Stor naturgevinst om vegen blir fjerna
Blant raudlista dyr svinger ein gamal og nedlagt fylkesveg seg. No vil fylkeskommunen fjerne vegen som deler naturreservatet i to.
Konklusjonen frå ein ny rapport er klar. Fjernar Vestland fylkeskommune gamal veg kan det gi stor positiv effekt for naturen. Spesielt ein veg i norddelen av fylket peikar seg ut. Der bur det fleire raudlista fuglar, biller, blomar og flaggermus.
Forska på naturen
For å få meir kunnskap om restaurering av natur hyra Vestland fylkeskommune inn Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Multiconsult for å få svar på kva verdi ei tilbakeføring gir for naturmangfald og til kva pris. Dei har sett på tre fylkesvegstrekningar i Vestland.
Rapporten konkluderer med at naturgevinsten er stor for den gamle fylkesvegen som går langs Flostranda i Stryn. Vegen ligg inntil eit verna område og det er stort potensial for auka biologisk mangfald. Her bur også fleire raudlista naturtypar som den internasjonalt trua løvråtevedbilla og stavklokke-blomen.
— Det er ikkje nok å berre stenge vegen. Vegkroppen må fjernast og det må restaureringstiltak til for at vegen skal bli ein del av naturen igjen. Dette må til for å sette i gang dei naturlege prosessane som anten vil reversere eller redusere dei negative effektane som vegen har hatt, seier John Martin Jacobsen i Vestland fylkeskommune.
Kva funksjonar i økosystemet som blir retta opp igjen er avhengig av korleis vegen vart bygd, kva økosystem som er råka og korleis omgjevnadane er. Difor vil nytta av restaureringa variere.
Berekraftig
Ei vellukka restaurering av Flostranda kan gje positive effektar i eit langt større areal enn berre sjølve området som blir restaurert. Det kan bli eit samanhengande økosystem frå vatnet til fjellet, og mellom naturtypane som i dag er skilt av vegen.
— Restaurering er berekraftig og vil ha særleg positiv effekt på naturen. Restaurering vil vere berekraftig både på kort og lang sikt, og jo lenger effekten av tiltaka målast fram i tid jo meir berekraftig blir dei med omsyn på korleis naturen endrar seg, seier Jacobsen.
Ikkje krav å rydde
Ein pådrivar for restaurering av veg er Astrid Brekke Skrindo, forskar hos NINA.
— Restaurering av veg blir ikkje gjort fordi det ikkje er eit krav å rydde opp etter seg. I vegprosjekt der ny veg erstattar ein gamal veg må det følgje midlar med til opprydding. Skal Noreg meine noko med å skrive under på naturavtalen der det er krav om 30 prosent restaureringa av veg, må det settast av midlar til det, seier Skrindo.
Avtalen Skrindo referer til er FNs naturavtale der medlemslanda er einige om å stanse naturkrisa. Målet er å stanse og reversere tap av natur, og gi meir natur innan 2030. Vestland fylkeskommune har også forplikta seg til å sikre naturmangfald og identifisere mogeleg område for restaurering av natur.
Kostnad
For Flostranda kostar det mellom 4400 og 6000 kroner per meter å restaurere. Lengda på strekninga er 3 400 meter. Det vil seie at prisen er mellom 15 og 20 millionar kroner.
Fylkeskommunen skal sørge for at restaurering blir vurdert i planlegginga av alle vegprosjekt der det er aktuelt med omlegging av eksisterande trasé og nedlegging av veg.
Fylkestinget vedtok i desember 2024 å sette av ti millionar kroner til prosjekt som ikkje har anna finansiering av restaurering. Fylkeskommunen har også søkt midlar hos miljødirektoratet.
Ulemper
Restaureringsprosjekt har også ein kostnad ut over det økonomiske. Miljømessige ulemper som klimagassutslepp, lagring av forureina masser og fare for erosjon er ulemper som må takast omsyn til når kost og nytte blir vurdert.
For å vurdere ulempe og såkalla «ikkje-prissett nytte» som naturen er, tok forskarane i bruk ein omvendt metodikk for konsekvensanalysar.
— Dette er nybrottsarbeid, og det har vore svært fagleg interessant å delta i. Ei vurdering i arbeidet er at det krev innsats å tilbakeføre vegar til naturen. Det krev tid og pengar for å få dette til, seier Arne Heggland frå Multiconsult.
Utfordringar
Forskarar peikar på at det finst lite vitenskapelig litteratur om restaurering av nedlagte veger i Norden.
— Det vil difor vere veldig viktig å rapportere eventuelle tiltak som blir gjennomført i restaureringsprosjekta sånn at det kan brukast andre stadar der restaurering er aktuelt, seier Skrindo.
Kvardagsnatur
I fylkeskommunen er det kvardagsvegane som er viktige, dei vegane folk brukar for å komme seg til og frå jobb og skule. Hos NINA er det kvardagsnatur som er viktig. Den robuste naturen som lagrar karbon og er leveområde for tusenvis av arter.
— Vi har ikkje metodar som synleggjer kor verdifull kvardagsnaturen er. Metodikken handlar om verna natur. Kvardagsnaturen får for altfor lite kred, seier Brekke Skrindo.