Vil du bli naturforvaltar, veterinærassistent eller bonde?
Ved å velje naturbruksutdanning kan du bli både det og mykje anna.
– Det er viktig å støtte opp om og investere i desse utdanningane. Vi treng flinke folk i slike næringar for å møte framtidige utfordringar knytt til matproduksjon, miljøvern og økonomisk utvikling, seier Marianne Bugge i seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv i Vestland fylkeskommune.
Prosjekt for å auke interessa
Søknadsfristen for vidaregåande opplæring er 1. mars. Vestland fylkeskommune samarbeider med Statsforvaltaren i Vestland og Bondelaget om prosjektet Grøn utdanning i Vestland, som handlar om å auke interessa for naturbruk og dei grøne næringane.
Fire vidaregåande skule i Vestland tilbyr naturbruksutdanningar: Voss vgs., Sogn jord- og hagebruksskule, Mo og Øyrane vgs. og Stend vgs.
Hovudutval for opplæring la vekt på viktigheita av landbruket og utdanningstilbod innan landbruket då det justerte opplæringstilbodet for skuleåret 2023/24 i april i fjor.
Mange karrieremoglegheiter
Eit delmål i prosjektet er å synleggjere kva karriere som kan vente etter å ha gått naturbruksutdanning på vidaregåande. Og her spenner moglegheitene frå skog til biodrivstoff og litt til:
Bonde: Ansvarleg for drift og produksjon på gardsbruk, inkludert avlingssåing, dyrehold og driftsleiing.
Skogbruksteknikar: Arbeider med skogsforvaltning, planting, hogst, skogreising og skogsteknologi.
Agronom: Spesialist innan jordbruksteknikk, rådgjeving om plantedyrking, jordforvaltning og avlingsoptimalisering.
Miljøkonsulent: Jobbar med miljøforvaltning, berekraftig ressursbruk og implementering av miljøvenlege praksisar.
Naturrettleiar: Tilbyr guida turar og aktivitetar innan natur- og friluftsliv, undervisning og formidling av naturkunnskap.
Veterinærassistent: Assisterer veterinærar i stell, medisinsk behandling og førebyggande helsearbeid for dyr.
Landbruksrådgjevar: Gir fagleg rettleiing og rådgjeving til bondegardbrukarar og landbrukssamfunnet om driftsleiing, avlingsteknikkar og økonomi.
Naturforvaltar: Ansvarleg for forvaltning og bevaring av naturreservat, nasjonalparkar og andre naturområde.
Biodrivstoffteknikar: Arbeider med utvikling og produksjon av fornybare energikjelder frå biomasse, som biodrivstoff og biogass.
Biologisk forskar: Utfører forsking innan biologi, økologi og naturvitskaplege felt for å bidra til forståing av økosystem og artar.
I tillegg kan ein få generell studiekompetanse ved å velje naturbruksretninga, og dermed gå vidare til å studere nesten kva ein måtte ønskje.
Ungdomscamp og utdanningsmesse
Fylkeskommunen, Statsforvaltaren og Bondelaget har saman med dei vidaregåande skulane som tilbyr naturbruk hatt fleire aktivitetar for å få ungdom til å få opp auga for dei grøne utdanningane. Det har blant anna vore ungdomscamp på Førde vgs., avdeling Mo. Det er eit gratis tilbod for elevar i 8. og 9. klasse.
Eit anna populært tiltak er ein fellesstand på utdanningsmessa i Bergen. Her har fylkeskommunen saman med skulane, Felleskjøpet, Bondelaget og Statsforvaltaren hatt ein av om lag 90 standar i Grieghallen. Og i år som i fjor vart fellesstanden kåra til nest beste stand på heile messa. Standen var godt besøkt, og dei som kom innom fekk informasjon, smaksprøvar, delta i landbruksquiz, og sjekka om dei var sterke nok til å bli bønder.