Meiner Aktive Gamere bør bli nasjonalt senter for dataspel
Fylkesutvalet ber Kultur- og likestillingsdepartementet gje det regionale kompetansesenteret i Vestland nasjonal status.

– Vi meiner miljøet rundt Aktive Gamere er den soleklart beste kandidaten når det no skal opprettast eit nasjonalt senter for dataspel. Senteret har gjennom fleire år no opparbeidd seg både erfaring og kompetanse, som vi meiner er heilt sentralt for eit nasjonalt senter, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Initiativ frå regjeringa
Fylkesutvalet kom med innspelet i møtet 4. april, då dei vedtok ei høyringsfråsegn om lokalisering av nasjonalt ressurssenter for dataspel. Høyringsinnspelet kjem etter at Norsk filminstitutt, Kulturtanken og Medietilsynet har bedt om innspel til arbeidet.
Dette er igjen eit resultat av regjeringa sin dataspelstrategi 2024–2026. Strategien seier blant anna seier at det skal opprettast eit nasjonalt kompetansesenter for dataspelkultur under Norsk filminstitutt (NFI), i samarbeid med Kulturtanken og Medietilsynet.
Utvikling og innovasjon i sentrum
Med forslaget sitt om å gjere Aktive Gamere til eit nasjonalt senter, går fylkesutvalet mot det regjeringa har sagt om at senteret skal liggje under Norsk filminstitutt.
– Vi er uroa for at eit senter på innsida av filminstituttet ikkje vil kunne bidra tilstrekkeleg til nyskaping, innovasjon og tverrfagleg samarbeid. Eit nasjonalt senter må sjå utover og bidra til utvikling. Det får vi til gjennom gode samarbeid med fleire aktørar innan offentleg, frivillig og privat sektor, slår Askeland fast.
Aktive Gamere
Aktive Gamere er utvikla av Idrettsklynge Vest, som er sett saman av Vestland fylkeskommune, Vestland idrettskrets, Bergen kommune, Helse Bergen, Olympiatoppen Vest, Sportsklubben Brann, Høyskolen på Vestlandet og Universitetet i Bergen.
Nokre av oppgåvene til senteret er å hjelpe organisasjonar, foreldre og spelarar i møte med store og små spørsmål om gaming og e-sport. Det tilbyr også trenarutdanning på ulike nivå, og gir tips til korleis skape gamingaktivitet med helse og trivsel i sentrum.
– Idrettsklynge Vest og Aktive Gamere har i samarbeid med Vestlandet e-sport lagt ned eit stort arbeid over tid. I tillegg har vi e-sportstrategien til Vestland fylkeskommune, som var den første i sitt slag i landet. Miljøet i Vestland er heilt i front på utviklinga på området og bør få bidra også nasjonalt, avsluttar fylkesordføraren, som også er styreleiar for Idrettsklynge Vest.