Gir 17,6 millionar kroner til kulturlivet gjennom ulike tilskodsordningar
Kulturbygg, idrettsanlegg, museum, ro- og padleruter. Det er berre noko av det hovudutval for kultur, idrett og inkludering no gir støtte til.
– Når fylkeskommunen investerer i felles møteplassar som kulturbygg, idrettsanlegg, museum og tiltak for friluftslivet, investerer vi ikkje berre i bygningar og aktivitetar. Vi investerer i fellesskap, tilgjengelegheit, folkehelse og livskvalitet. Kultur og idrett skapar deltaking, stoltheit og moglegheiter for alle, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Hovudutvalet hadde møte 19. november og fordelte då til saman 32,6 millionar kroner. 15 av dei var tildelingar gjennom regionalt kulturfond, medan 17,6 millionar var gjennom fleire andre tilskotsordningar.
10,5 millionar til kulturbygg
Det kom i 2025 inn 63 søknadar om tilskot til kulturbygg i Vestland. Den godkjende søknadssummen er på 37,3 millionar, medan Vestland fylkeskommune har 10,5 millionar til fordeling. Dette er spelemidlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet.
– Det syner at vi også i år, som tidlegare år, har eit svært stort behov for finansiering av kulturbygg, medan dei tilgjengelege midlane våre er avgrensa. Vi må difor halde oppe arbeidet vårt inn mot departementet, for å få auke løyvinga til desse viktige bygga, seier Nødseth.
Desse kulturbygga får støtte
- Sentralbadet scenekunsthuset i Bergen kommune: 2 000 000 kr
- Lunde barneskule i Bjørnafjorden kommune: 574 000 kr
- Dalen grendahus i Bremanger kommune: 381 000 kr
- Skakkesenteret kulturhus i Etne kommune: 750 000 kr
- Fleirbrukshall i Fjaler kommune: 750 000 kr
- Sandane bedehus i Gloppen kommune: 221 000 kr
- Nordgulfjorden grendahus kommune: 500 000 kr
- Florø kulturhus i Kinn kommune: 750 000 kr
- Rosendal kulturhus i Kvinnherad kommune: 978 000 kr
- Dølaheimen ungdomshus i Luster kommune: 500 000 kr
- Vetlefjorden grendahus i Sogndal kommune: 112 000 kr
- Bryggja grendahus i Stad kommune: 1 000 000 kr
- Nysæter ungdomsskule i Stord kommune: 700 000 kr
- Fritun ungdomshus i Ullensvang kommune: 304 000 kr
- Vikjahalli i Vik kommune: 600 000 kr
- Sjøtun ungdomshus i Voss herad: 300 000 kr
3 millionar til idrettsanlegg
Vestland fylkeskommune lyser kvart år ut eit investeringstilskot for større idrettsanlegg. I år kom det inn fem søknadar, og fire av desse blir innvilga slik:
- Fana stadion i Bergen kommune: 600 000 kr
- Kleppestø idrettspark, idrettshall 1 i Askøy kommune: 1 000 000 kr
- AdO Arena i Bergen kommune: 400 000 kr
- RAN seilforening sitt anlegg i Angelvika i Øygarden kommune: 1 000 000 kr
1,5 million til museum
Tilskotsordninga museumsløft skal styrke og vidareutvikle dei konsoliderte musea i fylket. Slik skal fylkeskommune bidra til at musea blir sterke kunnskapssenter og profilerte samfunnsaktørar, som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid.
Det kom i år inn ti søknadar til ordninga, og hovudutvalet innvilga sju av dei:
- Kraftmuseet får 350 000 kr til istandsetjing av tak og takvindauge i Naustbakken.
- Museumssenteret i Hordaland får 275 000 kr til styrking av heilskapleg samlingsforvaltning.
- Museumssenteret i Hordaland får 175 000 kr til å setje i stand Gjerstadløa på Osterøy museum.
- Hardanger og Voss museum får 75 000 kr til leiregolv i Nesjastova på Hardanger folkemuseum.
- Musea i Sogn og Fjordane får 400 000 kr til tiltaket «Å forske saman».
- Musea i Sogn og Fjordane får 150 000 kr til istandsetjing av Brendøybua ved Kystmuseet i Florø.
- Bymuseet i Bergen får 75 000 kr til brannhistorisk samling.
1,9 millionar til prosjekt og tiltak
Vestland fylkeskommune er ein viktig støttespelar for kunst- og kulturlivet i fylket, og to gonger i året lyser fylkeskommunen ut midlar til prosjekt og tiltak. Det er ei tilskotsordning for det profesjonelle kulturlivet og ei for det frivillige. Tildelingane varierer mellom 10 000 kr og 100 000 kr. Hovudutval for kultur, idrett og inkludering vedtok årets andre tildeling i møtet 19. november.
Oversikt over kva prosjekt og tiltak i det frivillige kulturlivet som får støtte hausten 2025. Hovudutvalet vedtok innstilling slik ho står i tabellen først i saksframlegget.
Oversikt over kva prosjekt og tiltak innan profesjonell kunst og kultur som frå støtte hausten 2025. Hovudutvalet vedtok innstilling slik ho står i tabellen først i saksframlegget.
600 000 kr til ro- og padleruter
Vestland fylkeskommune har etablert prosjektet ro- og padleruter Vestland. Fylkeskommunen har med det teke ei koordinerande rolle i arbeidet med å kartfeste ro- og padleruter og legge til rette for gode ro- og padleopplevingar. Med prosjektet følgjer også ei tilskotsordning for ro- og padleruter.
Tilskotsordninga har vore lyst ut både vår og haust 2025, og hovudutvalet har no vedteke slik tildeling for haustutlysinga:
- Fjordane Friluftsråd får 50 000 kr til kartlegging av ro- og padleruter.
- Bergen og Omland Friluftsråd får 200 000 kr til fleire tilretteleggingstiltak.
- Friluftsrådet Vest får 250 000 kr til istandsetjing av naust.
- Vestland fylkeskommune får 100 000 kr til produksjon av informasjonstavler om ro- og padleruter.