Grønt lys for elektrisk turistbåt i Bergen

Vestland fylkeskommune godkjenner søknaden om ruteløyve for ein elektrisk «hop-on/hop-off»-båt i hamnebassenget i Bergen.

El-båt i fart med strandpromenade og hus i bakgrunnen.
ELEKTRISK SIGHTSEEING: Elbåten Hyke Shuttle 0001 har plass til 50 passasjerar og skal gi reisande ei miljøvennleg sightseeing langs hamna i Bergen sentrum. Foto: Hyke.

Det er selskapet Rødne Trafikk AS som er søkar og skal drifte ruta, som i hovudsak rettar seg mot turistsegmentet. Tilbodet gir turistar ein ny og miljøvennleg måte å oppleve byen frå sjøen på.

Seks daglege avgangar

Fram til 31. oktober skal båten etter planen ha seks daglege avgangar mellom Solheimsviken og Gamle Bergen Museum. Mellom dei to endestoppane skal båten stoppe fem andre stadar, på Laksevåg, Nøstet, Nordnes, Visit Norway ved Fisketorget og Norsk Fiskerimuseum. Ruta skal opererast med ein heilelektrisk båt med plass til 50 passasjerar.
 
– Dette er eit spanande bidrag til eit meir berekraftig reiseliv, og eit godt døme på korleis vi igjen kan nytte sjøvegen i bytransporten, og samtidig gje dei reisande moglegheita til å oppleve byen frå sjøen, seier fylkesordførar Jon Askeland.
 
Løyvet er gitt med fleire vilkår, blant anna krav om universell utforming og tilrettelegging for menneske med nedsett funksjonsevne. Selskapet må også inngå særskilt avtale for bruk av kai.

Kart som viser båtruten mellom Solheimsviken og Gamle Bergen Museum.
SEKS STOPPESTADER: Her ser du stoppestadene for båtruta mellom Solheimsviken og Gamle Bergen Museum. Illustrasjonskart: Rødne.

Vurderer heilårsdrift

Fylkeskommunen vurderer at tilbodet ikkje konkurrerer med annan løyvepliktig transport, og at det i hovudsak rettar seg mot turistar. Både Bergen kommune og Bergen Havn AS er positive, men peikar på at god koordinering og dialog er viktig.
 
Rødne Trafikk AS har søkt om sesongdrift, men opnar for å vurdere heilårsdrift dersom etterspurnaden tilseier det.

Vil du vite meir?

Les meir om elbåtruta i saksframlegget.