– Ei ære å leie Vestland

Avtroppande fylkesdirektør Rune Haugsdal elskar å løyse utfordringar. Difor skal han jobbe litt til.

foto av person som står i eit auditorium
AVTROPPANDE: Rune Haugsdal har sin siste arbeidsdag som fylkesdirektør 31. desember og kan sjå tilbake på 37 år i ulike leiarstillingar i offentleg og privat sektor. (Foto: Helen Daae Frøyseth,Vestland fylkeskommune)
  • Bur på Eidsvågsneset, gift, tre barn og tre bonusbarn, 15 barnebarn
  • Utdanna sivilingeniør, bygg.  
  • Fekk sin første leiarjobb som 28-åring i 1988
  • Har jobba 37 år i ulike leiaroller i privat og offentleg sektor
  • Tilsett som fylkesrådmann i Hordaland fylkeskommune 1. februar 2013
  • Går av som fylkesdirektør for Vestland fylkeskommune 31. desember 2025


Han vart trang i halsen av alle dei fine orda, som han sjølv uttrykte det, etter å ha blitt takka av på allmøtet til Vestland fylkeskommune sist veke. Aller helst ville han gitt blomebukettane tilbake til dyktige kollegaer i organisasjonen.
 

– Den kjensla eg kanskje har kjent mest på, er ære. Det har vore ei ære å vere leiaren dykkar, å få leie ein så dyktig organisasjon med fantastiske medarbeidarar. Å sitte på toppen er ingen enkeltmannsjobb, eg er avhengig av organisasjonen. Takken går til dykk, sa Haugsdal, medan kjenslene sleit i halsen.  

foto av person som står på ein scene
OVERVELDA: På sitt siste allmøte i Vestland fylkeskommune var det mange som ønska å gjere stas på den avtroppande fylkesdirektøren. Han vart beint fram litt overvelda. (Foto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommune)

Å Vestland, Vestland 

På sitt siste allmøte fekk den avtroppande fylkesdirektøren gåver som alle peika mot det som har vore kjernen i arbeidet hans: Vestland. To bilete med tittelen «Vestland» skal minne om landsdelen han har leidd gjennom store endringar. Som seglar og «havets mann» fekk han også ei båtshake laga på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, med innrisset «Vestland seier du må kome heim» skrive i runeskrift. Kanskje ei påminning om tilknytinga til fylket, også når seglbåten set kursen ut av Vestland.

Vanleg jobb ventar 

No er det juleferie, men kvile på laurbæra skal han ikkje gjere lenge. Nye arbeidsoppgåver ventar. I januar går han inn døra til Vestlandshuset som seniorrådgjevar. Nøyaktig kva han skal jobbe med, er framleis ikkje bestemt, men mykje tyder på at han skal «hjelpe til litt her og der». Avtroppande understrekar at det er påtroppande fylkesdirektør Robert Rastad som bestemmer kva han skal i gang med. Det einaste som er sikkert, er at han no går frå å ha jobben som livsstil til å få ei nokolunde normal arbeidstid. Det ser han fram til. 

foto av to personar
NY SJEF: Påtroppande fylkesdirektør Robert Rastad vert frå januar av sjef for avtroppande fylkesdirektør Rune Haugsdal som då byrjar som seniorrådgjevar i fylkeskommunen. Her saman på allmøtet sist veke. (Foto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommune)

37 år som leiar  

Haugsdal kan sjå tilbake på 37 år i ulike leiarroller i privat og offentleg verksemd. Mykje har skjedd gjennom konjunktursvingingar, utvikling av brukarbehov, klima, teknologi, livskvalitet, rettar og reglar.
 
 
Han vart tilsett som fylkesrådmann i Hordaland fylkeskommune 1. februar 2013. Sidan den gong har han lese og godkjent omlag 3600 politiske saker, delteke i 44 fylkesting og rundt 160 fylkesutval. 
 
I tida som rådmann og fylkesdirektør har det vore mange krevjande og interessante oppgåver. Av dei større prosessane vil nok fylkessamanslåinga, covid-pandemien og nybygg/rehabilitering av arbeidsplassar for fylkestilsette få ein sentral plass i minneboka. For ikkje å gløyme sommaren 2024 og Bybanen. 

foto frå pressekonferanse
TUNELLKOMPROMISS: Det var stor interesse for Vestland fylkeskommune og Bergen kommune sin pressekonferanse om Bybanen 9. august 2024. Her vart det presentert eit tunellkompromiss for Bybanen til Åsane. (Foto: Helen Daae Frøyseth/Vestland fylkeskommune)

Var førebudd på å gå av 

Med lang fartstid både i arbeidslivet og som leiar, er han oppteken av å formidle til dei som er ferskare at både arbeidslivet og livet generelt består av oppturar og nedturar. 

– Det å vere med på ein del nedturar og utfordringar byggjer styrke og evne til å handtere både medgang og motgang. Eg har sjølv hatt min dose nedturar. Som ung var eg distriktsjef i Skanska i Stavanger og leia eit prosjekt på Kårstø der vi gjekk på eit solid tap. Eg gjekk til leiaren min og sa at dette er mitt ansvar, at eg var klar for å ta det og førebudd på å gå av. Han svarte, at dersom unge folk er villig til å lære av utfordringane, kan dei som opplever slike situasjonar bli ganske gode leiarar. Det var ei definerande oppleving for meg som eg har hatt med meg heile vegen.  

Drivkrafta 

– Kva er drivkrafta di? 

– Det må vere å jobbe med noko som betyr noko for liva til andre menneske. Det har vore det mest meiningsfulle med å jobbe i fylkeskommunen.  
 
Haugsdal er glad i folk, og likar å jobbe saman med menneske.  

– Det gjekk ikkje så lang tid etter at eg var ferdig med studiane før eg skifta retning litt bort frå det tekniske. Eg vart organisasjonssjef som 28-åring, rett og slett fordi eg likar å jobbe saman med menneske. Det at vi er ulike, og brukar ulikskapen til å jobbe fram dei gode løysingane, inspirerer meg.  

Genuint oppteken av utfordringar 

Ufordringar er også ei drivkraft, eller rettare sagt, det å greie å løyse dei.  

– Det er alltid spennande å gjere dette saman med dyktige folk. Å stå i ein utfordrande situasjon og klare å finne vegen vidare er nok kvintessensen i det som gler meg mest med leiing og teamarbeid. 

Det er ikkje ofte jobben har halde han vaken om natta, men han vedgår at det har skjedd.  

– Då leitar eg etter løysingar. Ofte er det slik at eg neste dag har funne ein mogleg veg vidare. Eg har aldri bekymra meg, men leita etter løysingar. 

Viktigheita av å byggje eit godt omdømme 

– Når føler du på størst ansvar som fylkesdirektør?  

– Eg har alltid følt eit stort ansvar for at vi arbeider for å gje gode tenester samtidig som vi tek vare på omdømme. Eg vil vi skal føle både tilhøyrsle og stoltheit over det vi held på med, og den viktige arbeidsplassen vi har. Eg kjem frå privat næringsliv, og har ofte opplevd at det blir snakka nedsettande om offentlege verksemder. Det føler eg er djupt urettvist. For min egen del har eg aldri jobba så mange timar som det eg har gjort i det offentlege, og eg ser kva folk legg ned av innsats kvar einaste dag her.  

Den største utfordringa som fylkesdirektør har vore å balansere god drift med naudsynte investeringar.   

– Det er alltid kjekt å bygge nytt, men vedlikehald og gode tenester innanfor alle dei viktige områda vi har ansvar for, er kanskje like viktig. Å finne den rette balansen har vore viktig for meg. 

foto av politikarar ved talarstol
GOD STEMNING: Fylkestingspolitikar Sigbjørn Framnes, fylkesdirektør Rune Haugsdal og fylkesordførar Jon Askeland under årets siste fylkesting 9.-10. desember. (Foto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommue)

«Eg ringde heilt til topps!» 

Som alle direktørane i fylkeskommunen, har også avtroppande toppleiar kontaktinformasjon liggjande ute på nettsida. Haugsdal har fått telefonar frå alt frå foreldre til skuleelevar og arge trafikantar. Folk kvir seg ikkje for å ringe.

– Ein mann ringte meg for å klage på manglande kantklypp langs vegen. «Eg ringde heilt til topps!» sa han. Mitt utgangspunkt er at når dei ringer fylkeskommunen skal dei alltid oppleve å bli behandla med respekt. Eg lyttar, og sender dei vidare til riktig fagavdeling. Nokre telefonar i veka har det vore, men det har eg levd greitt med. 

foto av sal med mange folk
VEGEN MOT EITT FYLKE: Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland hadde felles drøftingsmøte i Gulen 27. oktober 2017. Der diskuterte dei vegen vidare fram mot samanslåinga frå 1. januar 2020. Frå venstre: Rune Haugsdal fylkesrådmann i Hordaland, Anne Gine Hestetun fylkesordførar i Hordaland, Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og Tore Eriksen, fylkesrådmann i Sogn og Fjordane. (Arkivfoto: Gøril Sætre/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Vellukka regionreform  

Samanslåinga av fylkeskommunane Hordaland og Sogn og Fjordane vert i dag sett på som ein av dei mest velluka i regionreforma.

– Korleis lukkast Vestland? 

– Eg trur vi klarte å etablerte ein respekt for kvarandre, anten vi kom frå Hordaland eller Sogn og Fjordane. Eg var medviten på å plukke rutinar og prosessar frå begge fylkeskommunane for å få ein så balansert inngang som mogleg. Men eg må òg få seie at det i starten var ein ganske stor ubalanse under videomøta, med flest i Bergen og færrast i Leikanger eller Førde. På eit merkeleg vis hjalp Covid oss. Då hamna vi alle på Teams og vart likeverdige på ein heilt annan måte. Det vart ei god drahjelp inn i starten av samanslåinga.   

Treng vi fylkeskommunen?    

Politiske diskusjonar om nedlegging av fylket dukkar opp med ujamne mellomrom. Nokre meiner fylkeskommuane er heilt unødvendige.  

– Treng vi fylkeskommunen? 

– Eg meiner vi har ei viktig rolle. Vi må i mange samanhengar tenke større enn kommunane og kommunegrensene, til dømes tilbod på veg, næringsutvikling, kulturtilbod, kollektiv, opplæring og tannhelsetenester. Alt vi arbeider med kryssar kommunegrenser, og i mange samanhengar må vi tenke heilskap. Mange kommunar er i dag under press fordi dei ikkje greier å løyse utfordringane sine åleine. Der meiner eg at fylkeskommunen har ei viktig rolle med å sjå ting meir i samanheng, på tvers av kommunegrensene. Burde nokre av dei kommunale oppgåvene ha lege på det regionale nivået? Eg trur det  kan komme fleire diskusjonar av denne arten framover. Om vi berre hadde hatt stat og kommune vert avstanden for stor. Vi må tenke regionalt og handle lokalt. 

Ord betyr noko 

– Kva er di største uro for samfunnet framover? 

– Det bekymrar meg at ordbruken stadig vert hardare og spissare. Det er dessverre ein president i USA som går føre, og vi ser at mange tek etter. Vi såg dette i noko grad under den nasjonale valkampen i haust, og vi opplever det oftare i dei kommunale debattane. Ein ordbruk som splittar meir enn han foreinar, er ei uheldig utvikling. Då kjem respekten for enkeltmenneske og demokratiet under press. Eg trur vi alle må vere bevisste på at ord betyr noko. 

foto av barn og vaksen mann ved roret på ein seglbåt
SEGLING: Ein stor hobby for Rune Haugsdal er segling. Det vert det meir tid til no. Her saman med bonusbarnebarnet Anker. (Foto: Privat)

Resten av livet 

Rune er gift med Gunhild, og begge har tre barn kvar frå tidlegare ekteskap, og 15 barnebarn. Når han no går av som fylkesdirektør, ser han fram til å vere meir saman med storfamilien. Samvær, segling og reising står på programmet, blant anna skal han fullføre seglturen som havarerte i sommar. Den enda med motorstopp på Atløy, utanfor Askvoll. 

Han kjem på noko på tampen, og ler: 

– Etter å ha lest mykje sakspapir, har eg akkurat lese ferdig boka til Trond-Viggo Torgersen og Kristin Helle-Valle. Boka heiter Resten av livet og handlar om det å bli pensjonist.  

– Eg prøver å førebu meg på korleis livet kan bli som pensjonist – ein gong.