Årets idrettslag 2025: Fana idrettslag og Bergen klatreklubb
Fana idrettslag får prisen Årets idrettslag – topp, medan Bergen klatreklubb er årets vinnar av Årets idrettslag – breidde.
Fana IL får prisen årets idrettslag – topp, og Bergen klatreklubb får prisen årets idrettslag – breidde. Idrettslaga får 50 000 kr kvar.
– Takk for innsatsen de gjer! De er så viktige, og vi treng samspelet mellom topp og breidde for å sikre at vi har eit variert og solid idrettstilbod. Breiddeidretten legg grunnlaget og får fram talenta som satsar vidare mot toppen. Og toppidretten legg til rette for at utøvarar skal få nå måla sine, seier fylkesordførar Jon Askeland, som delte ut prisane.
Det kom inn til saman 6 søknadar til prisen årets idrettslag – topp og 15 søknadar til årets idrettslag – breidde.
Har markert seg internasjonalt
Fana IL har hatt gode nasjonale og internasjonale resultat av både junior- og seniorutøvarar innan fleire idrettsgreiner, blant anna skøyter, friidrett, kickboksing, sykkel, alpint og sportsdrill.
– Som det største idrettslaget i fylket og med eit variert tilbod, kunne Fana IL like gjerne fått pris for breiddetilbodet sitt. Men i år heidrar vi dei som toppidrettslag. Fana IL har utøvarar som har markert seg med internasjonale plasseringar heilt i toppen, særleg på skøytebana, men også i fleire andre idrettar. Idrettslaget jobbar for at alle skal bidra inn i fellesskapet, slik at alle igjen får eit godt grunnlag for å satse, seier Askeland.
Dei tidlegare skøyteløparane Sverre Lunde Pedersen og Håvard Holmefjord Lorentzen er blant dei som har sett Fana IL verkeleg på kartet med mange internasjonale medaljar. Prispengane skal gå til å skape betre vilkår rundt eliteutøvarane, slik at dei kan halde fram med kvalitetssikra satsing i eit godt miljø.
Folkehelse og inkludering
Bergen klatreklubb er den største klatreklubben i landet og jobbar for at så mange som mogleg skal få prøve seg i klatreveggen. Klubben har organisert aktivitet i blant anna barnegrupper, ungdomsgrupper, klatreskule, mentorordning, vaksenklatring, sommarcamp for ungdom, barselklatring og paraklatring. I tillegg legg dei til rette for at skular, lag og grupper (som Psykiatrialliansen, Røde Kors, Wayback med fleire) kan få prøve klatring.
– Det Bergen klatreklubb driv med er folkehelse og inkludering i praksis. Klubben er eit førebilete for oss alle, og det er kjekt å heidra alle dei som gjer dette mogleg. Eg vil også trekke fram arbeidet klubben har gjort med å få etablert rundt 2400 utandørs klatreruter i og rundt Bergen. Det gjer aktiviteten tilgjengeleg for alle som vil, slår fylkesordføraren fast.
Klubben også har utøvarar som markerer seg innan klatring. Sebastian Menze fekk utviklingsstipend frå Vestland fylkeskommune i fjor, basert på sterke resultat innan para-klatring nasjonalt og internasjonalt. Prispengane vil gå til å utvikle aktivitetstilbod for barn, ungdom og grupper med særskilde behov.
Markerer idretten i fylket
Begge tok imot prisen frå fylkesordføraren under ei tilstelling på Vestlandshuset i Bergen i regi av Vestland fylkeskommune og Bergen kommune 19. desember.
– Fylkeskommunen og Bergen kommune har tidlegare gjort dette kvar for oss, med ganske like arrangement og dels med dei same utøvarane. Det styrker landsdelen når vi samlar oss og saman løftar fram utøvarar, trenarar, leiarar og eldsjeler som har bidratt til eit sterkt og inkluderande idrettsår i regionen, seier fylkesordføraren.
Vestland har i 2025 vore vertskap for tre store idrettsarrangement: VM i vektløfting, U23 EM i friidrett og NM i friidrett.
– Eg er utruleg stolt og takknemleg for innsatsen som var lagt ned i alle tre, dei gir oss også viktig arrangementskompetanse, avsluttar fylkesordføraren.