Desse ti idrettsutøvarane får 40 000 kroner kvar i stipend
Stipendet skal gje dei unge utøvarane høve til å utvikle seg vidare og stimulere til vidare satsing.
– Idrett gir oss alle mykje glede, begeistring og engasjement. Og det krev mykje frå utøvarane. Det krev tid, disiplin og ofte mykje pengar. For å dempa dei økonomiske hindringane for unge utøvarar, håpar vi at stipendet bidrar til at de får konsentrera fullt og heilt på idretten. Lukke til, og vi gler oss til å følgje dykk vidare, seier Kine Bratli Dale, nestleiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Stipenda vart delte ut på ei tilstelling som heidra idretten i Vestlandshuset i Bergen 19. desember.
Desse får stipend
Utviklingsstipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan idretten sin. Desse får årets utviklingsstipend frå Vestland fylkeskommune:
- Maren Rekve Norheim frå Alver, paraishockey i Bergen Kjelkehockey (parastipend)
- Andrea Nygård Vie frå Alver, friidrett – løp i IL Norna-Salhus
- Sondre Brattabø frå Bergen, langrenn i Osterøy IL
- Gunn Kristi Tvinnereim frå Stryn, skiskyting i Hardbagg IL
- Aksel Wergeland frå Bergen, roing i Fana Roklubb
- Eirik Mjelde Bjelland frå Bergen, volleyball i TIF Viking
- Bendik Becker Pedersen frå Bergen, skøyter i Fana IL
- Vilde Fresvik frå Bergen, handball i Tertnes Håndball Elite
- Ola Blikberg Herheim frå Voss, sykkel i Vossevangen CK
- Daniel Marinov frå Bergen, symjing i Bergen Vest Svømmeklubb
Det kom inn 110 søknadar om utviklingsstipend i 2025, 69 søknadar frå menn og 41 søknadar frå kvinner. Dei kjem frå 21 ulike kommunar og representerer 37 ulike idrettar.
Heider til VM-medaljørar
Idrettsutøvarar frå Vestland som har fått medaljar i VM i året som har gått, fekk også heider på møtet. Dei får òg kvart sitt kunstverk frå Vestland fylkeskommune. Dette er utøvarane som vart heidra:
- Johannes Thingnes Bø (skiskyting)
- Tarjei Bø (skiskyting)
- Ragnhild Femsteinevik (skiskyting)
- Maren Hjelmeset Kirkeeide (skiskyting)
- Casper Stornes (triatlon)
- Gustav Iden (triatlon)
- Kristian Blummenfelt (triatlon)
- Salum Kashafali (para friidrett)
- Oskar Sverd (para friidrett)
- Marte Skodvin Mjaatvedt (karate)
- Mats Lind (taekwon-do)