8,6 millionar til trafikktrygging

Gåande og syklande i 15 kommunar går ei tryggare tid i møte.

Grå asfalt med kvite figurar. Figurane er ein vaksen som held eit barn i handa.
FORTAU: Fleire stader i fylket får pengar til nye fortau. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Til tildelinga frå tilskotsordninga for fysiske trafikktryggingstiltak 2025 har det kome inn 45 søknadar frå 26 av fylkets 43 kommunar. 8,6 millionar kroner vert delt ut til og 16 ulike tiltak.

Mange nye fortau blir bygga i tida framover, Hyllestad skule får pengar til ny drop-sone, i Kvinnherad og Sunnfjord får dei pengar til veglys i Vaksdal får dei skilt.

— Alle tiltaka det er søkt om har vore gjennom ei fagleg vurdering, som mellom anna har sett på risiko, betyding for trafikktryggleiken og kost/nytte, seier leiar av Trafikktryggingsutvalet, Arve Helle.

Tiltaka som har får pengar rettar seg mot mjuke trafikantar. Tildelingssummen er frå 11.500 til 903.729 kr.

Kommune

Søkt om

Sum i kroner

Austrheim Fortau og veglys, Førland-Solend 903 729
Bremanger Fortau, Grotlevegen 833 000
Bømlo Fortau, Vestvikvegen 903 729
Hyllestad Droppsone, Hyllestad skule 300 000
Kinn Ny gangveg for gåande og syklande 110 000
Kvam Gangveg, Ålvik-Pensjonisten 903 729
Kvinnherad Veglys, Sentrumsvegen 80 000
Luster Fortau, Bakkingavegen 750 000
Osterøy Rekkverk, Tveitavegen 155 000
Sogndal Fortau, Nonesfeltet 903 729
Stord Kryssingspunkt, Åkervikåsen 302 855
Stord Fortau, veglys og kryssingspunkt, Nysætervegen 350 000
Sunnfjord Veglys, Steinavegen

439 000

Tysnes Fortau, Hagareset

750 000

Vaksdal Skilt, Brekkjen

11 500

Voss Fortau og veglys, Finnesvegen/Seimshagen

903 729