Vossabia får Bedriftsutviklingsprisen i landbruket

Renate Lunde og hud- og hårpleieprodusenten Vossabia AS får Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024 i Vestland fylke.

Renate Lunde med blomsterbukett og diplom med teksten Vinnar av bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestlandet 2024.
FEKK BEDRIFTSUTVIKLINGSPRIS: Renate Lunde starta Vossabia for over 20 år sidan. No har ho fått Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i 2024 i Vestland og går vidare til den nasjonale kåringa. (Foto: Per Byrknes)

– Det er ei stor glede å kunne gi Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestland fylke til Renate Lunde og Vossabia AS, ei innovativ bedrift med utspring frå garden på Bulken ved Voss. Å kombinere gardsliv med produksjon av hud- og hårpleieprodukt er eit glitrande eksempel på kva som er mogleg om ein tenkjer kreativt. Dei har verkeleg gjort seg fortent til prisen, seier Sigrid Alice Hovland, avdelingsleiar i Innovasjon Noreg Vestland.

Gratulerte med vellukka og allsidig satsing

Innovasjon Noregs Bedriftsutviklingspris i landbruket i Vestland vart delt ut under fylkestingsmøtet i Førde 2. oktober. Det var fylkesordførar Jon Askeland som stod for sjølve overrekkinga.

Fylkesordførar Jon Askeland overrekker bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestland i 2024 til Renate Lunde og Vossabia under møte fylkestinget.
Fylkesordførar Jon Askeland overrekte prisen til Renate Lunde og Vossabia under fylkestingsmøtet på Scandic Sunnfjord Hotel. (Foto: Per Byrknes)

– Hovudmålet i temaplan landbruk er at Vestland skal vere eit nyskapande landbruksfylke, basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. Vinnaren er i høgste grad både innovativ og nyskapande, og såleis heilt i tråd med målet i temaplanen. Ho brukar også naturressursane på ein berekraftig måte til å utvikle næring, og det er mi store ære å gratulere Renate Lunde med ei svært vellykka og allsidig satsing på gardsbedrifta Vossabia. Eg ønsker deg og laget ditt lykke til i den vidare utviklinga av den framgangsrike bedrifta di, sa fylkesordføraren.

To kvinner, ein ung gut og ein liten gut. Ei av kvinnene held blomsterbukett og diplom.
Renate Lunde hadde med seg tilsett i Vossabia, Jorunn Svane Norekvål, og sønene Emil Lunde Barman og Jonatan Lunde Dukstad på prisutdelinga i Førde 2. oktober. (Foto: Per Byrknes)

Anerkjenning for over 20 års arbeid

Prisvinnaren får 50 000 kr, blomar og eit diplom, og den ferske prisvinnaren er stolt over anerkjenninga:

– Det er ei stor ære for meg og heile Vossabia-teamet å vinne BU-prisen for Vestland. Å få slik anerkjenning for over 20 år med hardt arbeid rører meg djupt, og eg er uendeleg takksam. Eg håpar denne prisen bidreg til at endå fleire oppdagar bodskapen til Vossabia, og blir inspirerte til å sjå verdien i å kombinere gardens ressursar med fokus på helse, berekraft og naturmangfald, seier ein stolt Rente Lunde i Vossabia.

Kvinne i birøktarutstyr.
Renate Lunde er gardbrukar, birøktar, gründer og pioner. (Foto: Olav Dukstad)

Med Vossabia på huda

Renate Lunde driv og eig garden på Bulken ved Voss. Garden og ressursane der er sjølve kjernen i Vossabia. Med sine hud- og hårpleieprodukt, omvisingar, utstrekt formidlingsaktivitet med føredrag, kurs og opplevingar på garden jobbar Lunde med å auke bevisstheita rundt ressursar som finst på ein gard og naturen rundt:

– For meg gjekk det sport i å kartlegge gardens ressursar då eg overtok for 25 år sidan, og heile tida prøve å sjå verdi og moglegheiter i det dei fleste av oss tek for gitt. Dette brenn eg framleis for, og ser enormt potensial i å nytte stadig meir av det ein gard har å by på, fortel Lunde.

Kvinne i salsbod med produkt frå Vossabia.
Salsboder med produkt frå Vossabia er å finne på ulike marknadar og festivalar. (Foto: Ylva Lunde Barman)

Vossabia nyttar lokale, økologiske råvarer som honning, bivoks og ville urter i hudpleieprodukta sine som sikrar høg kvalitet og berekraft. Ved å lage verksame produkt av det andre bønder kallar ugras, har Renate blitt ein pioner innan naturleg kosmetikk. Men nokre utfordringar har det vore:

Bier.
Honning, bivoks og ville urter er essensielle ingrediensar i produkta til Vossabia. (Foto: Olav Dukstad)

Ny driftsbygning

Med god marknadsføring og gode produkt har Renate nådd ut til over 100 000 kundar og 120 forhandlarar i heile landet. Slik har bedrifta fått ein imponerande vekst med sunn økonomi og resultat for den innovative gardsbedrifta. 

No planlegg Lunde ein ny stor driftsbygning på tomta, og vil føre tunet tilbake til slik det såg ut ein gong, men med moderne drift basert på gardens ressursar.


Om BU-prisen

Innovasjon Norge deler kvart år ut prisen Bedriftsutviklingsprisen (BU-prisen) i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. BU-prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i ressursane i landbruket eller i bygda.

Kandidatane vert vurderte etter kriteria berekraft og innovasjon/nyskaping i landbruket.

Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner, og dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.