Ny praktskule opna på Askøy

– Vi er glad, stolt og begeistra. Dette er ein fantastisk skule, seier fylkesordførar Jon Askeland. 29. august opna han den flunkande nye Askøy vidaregåande skule.

To personar med kake
TO ORDFØRARAR: – Den nye skulen er det beste vi kan bygge i heile verda, seier fylkesordførar Jon Askeland. – Eg trur det blir meir attraktivt for askøyungdommen å få utdanning her, seier ordførar Yngve Fosse. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Etter ein byggeperiode på tre år står den nye praktskulen klar til bruk. Eit nybygg på 14 000 kvadratmeter og eit rehabilitert teoribygg i den gamle skulen på 4 500 kvadratmeter utgjer den nye skulen. Elevtalet aukar frå i underkant av 500 til 720. Men inntil 1020 elevar kan få plass. 775 millionar kroner har Vestland fylkeskommune brukt.

Elevar på verkstad.
– Det er veldig bra miljø her, seier Joachim Thormundsen (f.v.), Leon Mjøs, Jon Andre Sture, Nicholas Gundegjerde, Emeline Heggøy og Hedda Langsæter, alle elevar på vg2 industriteknologi. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Rører oss

– Å innvie nye skulebygg er noko av det som rører oss mest. Dette er noko av det største vi får oppleve og vere del av. Det er det aller mest framtidsretta vi kan drive med. Og det har mykje å seie for Askøy og dei som bur her. No startar eit nytt kapittel for Askøy. Det er stort for meg å vere med her i dag, seier Askeland.

Skulen er bygd på Myrane der også kommunen er sterkt inne med både ungdomskule, barnehage og idrettsanlegg.

Personar med lang snor
Det var ingen tradisjonell snorklipp, men gjenbruk av snora som opna kultursalen i mars. Og den vart knytt opp av fylkesordførar Jon Askeland, godt hjelpt av Hermann Deinboll Wiegand, som er elev ved skulen og dei tilsette Petter Tønjum, Linda Aase og Wenche Hopland. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Sterkt og kompakt kunnskapsmiljø

– Det som finst her, er det sterkaste og mest kompakte kunnskapsmiljøet vi har i heile fylket. Det er ein gigantisk kunnskapsarena vi har skapt. Den nye skulen er det beste vi kan bygge i heile verda, og vi har råd til å bygge slike hus. Og den er verd kvar ein krone den kosta å bygge. Dette er det største fylkeskommunale løftet på Askøy sidan Askøybrua. No kan Askøy sjå trygt framover, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Jente og mann på gitar
Under opninga fekk vi flott song av Berlyn Lux Kleppestø-Alfredsen som er elev ved skulen og som vann talentkonkurransen på Askøy. Andreas Hammersvik, akompagnerte på gitar. Han jobbar på skulen. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Kombinasjonsbruk

Den nye skulen er bygt i samarbeid med Askøy kommune, som har fått kultursal og lokale til vaksenopplæringa. I tillegg bygger kommunen ein stor idrettshall like ved, med to handballsalar, to symjehallar og ein klatrevegg. Den skal stå ferdig våren 2026.

– Vi er kjempenøgde med skulen og kultursalen. Kombinasjonsbruken er viktig for oss. Det er flotte læringsareal for ungdommane og flotte arbeidsforhold for dei som jobbar her. Eg trur det blir meir attraktivt for askøyungdommen å få utdanning her. Vi kan kanskje lokke ungdom frå byen til å gå her. Det er målet, seier ordførar Yngve Fosse på Askøy.

Mann og tre
Fylkesordførar Jon Askeland planta ein ask som tuntre på skulen. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Asken Yggdrasil

Under opninga planta fylkesordføraren eit tre på skuletunet.

– Dette er ein ask. Den var heilt spesiell i norrøn mytologi. Greinene spreidde seg over heile himmelen og røtene vaks rundt heile jorda. Dette treet, Yggdrasil, skal ta vare på alle på skulen. Greinene skal strekke seg så langt at dei som er på skulen, skal nå draumane sine, seier Askeland.

Under opningsseremonien inne underheldt Berlyn Lux Kleppestø-Alfredsen med song. Ho er elev ved skulen og vann talentkonkurransen på Askøy. Ho vart akkompagnert på gitar av Andreas Hammersvik, som jobbar på skulen.

Eit anna musikalsk innslag var med Bjørn Tore Bystrøm som spela komposisjonen Kantslått på gitar. Han jobbar i Askøy kommune.

Tre jenter ved bord
– Askøy har den beste skulen, seier Ingrid Kilhus (f.v.), Xiomara Gutlerrez og Mille Marie Helgesen Haugland. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Heilt perfekt

Elevane er svært nøgde med den nye skulen.

– Det er ein fin skule. Den er betre enn før. Og miljøet er veldig bra. Vi er 15 elevar i klassen, og det er heilt perfekt, seier Joachim Thormundsen, Leon Mjøs, Nicholas Gundegjerde, Emeline Heggøy, Hedda Langsæter, og Jon Andre Sture. Dei går på vg2 industriteknologi og har framtidsplanane klare.

– Vi skal offshore, ut i Nordsjøen!

Fire personar ved sidan av kvarandre
Fire rektorar på Askøy vidaregåande skule samla på eitt brett: Geir Jakobsen, (f.v.) ny i jobben, Oddvar Skråmestø, som har vore rektor sidan 2017 og hadde siste arbeidsdag på opningsdagen, Sigrid Hiller, som var rektor frå 2005 til 2010 og John Ivar Solvik, som har nesten 40 år på skulen og var rektor frå 1987 til 2005. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Ønskjer idrettslinje

Oddvar Skråmestø hadde siste dag som rektor denne opningsdagen.

– Vi har eit ønskje. Det er å få idrettslinje. Det står høgt på ønskelista. Idrettsrådet på Askøy og det samordna idrettsmiljøet vil ha idrettslinje. Dette skal bli ei allidrettslinje som ikkje er spesialisert på fotball eller anna. Men dei som går på linja, kan vere aktive for idrettslaget sitt, slik at dei ikkje sluttar, men skal kunne halde fram. Ei slik linje kan trekke dei litt eldre elevane tilbake til barne- og ungdomsidretten, og befeste Askøy vidaregåande skule sin plass i sitt eiga lokalsamfunn, seier rektor Oddvar Skråmestø.

To personar
Nøkkeloverrekking frå fylkesordførar Jon Askeland til rektor Oddvar Skråmestø. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Tatt varmt imot

Ny rektor på Askøy vidaregåande skule er Geir Jakobsen. Han kjem frå Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule.

– Det er fantastisk å kome her og overta denne utruleg flotte skulen. Dette er ein mykje større og nyare skule enn den eg kjem frå. Eg er imponert over kor fint og flott det er her. Vi har veldig godt og fint personale. Eg er blitt varmt og godt mottatt og ser fram til å jobbe her. Ei utfordring blir å stoppe elevflukta til Bergen, seier rektor Geir Jakobsen.

To jenter
– Vi har fått ein veldig grei og fin skule, seier Leah Sørensen Villanger (t.v.) og Linnea Ådlandsvik Johnsen. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Ny start

Direktør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, Bjørn Lyngedal, er stolt.

– Det er utruleg kjekt å få vere med her i dag. Det er ikkje kvar dag og ikkje kvart år vi opnar nye skular. Den gamle hadde sin tradisjon. Dette er noko heilt nytt. Det er ein ny start for skulen. Askøy har fått ein av dei finaste skulebygningane vi har, seier Bjørn Lyngedal.

Mann med gitar
Under opninga spela Bjørn Tore Bystrøm ein kantslått på gitar. Han jobbar i Askøy kommune. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Alle er greie

Leah Sørensen Villanger går vg1 på helse og oppvekstfag, mens Linnea Ådlandsvik Johnsen går vg1 på studiespesialisering.

– Vi likar oss her. Det er ein veldig grei og fin skule. Vi er veldig nøgde. Både elevar og lærarar er greie, seier Leah Sørensen Villanger og Linnea Ådlandsvik Johnsen.

Jente med elskap
– Det er gøyast å vere på verkstaden, seier Sarah Rottman som er i ferd med å montere eit elektroskap. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Fine arbeidsplassar

På elektroavdelinga er Sarah Rottman i ferd med å montere eit elektroskap. Ho går på vg2

– Eg likar godt å vere på verkstaden. Det er det gøyaste på skulen. Vi har fått mykje nytt utstyr, fine arbeidsplassar og større skule. Eg likar meg her, seier Sarah Rottman.

På fysikkrommet underviser Tore Hovland.

– Det er kjempemoro å vere her. Alt er nytt. Det er enklare å få ting bra til når vi har mykje nytt verktøy. Det er blitt enklare å ha god undervising i nytt klasserom for fysikk og naturfag, seier fysikklærar Tore Hovland.

Personar i rom
Omvising på den nye skulen: Direktør Bjørn Lyngedal (f.v.), fylkesordførar Jon Askeland, leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse, Åsmund Berthelsen, fylkesvaraordførar Stian Davies og ordførar på Askøy Yngve Fosse. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Dei fleste på Askøy vil gå her

I eit grupperom på helse- og oppvekst jobbar tre elevar saman.

– Dette er ein veldig bra skule. Vi har godt miljø og fine folk å vere med. Kantina er fin. Vi får god mat og panini-brød. Askøy har den beste skulen. Dei fleste unge her vil gå på Askøy vgs. Den ligg perfekt til. Det har mykje å seie at skulen er ny. Det er fint, men vi bryr oss mest om dei som er her, seier Ingrid Kilhus, Xiomara Gutlerrez og Mille Marie Helgesen Haugland.

Personar i klasserom
Omvising på helse- og oppvekstfag med avdelingsleiar Åse Stensland. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Siste nye på marknaden

Avdelingsleiar Åse Stensland viser rundt på helse og oppvekstfag. Mellom anna har dei eige undervisingsrom for velferdsteknologi.

– Vi må ha oversikt over det siste, nye utstyret som er på marknaden innan velferdsteknologi, slik at vi kan informere brukarar og pårørande. Dei kan kome hit og få demonstrasjon av utstyret, seier Åse Stensland. Ho har og stilling på høgskulen og knyt dei to skulane saman

Person utanfor rom
– I dette rommet får elevane sansestimulering og avspenning, seier Petter Tønjum, avdelingsleiar for tilrettelagt opplæring. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Meistringsverkstad

Petter Tønjum er avdelingsleiar for tilrettelagt opplæring.

– Vi har 16 elevar inndelt i to grupper. Dei får arbeidstrening på helse og oppvekst og på bygg og anlegg. Vi har mellom anna ein meistringsverkstad med tresløyd og trearbeid. Vi har og stort kjøken og vaskeri. Og for dei elevane som har behov for det, har vi eige rom for sansestimulering og avspenning. Det er heilt nytt, seier Petter Tønjum.

Personar i klasserom
– Det er enklare å få ting bra til når vi har mykje nytt, seier fysikklærar Tore Hovland som orienterer under omvisinga på den nye skulen. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Underviste i garasje

Heidi Willesvik er avdelingsleiar på TIF og Bygg og anlegg.

– Eg er storfornøgd. Vi har fått ein veldig fin skule. Dette er noko heilt anna enn den gamle. VI har større vindusflater, høgt under taket og mykje luft og mykje lys. For 20 år sidan underviste eg i ein garasje. Dette er noko heilt anna.

Fire personar på verkstad.
– Ungdommen her er veldig fin, seier Heidi Willesvik, avdelingsleiar for TIF og Bygg og anlegg under omvising på verkstaden. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Før kom elevane på traktor

Willesvik var lærar i 20 år og vart avdelingsleiar i fjor. Ho har merka endringane i skulen.

– Då eg byrja som lærar i Os, kom elevane på skulen på traktor og var vane med å skru og bygge ting heime med foreldra. I dag har dei ikkje den erfaringa. No må vi starte heilt frå starten. Mange er litt skeptisk til ting dei ikkje har jobba med før. Men ungdommen her er veldig fin. Dei som ikkje likar ungdommar må komme her, seier Heidi Willesvik.

Mann i sal
– Denne typen kultursal er den beste i sitt slag i regionen, seier kultursjef på Askøy, Marius Fevang Thorstensen. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Starta i tyskarbrakkar i Bakarvågen

To tidlegare rektorar på Askøy vidaregåande skule deltok på opninga.

– Det er ein fantastisk ny skule. Det er nesten ikkje til å tru. Eg byrja på skulen i 1968 med tyskarbrakkar i Bakarvågen, med fem lærarar og 60 elevar. Det har vore ei enorm utvikling frå den tida: Frå 60 til 720 elevar og frå tyskarbrakkar til dette. Det er lett å bli imponert, seier John Ivar Solvik som var rektor frå 1987 til 2005. Han hadde vore nesten 40 år ved skulen då han gjekk av.

Men starten på skulen var alt i 1965 i Bakarvågen. Det var ei avdeling av Norheimsund yrkesskule. Denne filialen starta med 28 elevar på yrkesfag. I 1977 kom studiespesialisering på Myrane og på 1990-talet vart heile skulen samla der.

Mann i rom
Geir Storrø, leiar av Amatørkulturrådet Askøy, er glad for dei gode vilkåra for korpsmusikken i den nye kultursalen. Her er det mellom anna plass til den store trommeriggen som korpsa brukar. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Overveldande

Sigrid Hiller var rektor i sju år frå 2010 til 2017.

– Skulen er fantastisk og overveldande. Det er ikkje anna å seie. Men det eg synest er aller mest flott og set pris på, er at gamlebygget er rehabilitert. Vi har fått eit nytt bygg, samstundes som det gamle er ivaretatt, seier tidlegare rektor Sigrid Hiller.

To personar og bilete
Direktør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, overrekte gåva, eit bilete, frå fylkeskommunen til skulen, ved rektor Geir Jakobsen. Det vil få plass i kantina. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Den beste i regionen

Kultursjef på Askøy, Marius Fevang Thorstensen, er glad for sambruket mellom skule og kultursal.

– Vi har fått eit fantastisk hus og ein utruleg bra skule. Denne typen kultursal er den beste i sitt slag i regionen. Vi starta planlegginga i 2016 i samarbeid med fylkeskommunen, først auditorium, så vart det kultursal. Dette er den einaste i sitt slag her på øya. Vi håpar at salen blir brukt veldig mykje, seier kultursjef Marius Fevang Thorstensen.

Mann i rom
Leiar av Amatørkulturrådet Askøy, Geir Storrø, i det temperte rommet med eit Steinway flygel til 1,8 millionar kroner. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Vi har venta lenge

Geir Storrø er leiar av Amatørkulturrådet Askøy og også Vestland kulturråd. Han er stolt over kor populær kultursalen er blitt.

– Vi opna 10. mars. Fram til midten av juni har vi hatt 70 arrangement i salen, med eit publikum på 10 000 og 500 på scena, seier Storrø som jobbar for at det frivillige kulturlivet skal få gode vilkår.

– Vi har venta lenge på dette. Vi hadde første møte med Askøy kommune i 1997. Vi er svært nøgde med kultursalen, at vi har fått eit Steinway flygel, modell C, det nest største, til 1,8 millionar kroner, eige temperert romt til det og rom til stor slagverksrigg for musikkorpsa. Men vi skal framleis jobbe for å få på plass eit kulturhus.

Bygningar ute
Nybygget til høgre og den rehabiliterte gamleskulen bak til venstre. Heilt til venstre er den nye idrettshallen under bygging. Den opnar i 2026. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Må erstatte parkering med kulturhus

Geir Storrø meiner kulturhuset må byggast på Kleppestø.

– Eg plar seie at vi har ein stor parkeringsplass sentralt på Kleppestø der bilane har flott utsikt. Denne store parkeringsplassen må bli brukt til noko fornuftig. Bilane må bli flytte inn i fjellet, slik at vi får utvikle Kleppestø både for næring, bustad og kultur, seier Geir Storrø, leiar av Amatørkulturrådet Askøy.

Bygning utvendig
Den nye skulen og kultursalen er eit samarbeid og sambruk mellom Vestland fylkeskommune og Askøy kommune. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune