Hjelp oss å skape ei trygg og inkluderande russefeiring

Har du ein kommande russ i heimen? Då er du velkommen til foreldremøte for russ på Amalie Skram vidaregåande skule 12. februar kl. 18.00.

Raud- og blåruss som går i 17. mai-tog.
FORELDREMØTE FOR RUSS: Vi arrangerer foreldremøte for russeforeldre på Amalie Skram vidaregåande skule. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Kvar vår kjem russ i både raudt, blått og andre farger fram i bybildet vårt. Feiringa skal vere gøy for alle, men for mange foreldre inneber det også ein del bekymringar. Vi ønsker difor å invitere alle russeforeldre i Bergensområdet til eit foreldremøte på Amalie Skram vidaregåande skule 12. februar kl. 18.00.

Høyr på ei med eigne erfaringar

På møtet vil du få informasjon frå blant anna fylkesordførar Jon Askeland, politiet, Trygg Trafikk, Statens vegvesen, helsesjukepleiar, russerådet og russepresidenten for Vestland.

I tillegg kjem Emma Ingebrigtsen som skal fortelje om sine eigne erfaringar som russ. Då ho var russ i 2022 fekk ho mykje merksemd fordi ho turte å sette ord på ekskluderinga og utestenginga ho sjølv opplevde. Ho lagde difor ei open russegruppe for alle med inkludering i fokus. Ingebrigtsen fekk pris frå Nobels Fredssenter og deltok på Debatten på NRK som 19-åring .

Ønsker god dialog med foreldre

Bjørn Lyngedal, avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse, ønsker å involvere foreldre slik at dei kan bidra til at russen får ei trygg og inkluderande russefeiring.

– Vi ønsker å vere i god dialog med foreldre for å sikre ei trygg og inkluderande russefeiring. På dette møtet vil fleire viktige aktørar komme med informasjon vi trur er svært nyttig for foreldre, seier Lyngedal.

Det vil bli arrangert og innkalla til møte lokalt enkelte stader elles i fylket.