Ein halv million til kvart av destinasjonsselskapa i Vestland

Hovudutval for næring deler til saman ut 3,5 millionar til sju destinasjonsselskap i Vestland Midlane skal nyttast til arbeid for berekraftig reiselivsutvikling og besøksforvaltning i 2026.

foto av turistar som står ved ein foss
BESØKSFORVALTNING: Besøksforvaltning handlar om å ha kunnskap om naturområdet du har ansvaret for, og ein plan for korleis utfordringar knytt til turisme og friluftsliv i området skal handterast, slik at trivsel og bulyst blir vareteken og det blir lagt til rette for brei lokal verdiskaping. (Illustrasjonsoto: Rolf M. Sørensen/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

– Reiselivsnæringa er viktig for både verdiskaping, utvikling av lokalsamfunna våre og arbeidsplassar. Ved å støtte reiselivet gjennom midlar til destinasjonsselskapa ønskjer Vestland fylkeskommune å sikre at arbeidet med omstilling og utvikling til eit meir berekraftig reiseliv held fram, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring. 

Midlane skal nyttast til arbeid for berekraftig reiselivsutvikling og besøksforvaltning . Destinasjonsselskapa skal også delta aktivt gjennom Reiselivsforum Vestland, der fylkeskommunen samlar Innovasjon Norge Vestland, Fjord Norge AS, Statsforvaltaren i Vestland og destinasjonsselskapa.

Vedtaket vart gjort i hovudutval for næring sitt møte i Sogndal 17. september. 

Desse destinasjonsselskapa mottek midlar: 

  • Visit Bergen 500 000 kr 
  • Visit Sunnhordland 500 000 kr 
  • Visit Hardangerfjord 500 000 kr 
  • Visit Voss 500 000 kr 
  • Visit Sognefjord 500 000 kr 
  • Visit Nordfjord 500 000 kr 
  • Visit Fjordkysten og Sunnfjord 500 000 kr 

Midlane til destinasjonsselskapa vert dekka over budsjett 2025, med 2,8 millionar kroner avsett til reiseliv og 0,7 millionar kroner avsett frå posten distrikts- og lokalsamfunnsutvikling. 

Til sak 70/2025 Midlar til destinasjonsselskapa for 2026 

Skal djupdykke i reiselivsarbeid 

Hovudutval for næring vedtok også i sak PS 72/2025 Reiselivsarbeidet på Vestlandet at Vestland, saman med dei to andre Vestlandsfylka, utarbeider eit kunnskapsgrunnlag for det framtidige reiselivsarbeidet på Vestlandet. Kunnskapsgrunnlaget skal nyttast til å vurdere fylkeskommunane sin framtidige innsats innan reiseliv. 

Det vert stilt til rådvelde inntil kr 340 000 til dette arbeidet, dekka med midlar på budsjett 2025, post distrikts- og lokalsamfunnsutvikling.