Her er fylkesutvalet sine 13 innspel til Havbruksmeldinga
Fylkesutvalet støttar intensjonane i Havbruksmeldinga, og er samde i at oppdrettsnæringa bør regulerast med tanke på miljø og dyrevelferd. Men dei føreslåtte endringane må utgreiast grundig for å klargjere konsekvensane.

Saka oppsummert
- Vestland fylkeskommune stiller seg positiv til intensjonane i Havbruksmeldinga, men etterlyser betre kunnskapsgrunnlag og grundige utgreiingar før nye reguleringar blir innførte.
- Fylkesutvalet meiner at det føreslåtte kvotesystemet for lakseluslarvar krev presis overvaking og god oppfølging, og uttrykkjer uro for mogleg produksjonsnedgang på Vestlandet.
- Dei ber om insentiv for investering i miljøteknologi, og meiner det er viktig å vidareføre undervisningskonsesjonar for å sikre utdanningstilbodet.
- Sirkulærøkonomi burde vore ein tydelegare del av meldinga, som ein føresetnad for berekraftig vekst.
- Matberedskap bør bli eit overordna omsyn, og dei etterlyser meir informasjon om korleis endringane kan påverke Havbruksfondet.
- Vidare understrekar fylkeskommunen behovet for betre kunnskap om villaks og klare retningsliner for arealplanlegging.
Oppsummeringa er laga av KI-tenesta ChatGPT. Innhaldet er kvalitetssikra av kommunikasjonsseksjonen før publisering.
– Sjølv om mykje er bra, må kunnskapsgrunnlaget i Havbruksmeldinga bli betre. Vi ser gjerne at sentrale styresmakter nyttar Vestland fylkeskommune og samarbeidspartnarane våre i dette arbeidet, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Havbruksmeldinga vart lagt fram under One Ocean Week i Bergen 10. april i år av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss. Meldinga presenterer eit nytt og meir heilskapleg system for forvaltninga av akvakulturnæringa.
Med vedtaket i fylkesutvalet 13. mai har regjeringa fått politikarane i Vestland sine 13 høyringsinnspel til meldinga.
Kvotebasert regulering
Trafikklyssystemet, som har vore hovudverktøyet for å regulere påverknad frå lakselus, har fleire metodiske svakheiter. Det baserer seg på kapasitetsregulering i staden for faktisk utslepp, og skapar ikkje sterke nok insentiv for forbetring. Regjeringa vil derfor erstatte dette med eit utsleppsbasert kvotesystem for lakseluslarvar. Kvotane skal kunne omsetjast innan reguleringsområdet.
Vestland fylkeskommune meiner at kvotebasert regulering kan gi meir rettferdig og treffsikker styring, men at det krev presis kunnskap, overvaking og rapportering.
– Dette representerer ei stor endring i forvaltninga av lakseluspåverknad, og det vil krevje gode system og tett oppfølging for å fungere i praksis. Fylkeskommunen er særleg uroa for den store produksjonsreduksjonen næringa vurderer at meldinga legg opp til at vil skje på Vestlandet. Ein kan ikkje sjå at kunnskapsgrunnlaget gjev eintydig støtte til at ein slik reduksjon er nødvendig, jmf. konklusjonane til Ekspertutvalet i trafikklyssystemet for perioden 2022-2024, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Investering i – og utvikling av – teknologi
I eit eige punkt peikar politikarane på at forslaga i Havbruksmeldinga vil ta tid å gjennomføre, og at det er svært viktig at nedtrekket som er gjennomført i PO3 og PO4 kan bli nytta til produksjonsformer som minimerer utslepp av lakselus i ein overgangsperiode. Dette vil gje insentiv til å investere i teknologi som vil vere viktig for å nå måla i havbruksmeldinga.
– Situasjonen i Vestland er utfordrande. Forbetring av situasjonen fordrar mellom annap investering i nye produksjonsformer, noko som kan bli lagt på vent når det knyter seg uvisse til rammeføresetnadane. Det er derfor viktig med insentiv som gjer det forsvarleg å gjennomføre investeringar, seier Askeland.
Fylkesutvalet stiller spørsmål med kva for konsekvensar det vil få å fjerne mengdeavgrensing (MTB), og meiner dette må utgreiast grundig før det eventuelt vert teke vekk.
– Mengdeavgrensinga må ikkje fjernast dersom dette vil svekka akvakulturnæringa sin eigenkapital og evne til å finansiere utvikling av miljøteknologi, seier Askeland
Sirkulærøkonomi, utdanning og vassmiljø
Fylkesutvalet meiner vidare at I ein sirkulær økonomi må produkta vare så lenge som mogleg, blir reparerte, blir oppgraderte og i større grad blir brukte om igjen. Når produkta ikkje kan brukast om igjen, kan avfallet materialattvinnast og brukast som råvarer i ny produksjon. Slik utnyttar vi dei same ressursane fleire gonger og minst mogleg går tapt. burde vore omtalt i Havbruksmeldinga.
– Sirkularitet er ein føresetnad for berekraftig verksemd, som også må vere til stades for å forsvare ein vekst i produksjonen, understrekar Askeland.
Ordninga med undervisningskonsesjonar må vidareførast for å legge til rette for ei god og oppdatert utdanning til komande generasjonar.
– Dette er ein modell som sikrar godt samarbeid mellom næringslivet og dei vidaregåande skulane, og er også viktig for finansieringa av utdanninga, seier Askeland.
Havbruksmeldinga bør vidare gje føringar om korleis miljømåla etter vassforskrifta kan bli nådd.
Matberedskap og havbruksfond
I høyringsuttalen skriv Vestland fylkeskommune at norsk havbruk bidreg med berekraftig og sunn mat, og er viktig i ein beredskapssituasjon. Matberedskap må difor inn som eit overordna omsyn i den vidare behandlinga av meldinga.
Fylkesutvalet uttrykker også uro over moglege finansielle konsekvensar for Havbruksfondet.
– Vi saknar meir kunnskap om korleis eventuelle endringar som er føreslått i meldinga kan påverke finansieringa av Havbruksfondet. Det er viktig at lokalsamfunna også i framtida sit igjen med sin del av verdiskapinga, uttalar Askeland.
Villaks og arealplanlegging
Vestland fylkeskommune skriv vidare i si uttale at det er viktig å jobbe med å styrke kunnskapsgrunnlaget for villaksen, og på den måten betre kunne vurdere kva tiltak som faktisk nyttar for å halde på, og styrke bestanden.
Tilgang på tilstrekkeleg eigna areal er ein føresetnad for å drive akvakultur, og det er avgrensa tilgang på slike areal. Vestland fylkeskommune meiner at det må bli etablert tydelege retningsliner for korleis areal skal leggast ut, kva for kunnskap som skal leggast til grunn og kven som skal finansiere utgreiingane.
– Alt dette fordrar kunnskap, som vi har fokusert mykje på i samhandlingsprosjektet «Styrka marin innsats». Mellom annan har Vestland fylkeskommune fått utarbeidd marine grunnkart for store deler av fylket og naturtypekart for enkelte område. Dette arbeidet held fylkeskommunen fram med. Det er viktig at det vert sett tilstrekkeleg med innsats inn på å styrke kunnskapsgrunnlaget ytterlegare, seier Askeland.
Dette vedtok fylkesutvalet 13. mai 2025
1. Vestland fylkeskommune støttar intensjonane som ligg til grunn for Havbruksmeldinga, og meiner det er rett å regulere ei stor og matproduserande næring ut frå påverknad på miljø og dyrevelferd. Meldinga legg opp til ei omfattande endring av rammevilkåra til næringa, og konsekvensane må bli tilstrekkeleg utgreia før tiltaka eventuelt vert iverksett.
Forslaget til ny regulering av havbruk går vekk frå kollektiv avstraffing og legg i staden opp til at det er utslepp på lokalitet som avgjer produksjonskapasiteten. Dette er prinsipielt rett. Det er positivt at ordninga er teknologinøytral, og at det blir opna for meir fleksibel produksjonsplanlegging – noko som kan gi jamnare uttak av fisk gjennom året. Det styrkar moglegheita for heile verdikjeda, ikkje minst for arbeidsplassar i foredling og vidareforedling.
2. Sidan forslaga i havbruksmeldinga vil ta tid å gjennomføre meiner Vestland fylkeskommune det er svært viktig at nedtrekket som er gjennomført i PO3 og PO4 kan bli nytta til produksjonsformer som minimerer utslepp av lakselus i ein overgangsperiode. Dette vil gje insentiv til å investere i teknologi som vil vere viktig for å nå måla i havbruksmeldinga.
3. Vestland fylkeskommune meiner at det må bli etablert tydelege retningsliner for korleis areal skal leggast ut, kva for kunnskap som skal leggast til grunn og kven som skal finansiere utgreiingane.
4. Vestland fylkeskommune er usikre på kva for konsekvensar det vil få å fjerne mengdeavgrensing (MTB), og dette må utgreiast grundig før det ev. vert teke vekk. Mengdeavgrensinga må ikkje fjernast dersom dette vil svekka akvakulturnæringa sin eigenkapital og evne til å finansiere utvikling av miljøteknologi.
5. Vestland fylkeskommune meiner at kvotebasert regulering kan gi meir rettferdig og treffsikker styring, men at det krev presis kunnskap, overvaking og rapportering. Fylkeskommunen er særleg uroa for den store produksjonsreduksjonen næringa vurderer at meldinga legg opp til at vil skje på Vestlandet. Ein kan ikkje sjå at kunnskapsgrunnlaget gjev eintydig støtte til at ein slik reduksjon er nødvendig, jmf. konklusjonane til Ekspertutvalet i trafikklyssystemet for perioden 2022-2024.
6. Vestland fylkeskommune meiner at kunnskapsgrunnlaget må bli betre, og vi ser gjerne at sentrale styresmakter nyttar Vestland fylkeskommune og samarbeidspartnarane våre i dette arbeidet.
7. Vestland fylkeskommune meiner at sirkulærøkonomi burde vore omtala i Havbruksmeldinga. Sirkularitet er ein føresetnad for berekraftig verksemd, som også må vere til stades for å forsvare ein vekst i produksjonen.
8. Vestland fylkeskommune meiner havbruksmeldinga også bør gje føringar om korleis miljømåla etter vassforskrifta kan bli nådd.
9. Vestland fylkeskommune meiner det er viktig at ein jobbar med å styrke kunnskapsgrunnlaget for villaksen, og kva andre faktorar som speler inn på villaksbestanden i elvene. På den måten kan ein betre vurdere kva tiltak som faktisk nyttar for å halde på, og styrke, villaksbestanden.
10. Norsk havbruk bidreg med berekraftig og sunn mat, og er viktig i ein beredskapssituasjon. Matberedskap må inn som eit overordna omsyn i den vidare handsaminga av meldinga.
11. Det må utgreiast korleis eventuelle endringar som er føreslått i havbruksmeldinga vil gå ut over finansieringa av havbruksfondet. Det er viktig at lokalsamfunna også i fortsetjinga sitter igjen med sin del av verdiskapinga.
12. Det er viktig at ein vidarefører ordninga med undervisningskonsesjonar. Dette er ein modell som sikrar godt samarbeid mellom næringslivet og dei vidaregåande skulane, og er også viktig for finansieringa av utdanninga.
13. Vestland fylkeskommune støtter at ein set miljømål på mindre enn 10 % dødelegheit på ville laksefisk grunna lakselus i tråd med kvalitetsnorma for villaks.
Vil du vite meir?
Les Havbruksmeldinga: Meld. St. 24 (2024–2025) Fremtidens havbruk - Bærekraftig vekst og mat til verden