Julegrana som bind Vestland og Skottland saman – snart 40 år med tradisjon

Når den store julegrana blir tent i Edinburgh, handlar det om langt meir enn juleglede. Nyleg signerte to ordførarar på ein avtale om å samarbeide tettare om kultur, næring, opplæring og elevutveksling.

Oversiktsbilde av eit lysande juletre. I bakgrunnen er eit pariserhjul.
TRADISJON: Det "norske" juletreet er ei gåve frå Vestland som takk for hjelpa Noreg fekk under andre verdskrig. Foto: Sølve Dag Sondbø/Vestland fylkeskommune

Det er ikkje berre ei julegran med fine lys som blir tent når fylkesordførar Jon Askeland er på besøk i Edinburgh i Skottland. Tradisjonen er snart 40 år gamal, og eit symbol på vår takk for hjelpa vi fekk under andre verdskrig, men det ligg mykje meir bak den lysande julegrana. 

— Tenninga av lysa signaliserer ikkje berre starten på høgtida. Det er ein viktig påminning om våre nære band med Noreg, og om styrken og dei universelle verdiane av vennskap, solidaritet og medkjensle, seier Robert Aldridge, med tittelen Lord provost er den kommunale leiaren av ein viktig skotsk by, som fungerer som den øvste magistrat og leiar den lokale myndigheita. Rollen liknar på ein ordførar..

Den årlege tradisjonen med det 18 meter høge juletreet starta i 1986 og er ei feiring av vennskapet mellom dei to landa. Opphaveleg blei juletreet sendt frå Noreg, men sidan 2008 har treet blitt henta frå skotske skogar.

Ein folkemengd ser på ein mann som snakkar. Han har grå lue på hovudet og svart jakke på. Bak han er ein gamal bygning.
SYMBOL: — Julegrantenning i Edinburgh er ein tradisjon og eit symbol på vennskap mellom Noreg og Skottland, seier fylkesordførar Jon Askeland. Foto: Sølve Dag Sondbø/Vestland fylkeskommune

— I år er også julegrana eit symbol på støtte til folket i Ukraina. Det norske juletreet betyr mykje for skottane, mykje meir enn eg trudde tidlegare. Det er tydelegare no at det nære naboskapet med Skottland femner vidt. Vestland har ein heilt spesiell plass hos skottane, det understreka dei fleire gonger, seier Askeland.

Takk til Vestland

Edinburgh sitt berømte juletre er fast inventar på Ein skråning og veg i sentrum av Edinburgh som bind Edinburghs nye og gamle bydel saman. kvar vinter. 
— Eg håpar innbyggarar og besøkande vil nyte mogelegheita til å sjå dette vakre juletreet i hjartet av byen vår. Min hjartelegaste takk går til folket i Vestland for deira sjenerøsitet og vennskap gjennom så mange år, seier Aldridge.

To vaksne menn i mørke dresser ser på det dei har gitt kvarandre av gåver.
PÅMINNING: — Juletreet er ei påminning om våre nære band til Noreg, seier Robert Aldridge, Lord provost of Edinburgh. Foto: Øivind Høines/Vestland fylkeskommune

I tillegg til Lord provost of Edinburgh, møtte Askeland representantar frå ambassaden i London, konsulatet og sjømannskyrkja. Og kanskje minst like stas var det å møte fleire vestlendingar på julegrantenninga.

Norske tonar

Då lysa blei tent på «the Mound» hadde støyen frå i vår om kor mykje eit juletre kostar lagt seg. 
— Kvelden blei avslutta med ein episk vakker adventskonsert i St. Giles-katedralen. Konserten er like tradisjonsrik som juletreet. Her var også Vestland representert med fine folketonar frå Sogn og fjordane, og utdrag frå «Draumkvedet». Kammerkoret frå universitetet framførte både norske og britiske julesongar, fortel Askeland.

Spesielt oppglødd etter besøket var Askeland etter å signert ein intensjonsavtale for ordninga av juletreet og fleire punkt Vestland og Edinburgh skal samarbeide om innan kultur, næring, opplæring og elevutveksling.

Eit skuleår i Skottland?

Vestland fylkeskommune har utveksling til Frankrike, Tyskland, USA og Wales. No kan eit år i Skottland bli eit tilbod for vidaregåande elever igjen. Elevutvekslinga stoppa opp etter Brexit er ein samanslåing av "British" og "exit", og refererer til Storbritannias utmelding frå EU.. No har ikkje skular i Storbritannia lov å tilby eigne skuleplassar til utveksling. I tillegg må elevar ta språktest og få utvida visum, det er altså mykje dyrare og vanskelegare enn før.

— For Vestland fylkeskommune er det viktig at vi igjennom samarbeid med Edinburgh gjer det vi kan for å sørge for at elever frå Vestland igjen kan ta eit skuleår i Skottland. Etter dei gode samtalene vi har hatt skal vi sjå på konkrete initiativ for å få til utveksling igjen. Målet er at fleire elever frå Vestland igjen skal få oppleve å vere utvekslingsstudent i Edinburgh, seier Øivind Høines, seksjonsleiar for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.  

Og heilt til slutt har fylkesordføraren eit aldri så lite reisetips, som på ingen måte er sponsa av Visit Scotland: 
— Ta gjerne ein førjulstur til Edinburgh for å oppleve den julepynta byen og det vakre julemarkedet. 

Ein by opplyst og pynta til jul.
JULEBYEN: Vel verdt eit besøk, ifølgje fylkesordførar Jon Askeland. Foto: David Johannes Sandved/Vestland fylkeskommune