Samla til toppmøtet One Ocean Summit

Statsminister Jonas Gahr Støre deltok då nasjonale og internasjonale krefter på høgt nivå diskuterte globale og tidskritiske utfordringar knytt til havet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på talarstolen i Håkonshallen under One Ocean Summit.
TOPPMØTE FOR HAVET: One Ocean Summit samla ekspertise frå både Noreg og resten av verda for å sjå korleis vi kan jobbe saman for havet i åra framover. Statsminister Jonas Gahr Støre deltok, og meiner dette er eit område der det internasjonale samfunnet er i stand til å jobbe saman. (Foto: Ole Henning Bøe)

Formålet med havtoppmøtet var å diskutere og belyse korleis vi kan jobbe saman for det havet vi treng for å få den framtida vi ønskjer, i tråd med FN-tiåret for havforsking for berekraftig utvikling. 

One Ocean Summit var i Håkonshallen 15. april. 

Optimistisk på vegner av havet 

– Når det gjeld havspørsmål har eg sett nokre lys av optimisme, på den måten at vi har vore i stand til å jobbe med nokre svært vesentlege spørsmål, i ei tid der mange internasjonale prosessar bryt saman, sa statsminister Jonas Gahr Støre i opningsinnlegget sitt. 

Fylkesordførar Jon Askeland, statsminister Jonas Gahr Støre og ordførar i Bergen, Marit Warncke på første rad under One Ocean Summit i Håkonshallen.
Fylkesordførar Jon Askeland, statsminister Jonas Gahr Støre og ordførar i Bergen, Marit Warncke, følgde havtoppmøtet frå første rad i Håkonshallen. (Foto: Ole Henning Bøe)

Han trur det er mogleg for det internasjonale samfunnet å foreine seg oss omkring viktige problemstillingar som gjeld havet. 

– FNs klimakonferanse COP Dubai i 2023 peika i ei retning som var overraskande konstruktiv samanlikna med forventningane, sa Støre og trekte fram grøn shipping som eit område der utviklinga er positiv.  

Bransjen er i ferd med å gjere viktige forpliktingar for framtida. Dette gjeld mellom anna spørsmål om kva energi dei skal nytte, måten dei skal segle på og korridorane skipa skal segle i. 

Eit sunt og berekraftig hav 

Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth deltok også, saman med representantar frå forsking, industri, næringsliv, sivilsamfunn og ungdom. Arrangementet blei arrangert av Bergen kommune og Vestland fylkeskommune.

– Som fylkesordfører er eg stolt over igjen å ønske velkomen til One Ocean Week i havbyen Bergen, i hav- og eksportfylket Vestland! For andre år på rad inviterer vi verda til eit imponerande utval av arrangement, frå konferansar og workshops til kulturelle og kunstnariske bidrag, sa fylkesordførar Jon Askeland, som også er styreleiar for One Ocean Havbyen Bergen. 

Fylkesordførar Jon Askeland og ordførar i Bergen, Marit Warncke, på scena i Håkonshallen.
Vestland fylkeskommune og Bergen kommune arrangerte havtoppmøtet One Ocean Summit saman. Fylkesordførar Jon Askeland og ordførar i Bergen, Marit Warncke, ønskte velkomen til konferansen. (Foto: Ole Henning Bøe)

Fylkesordføraren opna konferansen saman med ordførar i Bergen, Marit Warncke.

– Dette arrangementet vil framheve viktigheita av globalt samarbeid ved å samle representantar frå heile verda for å diskutere, og adressere, moglegheiter og utfordringar havet står overfor, sa bergensordføraren. 

Hav og helse 

Ein av mange postar på programmet i Håkonshallen dreidde seg om havet og menneska si helse. Ein ny artikkel som Havpanelet lanserte i Barcelona førre veke, viser samanhengen mellom havhelse og menneska si helse. Ein nedgang i havhelsa vil også påverke levebrødet til folk rundt om i verda.  

Dei unges havpanel

Eit anna høgdepunkt på One Ocean Summit var presentasjonen av Dei unges havpanel. Inspirert av Det internasjonale havpanelet går innverknadsrike unge stemmer frå heile verda no saman. Dei skal jobbe i samsvar med FNs berekraftsmål og FNs havtiårs utfordringar og resultat, for å oppnå havet vi ønskjer innan 2030.  

Onsdag 17.april klokka 17 deltar dei unges havpanel i debatt der dagens leiarar og beslutningstakarar blir utfordra. 

Opptak av One Ocean Summit

Sjå One Ocean Summit i opptak One Ocean Week - 15. april One Ocean Summit