Får frivilligprisen for å byggje bruer og endre liv
Frivilligprisen Vestland 2025 går til Cidi Nzita frå Springbrett for ungdom.
– Årets prisvinnar bygger bruer og endrar liv. Med ekte engasjement og mangeårig frivillig innsats gir han unge håp, tilhøyrsle og moglegheiter. Han er ein ekte rollemodell og ein verdig vinnar, slår fylkesordførar Jon Askeland fast.
Prispengane går til ungdom
Frivilligprisen for 2026 vart delt ut på Vestlandshuset under møtet i fylkestinget 10. desember. Prisen er på 50 000 kr, som skal brukast innan frivilligfeltet. Nzita vil bruke pengane på tiltak som styrker ungdomsmiljø og inkludering. Det kan vere aktivitetar, utstyr, kurs eller møteplassar som gjer det enklare for fleire å delta og kjenne seg som eit fellesskap.
– Det kjennest heilt uverkeleg og veldig rørande å få Frivilligprisen Vestland. Eg hadde aldri sett for meg at det eg gjer i Springbrett skulle bli lagt merke til på denne måten. Eg gjer det fordi eg bryr meg, ikkje for å bli heidra. Difor betyr det ekstra mykje å få ei slik anerkjenning. Det gir meg motivasjon til å halde fram. Målet er at pengane skal gå direkte til ungdom som treng støtte, tryggheit og moglegheiter, seier Nzita.
Engasjement og personleg driv
Cidi Nzita kom til Noreg frå Angola som einsleg, mindreårig i 2003, då han var sju år gamal. Tolv år seinare, i 2015, starta han «Springbrett for ungdom» i Bergen. Det er ein ideell frivillig organisasjon som jobbar for å skape inkluderande arenaer for barn og unge mellom 13 og 25 år.
– Prisvinnaren har gjennom mange år vist ekstraordinær vilje og evne til frivillig arbeid, langt utover det vi kan forvente. Han har brukt store delar av livet sitt på å løfte ungdom, og han har gjort det med ekte engasjement og personleg driv. Vi treng fleire slike, og eg håpar prisen kan inspirere både Cidi til å halde fram og andre til å følgje i fotspora hans, seier fylkesordføraren.
Innsats utover det vanlege
Frivilligprisen skal gå til ein person, organisasjon, ei gruppe eller foreining. Målet er å motivere, synleggjere og verdsetje frivilligheita i Vestland.
Cidi Nzita har lagt ned tusenvis av timar på frivillig arbeid sidan han starta «Springbrett for ungdom». Han har brukt kveldar, helgar og ferier, og han er involvert i alt frå planlegging til konkret oppfølging av ungdom. Juryen trekkjer fram evna hans til å halde ut og pågangsmotet hans, og meiner dette gjer han til eit forbilde som viser frivillig innsats langt utover det vanlege.
Håpar prisen inspirerer fleire
– Eg gjer dette fordi eg veit kor mykje ein liten innsats kan bety. Mange ungdomar står i utfordringar, og ofte treng dei berre eit fellesskap, eit trygt rom eller eit menneske som bryr seg. Når eg ser kor mykje glede og meistring dette skaper – både for andre og for meg sjølv – kjenner eg at det er verdt kvar einaste time. Frivillig arbeid har blitt ein viktig del av kven eg er, fortel prisvinnaren.
No håpar han prisen han inspirer fleire til å engasjere seg i frivillig arbeid.
– Frivillig arbeid fungerer ikkje utan fellesskap, vi er mange som løftar saman. Eg håpar også at denne prisen kan inspirere fleire unge til å engasjere seg. Ein treng ikkje vere perfekt eller ha masse erfaring. Det viktigaste er at ein bryr seg og deltek i fellesskap. Det er slik vi skaper tryggare og meir inkluderande miljø for alle, slår Nzita fast.
26 nominasjonar
Det kom inn 26 nominasjonar til frivilligprisen i år. Prisen skal synleggjere eigenverdien og samfunnsverdien til frivilligheita og løfte fram gode førebilete og eksempel på resultat av frivillig innsats.
Juryen for prisen er samansett av paraplyorganisasjonane for frivillig sektor i Vestland. Desse organisasjonane møter i samarbeidskomiteen for frivilligheit.
Grunngjevinga for Frivilligprisen Vestland 2025
Frivilligprisen Vestland blei delt ut for første gang i 2022. Med denne prisen vil Vestland fylkeskommune heidre ein initiativrik person, organisasjon eller foreining som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medmenneska i Vestland.
I juryen for prisen har det deltatt representantar frå dei 11 regionale frivillige paraplyorganisasjonane. Dette er Vestland idrettskrets, Vestland musikkråd, Forum for natur og friluftsliv i Hordaland og Sogn og Fjordane, Vestland innvandrerråd, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon Vestland, Vestland frivilligsentralar, Vaksenopplæringsforbundet, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Vestland kulturkrets og Vestland kulturvernnettverk.
Det var i år mange nominerte til Frivilligprisen Vestland. Juryen har gjort ein grundig jobb med å komme fram til årets prisvinnar.
Årets prisvinnar bygger bruer og endrar liv. Med ekte engasjement og mangeårig frivillig innsats gir han unge håp, tilhøyrsle og moglegheiter. Han er ein ekte rollemodell og ein verdig vinnar.
Gjennom Springbrett for ungdom har prisvinnaren i mange år vist ekstraordinær vilje og evne til frivillig arbeid, langt utover det som kan forventast. Han har brukt store delar av livet sitt på å løfte ungdom i risiko for utanforskap, med oppriktig engasjement og personleg driv. Som grunnleggjar av Springbrett for ungdom har han lagt ned tusenvis av timar frivillig arbeid – på kveldar, helgar og i feriar. Han er involvert i alt frå planlegging til oppfølging av ungdom.
Tilboda, som mentorordningar, jobberfaring og sommarskule, er gratis og inkluderande. Han samarbeider også med skular og næringsliv for å sikre trygge, utviklande arenaer. Evna til å halde ut og pågangsmotet gjer han til eit forbilde og viser ein frivillig innsats langt utover det vanlege.
Frivilligprisen Vestland 2025 går til Cidi Nzita frå Springbrett for ungdom.