Ei eldrebølge av bruer
Over halvparten av bruene i fylket er over 50 år gamle. Det vil koste 5,3 milliardar kroner å ruste opp dei gamle bruene.

Med 2071 bruer har Vestland flest fylkesvegbruer i Noreg, og er det fylket med flest bruer over 50 år. Med mange og gamle bruer kjem også eit stort vedlikehaldsbehov og ein stor kostnad. Eit nytt kunnskapsgrunnlag laga av Vestland fylkeskommune viser at behovet for fornying og vedlikehald av bruer bygd på 50-, 60- og 70-talet er stort. Fylkestinget behandla kunnskapsgrunnlaget i møtet 17. juni.
– Fylkestinget ser med stor uro på at vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegbruene aukar. Vi meiner det no er naudsynt med ei ytterlegare styrka satsing på bruvedlikehald, slik at vi unngår vektavgrensingar eller stenging av bruer. Slike tiltak kan få store konsekvensar for lokalsamfunn i fylket, for blant anna næringsliv, kollektivtransport og reiseliv, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Styrka satsing er ikkje nok
69 prosent av bruene på fylkesvegnettet i Vestland er bygde før 1985. Vedlikehaldsetterslepet er estimert til om lag 5,3 milliardar kroner, ein auke frå 3,5 milliardar kroner berekna i 2021.
— Etterslepet aukar sjølv om vi har styrka satsinga på bruvedlikehald gjennom vedlikehaldspakken. Skader etter flaum og at vi no har betre kunnskap om skader på bruene, i tillegg til kostnadsvekst, er hovudårsakene til at etterslepet aukar, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Det er registrert 70 bruer med stor eller svært stor skade på bereevne, 438 bruer med stort vedlikehaldsbehov som kan føre til bereevneskade, og 359 bruer med skader som kan medføre fare for trafikktryggleiken.
Nasjonalt bruprogram
Innlandet fylkeskommune har foreslått eit nasjonalt bruprogram for fylkesvegbruer. Bruprogrammet er meint å vere ei langsiktig løysing for å handtere det aukande vedlikehaldsbehovet og sikre at bruene på fylkesvegane kan oppretthalde naudsynt standard og tryggleik. Fylkestinget er positive til eit nasjonalt program for utskifting og vedlikehald av fylkesvegbruer, men dei føreset at det vert sett av nye statlege midlar til programmet.