Fann fleire graver frå eldre jarnalder

Fylkesarkeologane har vore på garden Hamre på Leikanger i Sogndal kommune. Der fann dei fleire graver med mykje brent bein og ein del fragment av keramikk. Gravene er truleg 1500 år gamle.

Dronefoto som syner arkeologisk registrering.
GRAV: Gravfeltet frå jarnalderen ligg under ein meter nord for rv. 13 ved Hamre på Leikanger. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Arkeologar har funne fleire graver frå eldre jarnalder på garden Hamre på Leikanger i Sogndal kommune. Gravene er truleg frå siste del av romartida og overgangen til folkevandringstida. I gravene vart det oppdaga både brent og ubrent bein, i tillegg til ulike typar keramikk. Gravfeltet ligg nær riksveg 13, og moderne inngrep kan ha gjort noko skade, men mykje verkar å vere intakt. Universitetsmuseet i Bergen skal truleg grave ut funna. 

Oppsummeringa er laga av KI-tenesta ChatGPT. Innhaldet er kvalitetssikra av kommunikasjonsseksjonen før publisering.


– Gravfeltet er truleg frå siste del av romartida og mogleg inn i folkevandringstida, som går fram til år 550 evt., altså eldre jarnalder. Det ser vi utifrå typen keramikk vi har funne. Gravene ligg på ei forhøging i landskapet og med utsikt utover fjorden, noko som er ei klassisk plassering i denne tidsperioden, fortel Ragnhild Egeland Torp, ein av arkeologane som har jobba på staden.

Den arkeologiske registreringa vart gjort fordi nettselskapet Sygnir planlegg ein ny høgspentkabel som skal gå frå ytre Hamre i vest og til Husabø i aust.

Dronefoto som Leikanger og Sognefjorden.
Husa og innmarka nærast på bildet er Hamre. På sørsida av rv. 13 ligg lokalet til Sognefrukt AS. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Moderne inngrep kan ha gjort skade

Under ein meter frå riksveg 13 fann arkeologane fleire graver med mykje brent bein og ein del fragment av keramikk. Den første grava arkeologane fann, er berre delvis avdekka, fordi resten av grava ligg under marka og nærare vegen. Her går ein telekabel parallelt med vegen.

– Truleg har desse moderne inngrepa gjort noko skade på gravfeltet, men det er usikkert i kor stor grad. Etter nærare undersøking av den første grava verker inngrepa å vere ganske overflatiske, og mykje av grava ser ut til å vere uforstyrra, fortel arkeologen.  

Arkeolog i arbeid i oppgraven sjakt ved riksveg 13 i Leikanger.
Arkeolog Ragnhild Egeland Torp undersøker nærare den første grava arkeologane fann på Hamre. (Foto: Lars Jølle Berge/Vestland fylkeskommune)

Vidare undersøking av grava viser at det ligg fleire flate steinar inn mot midten, og det kan sjå ut til at det er en form for gravkammer her. Under den eine flate steinen dukka det opp ubrent bein. Arkeologane fann også mykje brent bein i fyllmassane, i tillegg til noko keramikk. 

Keramikk funne under arkeologisk registrering på Leikanger i 2025.
Fragment av ulike typar keramikk som vart funne under den arkeologiske registreringa. (Foto: Ragnhild Egeland Torp/Vestland fylkeskommune)

Fann brent bein og keramikk i alle

Austover i sjakta fann arkeologane fleire graver. Nokre av dei er ganske like den første, medan andre var noko mindre. Dei fann bitar med brent bein, ubrent bein og keramikk i fleire av gravene.

Det dukka opp ulike typar keramikk under registreringa, blant anna asbestkeramikk, keramikk med dekor og ein tynn, svart, litt blank keramikk. Universitetsmuseet i Bergen ser på materialet i desse dagane, og skal òg sjå på beinmaterialet for å sjå om det er noko av det som er  humant, eller om alt er dyrebein.

Arkeolog i arbeid i sjakt.
Arkeolog Lars Jølle Berge grev forsiktig opp bitar med ubrent bein. Bitane vart funne sentralt i den eine grava. (Foto: Ragnhild Egeland Torp/Vestland fylkeskommune)

Skal truleg gravast ut

Arkeologane til Vestland fylkeskommune har no forlate staden, men gravene skal truleg gravast ut av Universitetsmuseet i Bergen seinare. Eit slik utgraving skal dokumentere kulturminna for ettertida, før dei blir fjerna frå staden, og høgspentkabelen kan leggjast ned.

– Ei utgraving vil gje oss ein enda betre forståing og tydlegare bilete av dei påviste kulturspora, kor mange graver det er her, og aktiviteten som har skjedd her i førhistorisk tid, seier arkeolog Isabel Furesund Berge.

Arkeologisk registrering
Den første grava arkeologane fann, vart undersøkt nærare ved å grave vekk eit såkalla kakestykkesnitt. Då såg dei tydeleg ei oppsamling av stein inn mot midten. (Foto: Ragnhild Egeland Torp/Vestland fylkeskommune)

Mange kulturminne på Hamre

Hamre er ein av dei eldste gardane på Leikanger, og frå før er det registrer fleire kulturminne på staden. Det er blant anna fleire synlege gravminne her, og det er tidlegare funne både sverd og pilspiss av jarn i marka. I tillegg skal det ha stått ei kyrkje her tilbake til mellomalderen. Grunnmurane til kyrkja var synlege så seint som på midten av 1900-talet, men i dag er det ingen synlege teikn att.

Det er også enkelte historikarar som hevdar at Harald Hårfagre levde barndomsåra sine på nabogarden Husabø.