Inntak til vidaregåande skule 2025: Tre av fire med ungdomsrett får førstevalet sitt
Førsteinntaket til vidaregåande skule 2025/26 i Vestland er klart. Over 24 000 søkarar i fylket får svar på søknaden sin om skuleplass til hausten. Tre av fire søkarar med ungdomsrett får førstevalet sitt til skule og utdanningsprogram. Heile 81 prosent får tilbod på sitt prioriterte utdanningsprogram. Søkarar med ungdomsrett som ikkje får tilbod om skuleplass i førsteinntaket, vil få tilbod i dei seinare inntaka.

— Vi er glade for at så mange får førstevalet sitt, og jobbar no med å finne plass for dei som ikkje er tekne inn ved første inntak, seier Bjørn Lyngedal, direktør opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.
Det er berre søkarar med ungdomsrett som får tilbod i første inntaksomgang. Dei som får tilbod om skuleplass må svare innan svarfristen 15. juli for å halde på skuleplassen.
Det vert gjennomført fleire inntak i løpet av sommaren. Dei som ikkje har fått plass i første inntak, vil difor få tilbod i seinare inntak.
Snaue åtte prosent av søkarane med ungdomsrett står utan tilbod om skuleplass etter førsteinntaket. Alle vil få tilbod om skuleplass før skuleåret startar.
Tre av fire søkjarar som ikkje har fått plass på yrkesfag, bur i Stor-Bergen - kommunane Askøy, Austevoll, Bergen, Bjørnafjorden, Osterøy og Øygarden. Fylkeskommunen vil i løpet av sommaren opprette fleire klassar, slik at dei aller fleste får plass i inntaksområdet.
Stor vekst i tal søkarar med ungdomsrett
Det er om lag 22 000 søkarar med ungdomsrett til dei vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune i år. Det er ei auke på meir enn 800 frå 2024. Ny opplæringslov gjev utvida rettar til fleire. Alle som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har frå i år rett til skuleplass fram til dei er 24 år.
Tala nedanfor gjeld søkjarar med ungdomsrett (ungdom mellom 15 og 24 år), dersom anna ikkje er nemnt.
Yrkesfag framleis mest populært
Av drøyt 5900 søkjarar til vg1 yrkesfag får nesten 94 prosent tilbod om skuleplass i førsteinntaket. På Vg2 yrkesfag får 91prosent tilbod om skuleplass i førsteinntaket.
På Vg1 er det også i år teknologi- og industrifag som er det mest populære yrkesfaget. Grunna stor søknad vil ikkje alle som har søkt, få tilbod på dette utdanningsprogrammet.
Påbygg til generell studiekompetanse
Mange av søkarane til påbygg står utan tilbod etter førsteinntaket.
Om lag 68 prosent av søkarane til påbygg får tilbod om skuleplass i førsteinntaket. Det betyr at mange framleis ventar på skuleplass. Det er flest utan tilbod i Stor-Bergen. Alle som ikkje får læreplass, vil få tilbod om skuleplass.
Studieførebuande utdanningsprogram
Drøyt 86 prosent av søkarane til Vg1 studieførebuande får tilbod om skuleplass i førsteinntaket. Det er framleis søkarar med ungdomsrett som ventar på skuleplass. Nesten alle desse er i inntaksområdet Stor -Bergen. Alle vil få tilbod om skuleplass innan skulestart.
Søkarar utan ungdomsrett
Søkarar som ikkje har ungdomsrett, står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane tek over inntaket i august. Erfaring viser at mange får tilbod om skuleplass.
Sjekk og svar på vigo.no
Dei som har søkt skuleplass, kan logge seg inn på nettsida vigo.no, og sjå om dei har fått skuleplass frå 8. juli. Svarfristen er 15. juli. Det er særs viktig å svare innan fristen.Dei som ikkje svarar, mistar tilbodet dei har fått og blir tekne ut av ventelistene.
Tidsplan for inntaket til vidaregåande skule i Vestland
- 8. juli: tilbod blir gitt på vigo.no om første inntak
- 15. juli: svarfrist for første inntak
- 23. juli: melding om andre inntak
- 30. juli: svarfrist for andre inntak
- 11. august: tredje inntak. Du svarar ja til tilbodet ved å møte på skulen første skuledag. Melding om når du skal møte på skulen, finn du på skulen si heimeside.