Frå Vestlandshuset til Stortinget
Marthe Hammer (SV) og Stig Atle Abrahamsen (FrP) får fritak frå fylkestinget resten av valperioden. 1. oktober hadde dei første møtedag på Stortinget.

Dei var difor ikkje til stades då fylkestinget hadde møte på Vestlandshuset same dag. No ventar nye oppgåver for dei to avtroppande fylkespolitikarane. Begge tek ombodsrolla som folkevald på alvor og vil vere tilgjengeleg for innbyggjarane dei er valde inn for å representere på Stortinget.
Tett dialog med Vestland
– Eg håper at folk vil oppleve meg som tilgjengeleg og lett å komme i kontakt med. Det er i alle fall ambisjonen min å vere eit ombod for dei som har stemt på SV. Eg vil vere til stades og i tett dialog med folk, næringsliv og organisasjonar i Vestland. Eg skal pendle og framleis bu i Bergen. Det skal vere låg terskel for å ta kontakt med meg om ulike saker som er viktige for folk, seier Marthe Hammer.
Hammer har vore fylkestingsrepresentant i Vestland sidan fylkessamanslåinga i 2020. Ho har også vore gruppeleiar for SV.
– Ta kontakt
Stig Atle Abrahamsen er inne i den første perioden sin i fylkestinget. Han vart valt inn for FrP ved fylkestingsvalet i 2023. Også han er oppteken av jobben han skal gjere for Vestland.
– Det er innbyggarane og næringslivet her eg jobbar for, og eg vil framleis prioritere å ivareta ombodsrolla som folkevald. Når eg no skal pendle til Stortinget, kan eg løfte sakene heile vegen for å finne løysingar. Dei som har saker, må berre ta kontakt, oppmodar han.
Næringsutvikling og samferdsel
Abrahamsen er særleg oppteken av å løfte viktige samferdselsprosjekt for Vestland når han er på plass på Stortinget. I tillegg framhevar han betydninga olje- og gassnæringa har for fylket.
– Her i Vestland er næringa ein hovudmotor for næringsutvikling og arbeidsplassar. Det kan bli krevjande rundar politisk, men eg meiner vi må halde fram leitinga etter olje og gass. Om ikkje kan det få store konsekvensar for økonomi og arbeidsplassar, spesielt her i vest, seier han.
Hammer har sete i hovudutval for samferdsel og mobilitet sidan 2023 og tek med seg engasjementet til nasjonalforsamlinga.
– Eg vil kjempe for at samferdslemidlane vert brukte til å løyse dei ekte utfordringane for regionen vår, nemleg å sikre eit trygt og framkommeleg vegnett. I tillegg kjem eg til å jobbe for å sikre midlar til bybanen og nye byvekstavtalar når ein lokalt er klar for det, slår ho fast.
Vidaregåande opplæring i sentrum
Abrahamsen har sete to år i hovudutval for opplæring og kompetanse, og trekkjer fram vidaregåande opplæring som noko av det han meiner blir viktigast for fylkestinget framover.
– Vi manglar ressursar i skulane våre, spesielt til yrkesfag. Nesten 20 prosent av elevane får ikkje førstevalet sitt, og også her er det elevane som søkjer yrkesfag, som får det verst. Dette må løysast, både for elevane sitt beste og ikkje minst for å sikre næringslivet og offentleg sektor den arbeidskrafta og kompetanse som trengst i framtida, seier han.
Klima og miljø
Hammer meiner klima og miljø, og ikkje minst det å sjå desse to i samanheng, blir svært viktig for Vestland framover.
– Eg meiner kampen mot aukande økonomisk ulikskap i samfunnet og kampen for klima og natur er avgjerande. Eg meiner også at det er i Vestland det er tydelegast at natur- og klimatrugselen må løysast saman. Her har vi ei stor oljenæring som sikrar mange arbeidsplassar, men det er også her vi har løysingane både med havvind og grøn maritim omstilling, seier ho.