Fylkesutvalet løyver 2 millionar til ny havutstilling på VilVite-senteret
«Havplaneten» er eit nytt og heilskapleg formidlingsprosjekt om havet, retta mot barn og unge. Utstillinga opnar sommaren 2026 og er ein viktig del av VilVite si satsing på berekraft.

– Å trygge havet, er å trygge framtida vår. Difor må vi gi unge kunnskap og engasjement til å ta vare på havet. Denne utstillinga vil vi gi barn og unge høve til å utforske korleis dei sjølve kan vere med å forme framtida til havet – og kanskje finne inspirasjon til ei maritim karriere, seier fylkesvaraordførar Stian Davies, som leia fylkesutvalet 21. oktober.
– Dei siste åra har vi fornya heile VilVite for å gjere kunnskapssenteret meir relevant, inspirerande og berekraftig. Vestland fylkeskommune har vore ein avgjerande samarbeidspartnar heile vegen. Tilskotet vi får i dag på 2 millionar kroner gjer at vi kan realisere ei unik ny utstilling, seier Lars Leegaard Marøy, administrerande direktør på VilVite om tildelinga.
Solid fagleg forankring
I søknaden skriv VilVite at den interaktive utstillinga skal stå i ti år, og målet er å nå nærare 125 000 besøkande årleg.
"Havplaneten" skal formidle viktig kunnskap og samstundes inspirere barn og unge til å velje ei marin eller maritim yrkesretning. I utstillinga blir gjestene tekne med på ei reise under havoverflata. Engasjerande og interaktive opplevingar dannar utgangspunktet for å utforske sentrale tema som blant anna klima og havet, skipsfart og teknologi og vasskretsløpet.
Prosjektet har solid fagleg forankring gjennom samarbeid med forskingsmiljø som UiB, Havforskningsinstituttet, Norce, Sintef og Høgskulen på Vestlandet, og det er allereie sikra betydelege midlar frå næringsliv og stiftelsar.
– Vi kan altfor lite om havet
VilVite mottek årleg støtte frå fylkeskommunen gjennom driftstilskot, og nokre enkeltøyvingar. Fylkeskommunen har tidlegare støtta dei to berekraftsutstillingane "Loop" og "Energibyen".
– Vi må alle samarbeide om vi skal trygge framtida til havet. Vi kan altfor lite om havet, og difor er det viktig at alle krefter frå forsking, næringsliv, det offentlege og sivilsamfunnet bidreg til å løfte kunnskapen om havet sine moglegheiter. "Havplaneten" er eit godt døme på eit slikt samarbeid, seier fylkesvaraordføraren.
Fylkeskommunen meiner prosjektet også er godt samordna med regionale satsingar som One Ocean og One Ocean District, og vil kunne bidra til å posisjonere Vestland som leiande innan berekraftig havforvaltning og innovasjon. På denne bakgrunnen vurderer fylkeskommunen søknaden som svært relevant og i tråd med fylkeskommunen sine mål for berekraft, kunnskapsformidling og regional utvikling. Det er positivt at prosjektet har brei finansiering, og at fylkeskommunen si støtte vil vere med på å utløyse ytterlegare verdiar og ringverknader.
Vedtok årleg løyving til klimafestival
Fylkesutvalet vedtok i same politiske sak å inngå samarbeidsavtale med klimafestivalen «Varmere Våtere Villere» for perioden 2026-2028. Det betyr ei årleg løyving på 400 000 kroner med forbehald om budsjettvedtak. Festivalen er i sitt femte år og har funne sin plass som eit årleg arrangement i Bergen. Festivalen set klima og omstilling på agendaen gjennom kultur, kunnskap, møteplassar og dialog.
I 2026 ønskjer festivalen å styrkje satsinga på ungdom og unge vaksne, blant anna ved å utvikle eigen ungdomssatsing i samarbeid med lokale skular og vidareutvikle Klimafestivalen Junior.
Til saka PS 260/2025 Vurdering av opne søknader - Varmere Våtere Villere og VilVite