Desse går vidare til landsfestivalen for UKM
Det var fylkesfestivalar på Nordfjordeid og i Åsane siste helga i april, og no er det klart kven av dei unge deltakarane som får delta på landsfestivalen i Trondheim.

UKM står for ung kultur møtast, og her møtast unge mellom 13 og 20 år med alle slags kulturuttrykk. Det startar med arrangement i kommunane, der deltakarar går vidare til fylkesfestivalane som Vestland fylkeskommune har ansvar for. Der blir ein del plukka ut til å få delta på landsfestivalen.
Mange kulturuttrykk og roller
I år deltok til saman 400 deltakarane på fylkesfestivalane i Operahuset på Eid og Åsane Kulturhus. Her var det kunst, musikk, dans, film og litteratur. Andre deltok som unge arrangørar på og av scena, konferansierar, i arrangørgrupper, i sekretariat eller mediegrupper.
I tillegg til det som skjer i utstillingslokala og på scenane, er UKM ein sosial møteplass der ein får møte andre ungdomar frå fylket, vere med på workshops og andre aktivitetar, og oppleve og dele noko saman med andre.
Desse går vidare
Vestland sender 41 deltakarar til landsfestivalen i Trondheim 21.–25. juni innan dei fleste kulturuttrykka og arrangørgruppene.
Desse går vidare til landsfestivalen:
- Elisabeth Bruland, Alver
- Robert Hermansen, Alver
- Adventure, Alver
- Leah Rosmerhovden, Askøy
- Amanda Skoge-Nilsen, Bergen
- Ask Arefjord Søfteland, Bergen
- Celine Husby, Bergen
- Magnus Godøy, Bjørnafjorden
- Solveig Furu, Bjørnafjorden
- Bjørsvika Groovekompani, Bremanger
- All that jazz, Fjaler
- Rowan Morken, Kinn
- Martin Pedersen, Kinn
- Isabella Gangsøy, Kinn
- Alex Olai, Luster
- Lars Manfred, Masfjorden
- Brazztastic, Sogndal
- Vilma Rinde Dahl, Sogndal
- Selma Løkkebø Vedvik, Sogndal
- Anders Scheflo Kvåle, Sunnfjord
- Johanne Selvik, Sunnfjord
- Sara Lammedal Hammer, Ullensvang
- The Brakes, Øygarden/Alver