– Vi må stoppe dei farlege utforkøyringane
Vestland fylkeskommune er uroa etter at 16 menneske har mista livet på vegane i fylket så langt i 2025. Fylkeskommunen vil spisse innsatsen mot utforkøyringar, MC-ulukker og ulukker med mjuke trafikantar.
– Vi må snu denne utviklinga, og sjå kva tiltak vi raskt kan gjere på vestlandsvegane for å hindre ulukker med uforkøyring og MC, seier Jon Askeland, fylkesordførar. Vestland er det fylket som har flest drepne i trafikken så langt i 2025.
Fylkesutvalet handsama saka "Strakstiltak for å redusere drepne og hardt skadde på Vestlandsvegane" i møte 25. november 2025.
Prioriterer kampen mot dei mest alvorlege ulukkene
Vestland opplever ein auke i tal alvorlege trafikkulukker. Mange av dei, og særleg dødsulukkene, er knytt til utforkøyringar og MC-ulukker. Mjuke trafikantar er og utsette. Fylkeskommunen vil no spisse trafikktryggingsarbeidet mot desse ulukkestypane.
– For å unngå utforkøyringar kan vi til dømes sette opp rekkverk, betre sikt og rydde i sideterreng, vi skal sjå etter og prioritere tiltak som raskare kan minske risikoen for slike ulukker, seier Askeland.
Det skal gjerast temainspeksjonar av prioriterte vegstrekningar med tanke på tiltak som sikring og siktutbetring som kan hindre utforkøyringar. Vidare skal midtoppmerking og kantmerking forsterkast når det blir lagt ny asfalt og vegbreidda tillet det.
MC-satsing også for ungdommen
MC-trafikantar er høgt oppe på ulukkesstatistikken og ofte involvert i utforkøyringar.
– I tilleg til fysiske tiltak vil vi ha ei sterkare satsing på haldningsskapande arbeid med denne gruppa, også med førarar av moped og ATV, som ofte er ungdommar, seier Askeland.
Det er Trafikktryggingsutvalet i Vestland som fremma uroa for ulukkestala for fylkesutvalet. Fylkeskommunen og trafikktryggingsutvalet har eit særleg ansvar for det regionale trafikktryggingsarbeidet, med samarbeidspartar som Statens vegvesen, Politiet og Trygg trafikk.
MC-forum Vestland er oppretta og er i gang med møte for å ivareta ei samordna satsing på haldningsarbeidet for MC-trafikantar og dei som køyrer moped, ATV og liknande køyretøy.
Gangtilbod og universell utforming
Fylket skal også styrke innsatsen for mjuke trafikantar med inspeksjonar av gangtilboda i sentrumsområde. Målet er attraktive og universelt utforma gangtilbod som gir god framkome og tryggleik for alle.
Trafikktrygging krev systematisk arbeid over tid , og fylkeskommunen vil no følge opp nullvisjonen med ingen drepne eller hardt skadde i trafikken med ein spissa innsats der dei mest alvorlege ulukkene skjer, som vi ser er utforkøyringar, MC-ulukker og farlege situasjonar for mjuke trafikantar.
– Talet på drepne og skadde skal ned, vi må bruka alle verkemiddel me har for å redda liv i trafikken, seier Askeland.