulike samarbeidsorgana og lærebedrifter er også inviterte. Vestland fylkeskommune inviterer i tillegg skulehelsetenesta og ungdomsskulane.
Gratis rådgiving
ROS er ein ideell organisasjon som arbeider for å førebyggje og gi støtte til menneske som strevar med mat og kropp. Dei tilbyr gratis rådgiving, kurs og informasjon, både til personar som sjølve stevar, og til pårørande og fagpersonar.