Fire kommunar får støtte til breibandutbygging
Hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune har løyvd over 10 millionar kroner til breibandutbygging i 2025.
Midlane går til område som framleis har under 100 Mbit/s, og der det ikkje er kommersielt lønsamt å byggje ut.
Vestland fylkeskommune har jobba målretta med breibandsutbygging i fleire år.
– Dette arbeidet gjer at vi ligg langt framme når det gjeld å nå den nasjonale målsetjinga om 1 gigabit/s til alle innan 2030, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar i hovudutval for næring.
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) si kartlegging viser at 98,1 prosent av husstandane har dekning med hastigheit på minst 1 gigabit/s, og 99,4 prosent av husstandane har dekning med hastigheit på minst 100 megabit/s. Dette er best i landet om ein ser vekk frå Oslo.
Dette er områda som no får midlar
- Askvoll kommune, Olsetvikane Næringspark: kr 430 000
- Gulen kommune, Restutbygging i Gulen: kr 980 000
- Høyanger kommune, Område G (Ytredalen og Indredalen): kr 2 800 000
- Kvam herad, Steinstø, Fykse og Gravdalsområdet: kr 6 000 000
Handegard legg til at digital infrastruktur har stor betydning for både innbyggarar, næringsliv og offentlege tenester.
– Dette er ei viktig satsing for oss, fordi det gjer kvardagen enklare og mellom anna gir fleire moglegheit til å ta i bruk digitale, offentlege tenester, seier ho.
Ny ordning i 2026
2025 er eit «mellomår» i breibandstøtteordninga i Vestland. Dette er det siste året før ny ordning kjem i 2026. Den nye ordninga ser ut til å bli meir gunstig for å nå målet om gigabit-dekning. No er det ein del hustandar og bedrifter som har trådlaust nett, men ønsker eit betre tilbod. Desse ligg rett over grensa for kven som kan få tilskot i år. Neste år vil desse truleg kome inn i ordninga på grunn av regelendring.
Vil du vite meir?
Vil du lese meir om tildelinga til breibandsutbygging for 2025, kan du lese saksframlegget. Merk at hovudutvalet vedtok i møtet 18. november at midlane som står att etter denne tildelinga, skal settast på fond. Dei vedtok dette ved å erstatte punkt 2 i innstillinga med følgande formulering:
"Tilskota vert dekka med midlar tildelt fylkeskommunen over Statsbudsjettet kap 1541, post 60 til breibandsbygging. Fylkeskommunale midlar til føremålet kr 1 000 000 vert avsett på fond".
Til saksframlegget PS 100/2025 Tildeling av midlar til breibandutbygging 2025