Klima- og miljøprisen 2025 heidrar matproduksjon på bynære areal

Gripen Gard og rurale tidsreiser ved Helene Olli Sollid og Hagebonden ved Jana Sandvik Brinch får begge årets klima- og miljøpris frå Vestland fylkeskommune.

foto av prisvinnarar oppstilt ute
FEKK KLIMA- OG MILJØPRISEN: Prisen vart delt ut under fylkestinget i Florø 18. juni. Frå v.: fylkesordførar Jon Askeland, prisvinnar Jana Sandvik Brinch/Hagebonden saman med dottera Alisa Brinch og ektemannen Knut Brinch. Nils-Anders Nøttseter (MDG), leiar i innstillingsutvalet til prisen heilt til høgre. Den andre prisvinnaren, Helene Olli Sollid, Gripen Gard var ikkje til stades under utdelinga. (Foto: Hilde Joranger Mæland, Vestland fylkeskommune)

– Prisvinnarane fremjar matproduksjon på små, bynære areal, og syner at gamle gardsbruk kan bli bygd oppatt og skape aktivitet, bli nytta til kunnskapsformidling og skape engasjement. Innsatsen til begge kandidatane bør bli anerkjent, då dei bidreg til å motivere og inspirere andre. Sjølvforsyning og matproduksjon er mogleg uansett kvar vi bur, både i bygd og by. Det er inspirerande å sjå korleis dei arbeider kreativt og kunnskapsrikt for å motivere, sa Nils-Anders Nøttseter (MDG), leiar i innstillingsutvalet til prisen under prisutdelinga på fylkestinget i Florø kulturhus 18. juni.

Skal inspirere til vidare innsats

Klima- og miljøprisen til Vestland fylkeskommune skal vere til heider for einskildpersonar, lag, organisasjonar og verksemder som utmerkar seg innan klima- og miljøarbeidet, eller som har vist god innsats over tid. Målet er å inspirere og hjelpe fram klima- og miljøarbeidet i fylket og inspirere til vidare innsats.

I grunngjevinga står det blant anna at begge verksemdene arrangerer spanande arrangement, kurs og formidlar kunnskap gjennom nettsider og bloggar. Innstillingsutvalet trekk spesielt fram innsatsen deira for å spreie kunnskap og lære vidare til andre som eit viktig argument.

Begge kandidatane jobbar med å få ned klimafotavtrykket, dele kunnskap og erfaringar med besøkande og lesarar, og er til stor inspirasjon for andre.

«I dagens verdssituasjon er sjølvforsyning og matproduksjon viktig i landbruksfylket Vestland, og dei to kandidatane bidreg til dette gjennom sitt arbeid.», skriv juryen.

foto av villsauer og ei dame som får klem av ein sau
GLAD PRISVINNAR: Den gamalnorske sauen har kapra hjarta til Helene Olli Sollid, gardbrukar på Gripen gard. Hennar nisjeprodukt er avlsvêrar, og akkurat no har ho 26, i tillegg til søyene og lam på våren. – Det er noko fantastisk med denne evige runddansen. Eg elskar dette livet med dyra!, seier prisvinnaren. (Foto: Gripen gard)

Kurs og ferier med lågt forbruk

For Helene Olli Sollid, gardbrukar på Gripen gard på Frekhaug like utanfor Bergen, er prisen ei real oppmuntring og klapp på skuldra. Drivkrafta hennar er ein djuptgåande kjærleik til skogen, jorda og dyra – spesielt den gamalnorske sauen. Olli Sollid har bygd, restaurert og drive garden sin etter prinsipp om gjenbruk. På garden leiger ho ut hytter, tilbyr enkle overnattingstilbod til dei som ferierer med lågt forbruk og deler kunnskap gjennom kurs i raudlista handverk.

foto av gard med sauer i forgrunnen
GRIPEN GARD: Foto av garden frå ei høgd over løa. Alle hus på garden er restaurert og bygd opp att. Eldste hus er eldhuset frå 1500-talet. (Foto: Gripen gard)

Nøysemd kan redde planeten

Olli Sollid meiner små fotavtrykk kan redde verda – om mange nok deltek.

– Det eg driv med er lågmælt av natur. Det er ikkje lett å verte lagt merke til når det ein driv med er å lage små fotavtrykk. Medan eg lagar desse små fotavtrykka går eg under fana «bakover er det nye framover». Med det meiner eg at om alle lever litt meir som før i tida, den gongen nøysemd var ein dyd, så vil verda få det så mykje betre. Eg tenkjer faktisk at det kan redde planeten, om me er mange nok. Me kan alle bidra med noko; kjøpe mindre, handle brukt, reise mindre med fly, kjeldesortere, drite i trendane og bestemme seg for at kjøkenet er fint som det er, seier ho.

– Me må gå over til sirkulærøkonomi, før kjend som nøysemd. Men no heiter det altså sirkulærøkonomi og det er eit mykje brukt ord. Det vert brukt overalt i all slags politikarsnakk og festtalar. Det er fint det, men sirkulærøkonomi har berre verdi i praksis, legg Olli Sollid til.

Ei stor oppmuntring

For Jana Sandvik Brinch, også kjent som Hagebonden, kom Vestland sin klima- og miljøpris som ei overrasking og ei stor oppmuntring.

– Prisen gir ei sterk stadfesting på at arbeidet mitt har verdi. Det inspirerer meg til å halde fram, og det styrkjer trua på at det å dele kunnskap om sjølvforsyning og matproduksjon faktisk har påverknadskraft. Då Jon Askeland sa at eg inspirerer folk, kjende eg at målet mitt er nådd. Eg håpar det òg inspirerer andre til å bruke si eiga erfaring og kunnskap til å bidra positivt i klimaarbeidet, seier prisvinnare.

foto av to personar i birøktardrakt
HONNINGPRODUKSJON: Jana Sandvik Brinch og dottera Alisa i birøktardrakt i hagen. – Vi må lære barn å dyrke sin eigen mat frå dei er små, meiner Sandvik Brinch. (Foto: Hagebonden)

Urban bonde i Bergen

Sandvik Brinch bur sentralt i Bergen og kallar seg for ein urban bonde med ein hage på 650 kvadratmeter. Ho formidlar kunnskap om sjølvforsyning gjennom bloggen sin, noko som starta som eit hobbyprosjekt, men som ho raskt forstod hadde stor verdi for andre.

Drivkrafta kjem frå mormora hennar, som overlevde krig og matmangel i Russland.

– Eg vaks opp med ei mormor som overlevde kollektivisering og krig i Russland – tider der matmangel var ein realitet. Ho lærte meg at den som kan produsere sin eigen mat, aldri svelt. Eg har truleg arva hennar tru på sjølvforsyning som livsstrategi, seier prisvinnaren.

foto av fersken på ei vekt
FERSKEN: Ferskenavlinga Hagebonden fekk for tre år sidan i Eikelandsosen. (Foto: Hagebonden)

Dyrking på tak

No planlegg ho å bruke prismidlane på eit nytt prosjekt innan urbant landbruk – dyrking på tak – for å vise korleis ein kan auke sjølvforsyninga også i bynære strøk.

– I fjor dyrka eg poteter, gulrøter, kvitlauk og sukkerbetar på garasjetaket, og laga til og med sukkersirup til jul av eigne betar. Eg har òg to bikubar der. No har vi bygd eit nytt uthus med flatt tak på andre sida av huset, og planen er å etablere eit nytt dyrkingsareal der. Det krev tilrettelegging og fleire tonn med jord – taket er på om lag 40 kvadratmeter. Jo meir vi klarer å dyrke sjølve, jo meir robuste står vi i møte med klimatiske og økonomiske utfordringar, seier Sandvik Brinch.

Stor breidde i nominasjonar

I år kom det inn totalt 60 nominasjonar fordelt på 30 kandidatar.

– Klima- og miljøarbeidet i regionen har stor breidde, og det er godt å sjå så mykje aktivitet i stort og smått, seier Nøttseter.

Klimaprisen består av 70 000 kr som i år vert delt på dei to mottakarane, samt blome og diplom.

Tidlegare prisvinnarar

Klima- og miljøprisen blir delt ut ein gong i året, og desse har fått prisen tidlegare:

2024: Solstrand Hotel og Bad
2023: Upscale AS
2022: Osvassdragets forvaltningslag og Mjåtveitelvas foreining
2021: Invertapro AS
2020: Bergen Havn