Det store rektorbytet
Ei kjem frå fjorden, den andre frå byen, med ope sinn og notatblokka klar. Bli med når to rektorar byter skule for ei veke.
– Hei! Har de høyrt om rektorbytet?
– Hæ?
Dei tre elevane spelar bordtennis når nye rektor-for-ei-veke, kjem inn dørene på den «nye» skulen sin for første gong. Dei siste vekene har rektorar på nesten alle dei vidaregåande skulane til fylkeskommunen bytt skule. Til vanleg er Tove Hanne Ommedal rektor på Firda i Sandane, men denne veka blir ho betre kjent med Langhaugen i Bergen.
Nye kollegaer
Bordtennisspelarane viser Tove Hanne i rett retning. Opp trappa og inn i eit stort fellesområde med scene, blå, tunge gardiner, og store messingvegglamper, som kan minne om noko mykje meir høgtidleg enn ein vidaregåande skule. Ho stoppar ein augneblink og ser utover salen. Om eit par sekund skal ho møte dei nye kollegaene sine.
– Velkomen til Langhaugen! Assisterande rektor Åsne Kvamme helsar velkomen og viser veg til rektorkontoret.
Rommet er stort med eigen garderobe, toalett, og utgang. Såpass måtte det vere for ein rektor på 1960-talet, då skulen var ny.
– Rektorane var litt distanserte den gongen. Eg er superfersk rektor, og har jobba tett på elevane. Det er vanskeleg å sleppe, seier Tove Hanne, som trådde inn i rektorstillinga på Firda vidaregåande skule 1. mars i år.
Interessert i Huben
På «heimskulen» til Tove Hanne på Sandane har Berit Tesaker også innteke rektorkontoret. Den største skilnaden her inne på kontoret er utsikta. På Langhaugen ser ho akkurat no ein byggeplass. På Firda er det utsikt mot bygda, fjella, ungdomskulen og Gloppefjorden. No er ho her på tredje dagen.
– Før eg kom, tenkte eg på alt eg hadde høyrt om Firda, og då særleg læringsarenaen Huben. Den har vore fin å få observere over tid. Eg tenkjer at noko slikt kunne vore til hjelp også for elevar hjå oss. Eg likar søkjelyset på fullføring, at det å møte opp er det aller viktigaste, seier Berit.
Huben på Firda vgs. er eit konsept der skulen utfordrar dei fire veggane til skulerommet. Huben er open kvar skuledag for elevar som av ulike årsaker ikkje greier å vere i klasserommet eller treng ekstra støtte i eit fag. Her er det alltid lærar tilgjengeleg for å hjelpe og støtte elevane. Det er også sett av grupperom i tilknyting til Huben.
Første møtet
Tilbake på Langhaugen måndag kl. 09.15 møter Tove Hanne leiargruppa for første gong. Skulen er rett nok under ombygging, men det er som regel kontoret til rektor som er møteplassen.
– Vi har ei liste med ting vi vil endre, eg tenker du kan få den, spøker avdelingsleiar Øyvind Gill.
Veka er planlagt. Internasjonal dag, rosadag, OD-dag, huskonsert, lunsj med elevrådet, privatisteksamenar og personalmøte.
– Aulaen vår er under ombygging, så huskonserten er i eit klasserom. Vi har vore litt strenge med andreklassingane som ikkje har vore på så mange huskonserter, men kjem alle dei har vi eigentleg ikkje plass til alle, seier Åsne og ler.
Mange likskapar
Det passa fint å byte skule med Langhaugen. Firda er den einaste skulen i Vestland med musikk, dans og drama. Langhaugen har musikk og dans. Begge skulane har berre studieførebuande linjer, ingen yrkesfaglege. Firda skal renovere eit aulabygg, Langhaugen er for tida ein byggeplass, der dei får eit nytt tilbygg.
– Eg er interessert i kva erfaring dei har med oppussing i skulekvardagen. Det er spennande å kjenne på kulturen, og kva som sit i veggane. Det er mykje eg er spent på. Men eg skulle ønske at Berit var her. Eg tenkjer eg hadde hatt lyst å vere på Firda når ho er der, seier Tove Hanne.
Som ein svamp
Kollegaen heime på Sandane og assisterande og fungerande rektor på Firda vgs., Magne Larsen, var inne på same tanken, men det var før Berit kom.
– Eg lurte på om det hadde vore ein betre idé om rektorane hadde vore saman på ein av skulane. Men hadde dei då blitt sitjande saman og diskutere drift? Det har vore veldig fint at Berit har gått rundt og observert her denne veka. Ho har ein rektorfunksjon og eit rektorblikk på ting, sjølv om ho kjem utanfrå og ikkje har ansvaret her, seier Magne.
I tillegg til å observere undervisninga på Firda, har Berit også fått oppleve blant anna open skule og ein huskonsert med halloween-tema. Ho fortel at ho kjenner seg som ein svamp, som sug til seg inntrykk og kunnskap.
Tryggheit og fellesskap
– Eg går rundt heile dagane og snakkar med folk og noterer. Ikkje minst får eg tid til å reflektere og stille spørsmål til tilsette som sit på mykje kunnskap. Og så er det noko med å observere. På huskonserten registrerer eg at dei aller fleste elevane hadde kledd seg ut. Det seier noko om tryggheit og fellesskap. Det faglege er sjølvsagt viktig, men om elevane ikkje opplever fellesskap, så går det utover mykje, slår Berit fast.
Magne stadfestar at mangfald, inkludering og skulekultur er noko som står svært høgt i kurs på Firda. På ein skule der om lag halvparten av elevane bur på hybel langt vekke frå familien sin, er det essensielt.
Vil halde kontakten
Etter fire dagar på Langhaugen opplever også Tove Hanne «svampkjensla».
– Veka har vore spennande og full av inntrykk. Eg har fått tankar og idéar både til aktivitetar, utviklingsarbeid og leiarrolla. No må eg ta med meg alt dette heim, fordøye det og dele tankar og idéar med leiargruppa på Firda. Eg kjenner på at eg vil halde kontakten med Langhaugen.
Fakta Langhaugen vgs.
- Langhaugen var ein moderne og påkosta skule, teikna av byarkitekten Eystein Michaelsen.
- Aulaen var eitt av dei største offentlege lokala i Bergen, med scene og spesialdesigna golv. Eit golv som no er freda.
- Gjennom 60 år har bygget vore lite endra, men fagtilbodet har utvikla seg. Musikklinja kom i 1986 som den første i Bergen.
- Danselinja blei etablert i 1997 etter reform 94.
- Nybygget som er planlagt, vil huse heilt nye musikk- og danselokalitetar, bl.a. konsertsal, nytt idretts- og gymnastikkanlegg og nye realfagsrom.
- Hovudbygget frå 1961 skal etter kvart også oppgraderast.
- Rundt 600 elevar går på skulen.
Her kan du lese meir om historia til Langhaugen vidaregåande skule.
Fakta Firda vgs.
- Firda gymnas var skipa som landsgymnas i ungdomshuset Vonheim på Sandane i 1922. På det meste hadde Noreg tolv landsgymnas, som skulle gje gymnasutdanning til landsungdom.
- Hovudbygget ved skulen vart bygd i 1924 og er arkitektonisk inspirert av Eidsvollsbygningen. Seinare har det kome til fleire bygg: Realskulebygget, Firdahallen og Trivselshagen.
- Skulen har i dag rundt 360 elevar og 70 tilsette. Omtrent halvparten av elevane bur på hybel. Studietilboda ved skulen er idrettsfag, musikk, dans og drama, studiespesialisering og vaksenopplæring.
Her kan du lese meir om historia til Firda vidaregåande skule.