Har pussa opp historisk undervisningsbygg 

Å bevare den arkitektoniske sjela samtidig som bygget skal halde dagens standard, har vore målet når “Gulebygget” i Ulvik no er totalrenovert. 

foto av bygning
GAMALT BYGG ER BLITT NYTT: Vestland fylkeskommune har nyleg avslutta ein omfattande totalrehabilitering av Gulebygget ved Hardanger produksjonsskule i Ulvik. Målet har vore å bevare den arkitektoniske sjela samtidig som ein rustar bygget opp til dagens standard. (Marek Czarniecki, Vestland fylkeskommune)

– Det nye Gulebygget er eit flott restaurert bygg som gir nye moglegheiter for dei som ønskjer å ta høgare yrkesfagleg utdanning, og ein ny sjanse for dei som slit på skulen. Alt dette på vakre Hjeltnes her i Ulvik, seier fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies, som fekk æra av å opne bygget torsdag. 

Foto av Hardanger produksjonsskule i Ulvik
FLOTTE OMGJEVNADER: Hardanger produksjonsskule ligg i Ulvik i Hardanger. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Gulebygget er ein del av Hardanger produksjonsskule i Ulvik i Hardanger, og er lokalisert på ein gamal hagebruksskule med aktiv landbruksproduksjon. Skulen starta opp i august 2018, og er eit tilbod til unge mellom 16 og 21 år, som ikkje er i ordinær opplæring. Her bur ungdomane på skulen og tek del i praktiske aktivitetar. Målet er tilbakeføring til skule, lære eller arbeid, og det er i dag løpande inntak og utskriving med internatplassar til 28 samtidige ungdommar.  

foto av mann som står foran lerret og snakkar
GLAD: – Vi har fått ein heilt ny arbeidskvardag i nye kontor og topp moderne undervisningsrom tilpassa dei behova me har i dag, og dei me ser for oss å få i framtida, seier Håkon Gjerde, avdelingsleiar ved Hardanger produksjonsskule. (Foto: Marek Czarniecki, Vestland fylkeskommune)

Tradisjon foreina med teknologi 

Vestland fylkeskommune har nyleg avslutta ein omfattande totalrehabilitering av Gulebygget, der målet har vore å bevare den arkitektoniske sjela, samtidig som ein rustar bygget opp til dagens standard. I denne ambisiøse prosessen vart skifertaket ikkje berre reparert, men òg supplert med ny skifer for å sikre lang levetid. Alle vindauge fekk ei oppgradering med nye, energieffektive alternativ som speglar det opphavlege designet, ei hyllest til fortida med blikket retta mot framtida. 

Foto av bygning og natur
ORIGINALE EIKEDØRER: Dei originale eikedørene, inkludert hovudinngangen og to sideinnganger, vart omhyggeleg restaurerte og moderniserte med automatikk. (Foto: Marek Czarniecki, Vestland fylkeskommune)

Dei originale eikedørene, inkludert hovudinngangen og to sideinngangar, vart omhyggeleg restaurerte og moderniserte med automatikk, noko som foreiner tradisjon med teknologi. Auditoriet, ein arv frå Stord vidaregåande skule, har funne nytt liv her, saman med eit heilt nytt ventilasjonsanlegg og oppgraderte tekniske installasjonar. 

foto av auditorium i skulebygg
ARV: Auditoriet i Gulebygget er ein arv frå Stord vidaregåande skule. (Foto: Marek Czarniecki, Vestland fylkeskommune)

To skular under same tak 

Gulebygget står no gjenfødt, klart til å huse både Hardanger produksjonskule og Fagskolen Vestland, som eit strålande døme på korleis historie og framtid kan foreinast under same tak. 

–Tusen takk til alle som har bidrege for å få dette store prosjektet realisert, i tillegg til fleire mindre rehabiliteringar i fleire andre bygg. Dette er ein stor og god dag på Hjeltnes som markerer fylket sin vilje til å satse på skulen, både for ungdommane i produksjonsskulen, elevane i vaksengartnarklassane og ikkje minst studentane i fagskulen, uttalte Håkon Gjerde, avdelingsleiar ved Hardanger produksjonsskule under opninga torsdag. 

foto av klasserom i skulebygning
FRÅ LAGER TIL KLASSEROM: Gulebygget har sidan årtusenskiftet berre vore i bruk i kjellaren. No er heile bygget totalrenovert med blant anna nye klasserom (Foto: Marek Czarniecki, Vestland fylkeskommune)

Framtidsretta og berekraftig 

For å imøtekomme alle brukarar, vart bygget utstyrt med ein løfteplattform og handikaptoalett, og oppfyller no dei strenge krava til universell utforming. Dette sikrar at Gulebygget står klart til å ønske kvar einaste besøkande velkomen med opne armar. Energiøkonomi har òg vore sentralt, med tilleggsisolering av veggar og himling som vitnar om ein framtidsretta tankegang rundt miljø og berekraft. Ei betydeleg oppdatering av avløpssystemet, med epoxyfora røyr, lovar ein infrastruktur som varer. 

foto av trapp i gamal bygning
BEVART: Gulebygningen har gjennomgått ei total renovering utan at det har gått ut over det arkitektoniske uttrykket. Trappegangen har framleis eit historisk sus over seg. (Foto: Marek Czarniecki, Vestland fylkeskommune)

Heilt ny arbeidskvardag 

Berre kjellaren i Gulebygget har vore i bruk sidan årtusenskiftet, medan resten av bygget har fungert som lager.  

– Når bygningar ikkje er i bruk vil dei forfalle, og jo lengre ein let den prosessen gå, jo større vert etterslepet og kostnadane for å få dei tilbakeført. Gulebygningen har gjennomgått ei totalrenovering utan at det har gått ut over det arkitektoniske uttrykket. Både i kontoravdelinga i 2. etasje og undervisningsromma i 1. etasje har eit roleg og stille miljø som er godt å arbeide i. Vi har fått ein heilt ny arbeidskvardag i nye kontor og topp moderne undervisningsrom tilpassa dei behova vi har i dag, og dei vi ser for oss å få i framtida, seier Gjerde.