Vil ha fortgang i utbygging av kraftnettet i Vestland
Vestland fylkeskommune meiner Statnett må få fortgang i å bygge nye transformatorstasjonar på Grov og på Stord.
– For å sikre ei robust kraftforsyning som bidreg til grøn verdiskaping, er det avgjerande å prioritere utbetring av kraftnettet i Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Det var i fylkesutvalet torsdag 19. september at politikarane vedtok ei uttale til Statnett om å få fortgang i prosjekta for å bygge nye transformatorstasjonar på Grov i Florøområdet og på Stord i Sunnhordland. Hovudmålet er å få meir kraft tilgjengeleg for grøn næring. Ei framskunding av prosjekta vil i stor grad møte behova for auka kraftuttak i desse regionane, og utløyse eit stort potensial for grøn omstilling.
Essensielt for framtidas næringsliv
Vestland fylkeskommune meiner det ligg ein stor gevinst i å prioritere prosjekt i desse områda.
– For bedrifter som ønskjer å vere ein del av den grøne omstillinga, er tilgangen på rein energi ikkje berre eit spørsmål om miljøansvar, men òg ein forretningsmoglegheit. Det opnar for innovasjon i produkt og tenester, tiltrekkjer miljømedvitne kundar og investorar, og kan gi konkurransefortrinn i eit marknad som i aukande grad verdset berekraft. Difor er investering i infrastruktur som støttar fornybar energi, som nye transformatorar i kraftnettet, ikkje berre viktig, men essensielt for framtidas næringsliv og samfunnet si overgang til ein grønare økonomi, uttalar Askeland.
Viktig brikke for havvind
Det er store utfordringar knytt til mangel på nettkapasitet i Noreg, og spesielt i Vestland. Mange aktørar ynskjer tilgang på meir kraft, men får beskjed om at det ikkje er tilgang på meir utan store tiltak i kraftnettet.
– Ute ved kysten nord i fylket og ute ved kysten sør i fylket er det eit spesielt stort engasjement blant aktørar som meiner at deira behov kjem for langt bak i køen. Dette er stader der nettiltak vil vere relevante for havvindsatsinga til Noreg framover, seier Askeland.
Grov transformatorstasjon vil kunne bidra til å dekke det aukande kraftbehovet i Florøregionen, og vere ei viktig brikke i havvindsatsinga.
– Ei prioritering av prosjektet nye Grov transformatorstasjon vil løyse ut fleire gode prosjekt i regionen, samt gje eit tidsriktig tilknytingspunkt for sokkelen og havvind, medan Stord transformatorstasjon er kritisk for å fjerne barrierar for grøn utvikling i Sunnhordland, meiner Askeland.
Omsyn til natur må ivaretakast
I uttalen til Statnett skriv Vestland fylkeskommue at konsekvensar for natur og biologisk mangfald må bli grundig utgreidde i ein konsekvensutgreiingsprosess.
– Omsynet til natur og biologisk mangfald må ivaretakast gjennom grundige konsekvensutgreiingar og følgje av retningslinjer i fornybarplanen og klimaplanen. Dette er viktig for å oppretthalde berekraftige økosystem og for å sikre at vi etterlet ein levande og rik natur for framtidige generasjonar. Jo tidlegare ein slik prosess startar, dess betre kan vi identifisere og
implementere gode løysingar som balanserer utviklingsbehov med vern av miljøet, kommenterer Askeland.