Annbjørg Sunnarvik er Årets eldsjel i Vestland
Annbjørg får prisen for innsatsen ho har gjort – og framleis gjer – for Florø Turn og Idrettsforening.
Sidan 1986 har Annbjørg vore ein uunnverleg del av friidrettsmiljøet i Florø. Ho har teke trenarkurs, dommarkurs og utdanning som idrettsmassør. Gjennom snart 40 år har ho vore trenar, støttespelar og eit samlingspunkt for barn og unge i klubben.
50 000 kr til klubben
– Annbjørg har brukt store delar av livet sitt på å løfte andre – utan å krevje noko att. Ho er eit førebilete på ekte idrettsglede og frivillig engasjement, og ein særs verdig kandidat til årets eldsjelpris, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Prisen for årets eldsjel vart delt ut på Vestlandshuset i Bergen 19. desember. Annbjørg har bestemt at prispengane på 50 000 kr skal gå til Florø Turn og Idrettsforening.
Årets eldsjel i kvart fylke er automatisk nominert til den nasjonale kåringa på idrettsgallaen kvart år. Idrettsgallaen 2026 er på Hamar laurdag 10. januar.
Framleis aktiv
Annbjørn Sunnarvik har hatt styreverv i friidrettskrinsen og sit framleis i styret i friidrettsgruppa i Florø. Ho har i alle år bidrege som arrangør og dommar lokalt, og som leiar for utøvarane på Donald Duck-leikane, Lerøy-leikane og Trond Mohn Games. Ho er framleis aktiv, og stiller på stemner som organisator, trenar, eller på kjøkkenet om det er behov.
Annbjørg har også vore tett på barnebarnet sitt, Erlend Grytten Sunnarvik, som hoppar tresteg og lengde. Han blei nyleg tatt ut på det norske juniorlandslaget U20 og deltok under European Youth Olympic Festival 2025 (EYOF) i Skopje.