8,5 millionar til trafikktryggingstiltak i fylket

No blir det meir fortau, rekkverk og gatelys langs vestlandsvegane. Trafikktryggingsutvalet har delt ut midlar til 18 kommunar som tek trafikktrygging på alvor.

Vinter og snø, ein snødekt gangveg svingar seg opp mot eit bustadfelt, svart rekkverk og gatelys langs gang- og sykkelstien.
TRYGGE MJUKE TRAFIKANTAR: I Austrheim har ein «krøttersti» blitt til universelt utforma gang- og sykkelveg med lys mellom kommunesenteret og det største bustadfeltet. Kommunen har fått tilskot over to år til ferdigstillinga. Foto: Austrheim kommune

Trafikktryggingsutvalet i Vestland deler ut tilskotsmidlar til trafikktryggingstiltak i kommunane kvart år. I 2024 blir det gitt midlar til 28 tiltak fordelt på 18 kommunar.

Born og eldre prioriterte

– Vi har prioritert tiltak som vil trygge mjuke trafikantar, særleg born og eldre, og tiltak som vil redusere risikoen for møte- og utforkøyringsulukker, seier Arve Helle, leiar i trafikktryggingsutvalet i Vestland.

Det er kommunane som har høve til å søke om slik støtte, både til kommunal og fylkeskommunal veg. Kommunane sit på viktig kunnskap om dei lokale utfordringane, og kvar det er behov for til dømes veglys og trygge kryssingspunkt.
Eit anna kriterium er at tiltaka skal ha enkle og kostnadseffektive løysingar som direkte medverkar til å auke trafikktryggleiken.

Mest til rekkverk og veglys

Tiltaka det blir søkt mest til er rekkverk og veglys, andre er fortau, trygging av kryssingspunkt med t.d. skilt og gang- og sykkelvegar. Summane varierer frå 40 000 til 1 million kroner. Dei største prosjekta er i Austrheim kommune med fortau og veglys på fv. 5502 ved Førland, og Voss herad med fortau på fv. 559 Hardangervegen-Brynalii. 
 
Det blir og delt ut midlar til hjartesoner, eit viktig tiltak fylkeskommunen samarbeider med Trygg Trafikk om. Dette er trafikksoner rundt skulane som gjer det sikrare for elevar å gå og sykle til og frå, med mindre biltrafikk og tryggare stopp- og hentesoner. Askøy og Sogndal kommunar får slike midlar til Træet skule og Norane oppvekstsener.

Premierer planmessig trafikktryggingsarbeid

– Alle kommunane som har søkt har ein oppdatert trafikktryggingsplan, eller er i prosess med ny plan. Dette er eit positivt teikn, det var søkt om mange gode tiltak og prioriteringane var krevjande, seier Helle.

Samstundes var det mange kommunar i fylket som ikkje leverte søknad. Det kom inn 65 søknadar frå 22 av dei 43 kommunane i fylket.

– Skal vi lukkast i måla om reduksjonar i tal drepne og hardt skadde i vegtrafikken må vi ha fleire kommunar med på laget og jobbe langsiktig, seier Helle.

Søknadsfristen til trafikktryggingsmidlar i 2024 var 1. februar.

Vegkryss i regnvêr, grå asfalt, vegen går rett fram, sving til venstre i forkant av bildet. Nytt, fint fortau langs vegen på begge sider, veglys.
TRYGGARE SKULEVEG: Voss herad har nytta tilskotsmidlar til trafikktryggingstiltak til fortau rundt Gullfjordungen skule, biletet under viser korleis det såg ut før tiltaket var bygd. Foto: Voss herad
Vegkryss med grå asfalt, mykje grus, manglande fortau på venster side, gamalt stygt fortau på høgre side.