Kronprinsregent Haakon imponert av Amalie Skram vidaregåande skule

Kjeldekritikk, kunstig intelligens, inkludering og internasjonalisering var på programmet då kronprinsregent Haakon besøkte Amalie Skram vidaregåande skule.

Kronprins Haakon kledd i dress snakker med to personer
TID TIL KAFFI: Kronprinsregenten fekk smake på kaffien frå den elevdrevne kaféen Kaffe diem. (Foto: Martin Magnussen/Vestland fylkeskommune)

Bergen viste seg frå si mest solfylte side då kronprinsregent Haakon tok turen til Vestlandet. Kronprinsregenten hadde to stopp på besøket sitt, og elevar frå vidaregåande skuler i Vestland stod i sentrum.

Skule med søkjelys på inkludering og internasjonalisering

Kronprinsregent Haakon blei tatt i mot på Amalie Skram vgs. av rektor Lars Berntsen og assisterande rektor Marie José Sanchez Olsen medan spente elevar fylgde med.

– Takk for at kronprinsen har tatt med seg finvêret frå Oslo, sa Berntsen til stor latter frå kronprins Haakon.

Amalie Skram vgs. er den største skulen i Vestland, med over 1000 elevar. Skulen jobbar mykje med inkludering og internasjonalisering. Kvart år drar blant anna over 200 elevar på vg2 på utvekslingstur til utlandet.

Kronprinsregenten fekk høyre om korleis skulen jobbar med samarbeid på tvers av landegrenser, og om fleire av dei inkluderande skuleaktivitetane som både skulen og elevrådsstyret arrangerer. Skulen har blant anna ei fadderordning ved skulestart som gjer det lettare for nye elevar å finne seg til rette på skulen, gratis frukost og er open frå klokka 6 om morgonen til 21 på kvelden 360 dagar i året.

Skuleelevar som står i fleire etasjar.
Kongeleg besøk er ikkje kvardagskost for elevane på Amalie Skram vgs. (Foto: Martin Magnussen/Vestland fylkeskommune)

KI og kjeldekritikk

Vestland fylkeskommune har satsa stort på å auke kompetansen om kunstig intelligens (KI) blant lærarar og elevar, og finne gode løysingar for korleis vi kan nytte KI i skulen. Elevane på linja informasjonsteknologi og medieproduksjon fekk vise kronprinsregenten korleis dei arbeider med KI og kjeldekritikk.

Kronprins Haakon lytta nysgjerrig og stilte mange spørsmål til elevane. Blant anna lurte han på korleis elevane så for seg KI i framtida, og om kva for ein KI som er best.

Kronprinsen hilser på elever som står på en rekke.
Kronprinsen tok seg tid til å helse på og stille spørsmål til elevane som jobbar med KI. (Foto: Martin Magnussen/Vestland fylkeskommune)

«Jakten på sannheten»

Før kronprinsregenten besøkte Amalie Skram vgs., stod ein tur til Bergen Offentlige Bibliotek si interaktive utstilling «Jakten på sannheten» på programmet. Kronprinsregenten deltok på eit «spel» saman med elevar på vidaregåande skuler. Utstillinga er eit samarbeid mellom Bergen Offentlige Bibliotek og Tenk, faktisk.no sin ungdomssatsing. Den interaktive utstillinga tar blant anna for seg KI og algoritmar, og gir ungdommane verktøy for å avsløre aktørar med ulike agendaer.